Slår alarm i Venezia: No har turistane fleire senger enn lokalbefolkninga

Den italienske byen vert stadig meir overteken av turistar. Unesco meiner verdsarven til byen kan vere svært truga.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst no 49.693 hotellsenger og andre overnattingssenger for turistar på hovudøya i Venezia. Samstundes er lokalbefolkninga på 49.304.

Den italienske byen har mista over 70.000 innbyggarar dei siste 70 åra. Masseturisme er ein viktig del av forklaringa. Overturismen og effektane av klimaendringane er så drastiske at Unesco meiner byen er i fare for irreversible konsekvensar. Unesco skal no behandle eit forslag om å legge byen på svartelista over verdsarv som står i fare for å gå tapt.

– Vi føler oss som framande i vår eigen heim, for når vi går langs gatene er vi ein minoritet, fortel aktivist Matteo Secchi til The Guardian.

Secchio leier Venessia.com, ei aktivistgruppe som kjempar for å ta vare på arven til Venezia, og held oversikt over befolkningsnivået i det historiske senteret.

Piazza San Marco i Venezia. Foto: Erik Törner

– Manglar strategisk tenking

Byen kunngjorde i sommar at dei vil introdusere ein inngangsavgift på 5 euro for dagsturistar til neste år. Målet er å frårå dagsturistar til å reise til byen. Dei lokale styresmaktene har tidlegare bannlyst store cruiseskip frå byhamna.

Unesco, FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon, meiner likevel at Italia ikkje har gjort nok for å takle problemstillinga Venezia står overfor, mellom anna på grunn av mangel på overordna strategisk tenking.

– Effektane av den kontinuerlege forverringa på grunn av menneskeleg innblanding, inkludert vidare utvikling, påverknaden av klimaendringar og masseturisme, trugar med å forårsake irreversible endringar av den eineståande universelle verdien av staden, skriv Unesco i ein uttale. 

Trykk på styresmaktene

Også aktivist Matteo Secchi meiner styresmaktene ikkje gjer nok. Han hevdar at ei inngangsavgift vil gjere byen til ein fornøyelsespark, og meiner ein må gjere større grep for å regulere turiststraumen.

– Å bli sett på farelista til Unesco vil kanskje strø litt pepper på styresmaktene for å få dei til å gjere meir, seier han til The Guardian.