Europa er det kontinentet som blir varma fortast opp
– Kostnadane av klimahandling verkar kanskje høge, men manglande handling kostar mykje meir, seier generalsekretæren i Verdas meteorologiorganisasjon.

Varmerelaterte dødsfall har auka med om lag 30 prosent dei siste 20 åra, ifølgje rapporten European State of the Climate 2023.
Rapporten er utarbeidd av Verdas meteorologiorganisasjon (WMO) og EU-programmet Copernicus.
Ifølgje rapporten stig temperaturane kring dobbelt så fort i Europa som i resten av verda i snitt. Dei tre varmaste åra som er registrert i Europa er alle registrert etter år 2020, medan dei ti varmaste åra som er registrert alle er registrert etter 2007.
I fjor hadde elleve av årets tolv månadar høgare temperatur enn snittet og overflatetemperaturen i havet var den høgaste som nokosinne er registrert.
I tillegg var det meir nedbør enn vanleg, noko som førte til rekordflaumar i desember 2023.
– Klimakrisa er den største utfordringa for vår generasjon. Kostnadane av klimahandling verkar kanskje høge, men manglande handling kostar mykje meir, seier generalsekretær i WMO, Celeste Saulo, i ei pressemelding.