Turist-dilemmaet: – Vi må ikkje øydelegge naturen for å få meir turisme

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

– Eg meiner det er viktig å behalde det unike vi har her. Vi må ikkje berre tenke profitt og industri. Vi må plassere oss på utsida, seier Andreas Apostolakos (31).

Heilt nord i Egeerbukta, nær grensa til Tyrkia, ligg den greske øya Samothraki.

Der greske øyer flest er kjende for milelange gule strender, kvitvaska gater og krystallklart vatn, er Samothraki ein annan stad. Folk kjem ikkje her for å drøyme seg vekk blant luksus og paraplydrinkar. Øya er populær blant turistar frå både inn- og utland som søker eit alternativt tilvære og kontakt med naturen den frodige øya har å by på.

Samothraki er ei av dei mindre kjende greske øyene. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ikkje mange bur fast på øya. Ein av dei fastbuande er Andreas Apostolakos. Med familien på laget driv han Samothraki Mikrobryggeri.

Familien flytta frå Aten for å flykte frå den hektiske livsstilen i hovudstaden. Dei søkte noko avslappande og roleg.

– Vi fekk ikkje noko hjelp frå styresmaktene i det heile. Det tok oss fire år før vi kunne byrje å brygge øl, fortel Andreas.

Hellas har ikkje særleg tradisjon for øl, og dei fastbuande på den litt bortgøymde øya, er gjerne litt tradisjonelle i tankegangen. Pale Ale og IPA er framandord for dei. Difor er bryggeriet heit avhengig av turistar for å ha livets rett.

I tillegg til å selje direkte frå bryggeriet kan turistane kjøpe ølet i dei fleste butikkar og serveringsstader på øya. Andreas gir også omvisingar til dei som ønsker.

– Turistane ønsker å prøve noko annleis og noko lokalt. Dei kjøper ølen vår, fortel Andreas.

Andreas Apostolakos (t.h.) driv mikrobryggeriet på den vesle øya. Verksemda har fem beskjedne tankar som dei brygger i. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Viktig industri

Turismen har vorte ein svært viktig industri i Hellas. I toppåret 2019 var det 34 millionar internasjonale turistar i landet, og etter to tunge korona-år er turistane på veg tilbake for fullt. Den vesle øya Skopelos har vore ein populær destinasjon heilt sidan Mamma Mia!-filmen – som vart filma der – kom ut i 2008. Tusenvis av folk trenger seg saman i fjellsida på Santorini for å ta Instagram-bilete av solnedgangen, kvar kveld gjennom turistsesongen. Kreta, Mykonos, Rhodos og andre øyer trekker til seg store mengder turistar.

Også Fastlands-Hellas lokkar folk til seg. Særleg Aten, med sine mange arkeologiske attraksjonar, er blant dei mest populære reisemåla i landet.

Tempelet Parthenon på Akropolis i Aten er ein av dei mest populære turistattraksjonane i landet. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Hellas vart hardt råka av den globale finanskrisa etter 2008. Økonomien stupte og arbeidsløysa fauk i taket – noko landet framleis ser etterdønningane av. Ein sterk turisme vart særleg viktig for å få ny fart i økonomien i landet. I fjor hadde reise- og turistsektoren i Hellas nesten 800.000 tilsette, og industrien bidrog til nesten ein femtedel av bruttonasjonalproduktet. I 2022 brukte internasjonale gjester 19 milliardar euro i landet. Truleg vil industrien vekse seg større i åra som kjem.

I eit land der mange unge slit med å finne seg arbeid, og vurderer å flytte ut av landet for å få seg betre liv, er nok den pengesterke industrien ein viktig faktor for unge arbeidssøkarar. Eller?

Ein klassekrig

Vel. I fjor sleit greske hotell med å fylle alle dei ledige stillingane sine, og bad til og med om hjelp frå ukrainske flyktningar. Dei sesongbaserte jobbane er uattraktive, med ugunstige arbeidstider og låg løn. Ei 45 år gammal kvinne fortalde i fjor til Politico at ho forlét turistindustrien etter at arbeidsgivaren hennar tok frå henne det ho tente i tips, og ville ha henne til å jobbe til svært ugunstige tider.

Andreas på Samothraki fortel også at han har vener som prøver å jobbe for livets opphald innan turismen på dei greske øyene. Dei tener nokre få euro i timen, jobbar 10–12 timar dagen og bur i konteinarar gjennom turistsesongen. 

– Det er planen styresmaktene har for unge. Det er slik vi lever i dette landet, seier han.

Gamlebyen på øya Naxos er full av trange, kvite gater som turistane elskar. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Sjølv dei som jobbar innanfor turismen tener ikkje mykje pengar sjølv?

– Nei. Det er den negative effekten av kapitalismen. Vi har eit veldig vakkert land med varme somrar, mykje sol, sjø og ting som lokkar turistar. Det er mange store sjefar som opnar mange strandbarar rundt omkring på øyene. Arbeidarane tener lite, og eigarane tek alle pengane.

– Det er ein klassekrig, slår Andreas fast.

Spørsmål om bærekraft

Den store auken innan turismen har også skapt uro andre stader, med spørsmål om infrastrukturen kan takle dei store straumane med folk, og i kva grad ein skal føye seg etter behova til turistane. Enkelte stader har reisande reagert på skitne og ureina strender, og lokalbefolkinga i deler av Aten bekymrar seg over lite berekraftig overturisme. Den nasjonale turistorganisasjonen har bede turistar om å utforske andre deler av landet enn berre øyene for å lette på trykket.

Ei anna problematisk side ved turistindustrien er framveksten av private utleigarar av overnatting, slik som Airbnb. Særleg i dei største byane, som Aten og Thessaloniki, har det vore ein uregulert eksplosjon av nye utleigeeiningar. 

Eit resultat av den auka etterspurnaden er at prisane for å både kjøpe og leige bustad for dei fastbuande grekarane, vert pressa oppover. Det vert vanskelegare for den jamne grekar å komme seg inn på bustadmarknaden, eller å finne ein plass å leige nært universitetet eller arbeidsplassen.

Grafitti på ein husvegg i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Først i fjor haust stadfesta dei greske styresmaktene at dei ville introdusere nye lovar for å regulere Airbnb-marknaden.

– For sunn konkurranse, men også for at dei urbane sentra våre skal fungere ordentleg, jobbar vi med eit rammeverk for korttidsleigemarknaden, sa den greske turismeministeren i haust.

– Alt handlar om profitt

Andreas Apostolakos meiner det er viktig å ta vare på eigenarten til Samothraki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Andreas Apostolakos på Samothraki meiner fokuset på turisme i landet har vakse seg enormt.

– Alt handlar om profitt. Der det er profitt, vil styresmaktene vende seg. Det er hovudsakleg slik dei fungerer, seier han.

Samstundes gjer styresmaktene lite for å hjelpe dei unge i landet, slår han fast.

Medan turistane er viktige for verksemda til Andreas, og støtter opp om ein viss del av arbeidslivet på Samothraki, er det éin ting som bekymrar han. Vert turismen for kommersiell på øya, kan det unike ho har å by på, forsvinne.

– Dei som kjem hit vil ikkje ha lusushotell, dei vil komme i kontakt med naturen. Men ein del lokale vil ha rikare turistar hit som brukar meir pengar, seier han. 

Samothraki er kjend for urørt natur og mange fossefall og kulpar. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Han fortel at det er eit push mot meir kommersiell turisme. Men Samothraki har ikkje mange sandstrender. Det er ikkje like enkelt å opne ein strandbar.

– Vi må heller fokusere på andre aktivitetar, som klatring, turar til fossane og nærvær til naturen. Viss vi kan spele på naturen, med disiplin og omsorg, kjem vi til å få fleire turistar som set pris på han. Vi må ikkje øydelegge naturen for å få meir turisme, seier Andreas.


Om lag 15.000 deltok i pride-paraden i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg