Heartbreak High – ein «guilty pleasure»

I sesong to av Heartbreak High skjer det altfor mykje. Ein sit igjen med tanken: «Kva var det som skjedde?», skriv Rakeb Erana.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Den australske Netflix-serien Heartbreak High blei teken imot med storm då første sesongen kom ut i 2022.

Med mangfaldig rollebesetning, god komedie, fargerik atmosfære, karakterar med unike handlingar og klisjéfylt tenåringsdrama, klarte Heartbreak High å fanga hjarta til publikummet nok til å få ein ny sesong.

Prosjekt forbetring

Heartbreak High – sesong 2

Nasjonalitet/språk: Australia, engelsk

Serieskapar: Hannah Carroll Chapman

Noregspremiere: Netflix, 11. april 

Aldersgrense: 9 år 

Sjanger: tenåringsdrama, komedie 

Episodar: 8

Speletid: 45–52 minuttar 

 

Sesong to av Heartbreak High handlar om Amerie sitt ønskja om å bli ein betre person. Etter at Amerie og Harper blei venar igjen, vart Amerie møtt med mykje fiendskap frå klassekameratane sine, difor bestemmer ho seg for å vise til medelevane sine at ho har blitt ein betre person. Samtidig byrjar ei rekkje skumle angrep frå Birdpsycho retta mot Harper.

Denne sesongen ser nærare på forholdet mellom Amerie og Malakai og Ca$h og Darren, og gjev oss innblikk i korleis det går med Harper etter ho var nær ved å verta valdteken. I tillegg blir seksualundervisninga SLT splitta i to som følgje av indre konflikt: SLTs på den eine sida, og gutegruppa The Cumshots på den andre.

Guilty pleasure

Sesong to av Heartbreak High har alle elementa frå første sesongen, men er mykje meir dramatisk og nesten komisk dårleg til tider. Ordet som beskriv denne sesongen best er trashy, men på ein måte slik at han blir ein guilty pleasure.

Ayesha Madon, Asher Yasbincek, Chloe Hayden og James Majoos er på nytt samla i rollebesetninga, og spelar Amerie, Harper, Quinn og Darren, i den rekkjefølgja. I tillegg, får me to nye karakterar spelt av Sam Rechner og Angus Sampson.

 

Alle skodespelarane som speler 17-åringane i Heartbreak High er eldre, og ein ser det på dei. Dette er noko som kan øydelegga for innlevinga i serien sidan det er litt kleint å sjå vaksne menneske i slike roller. Likevel er dei fleste skodespelarane utruleg flinke i rollene sine, spesielt Ayesha Madon, Chloe Hayden og Asher Yasbincek.

Djupare i karakterane

I denne sesongen er det mykje fokus på å gje meir djupne til karakterane. Ein blir meir kjent med sidekarakterar som Malakai (Thomas Weatherall), Spencer (Bryn Chapman Perish) og Missy (Sherry-Lee Watson). Kvar episode viser sjåaren motivasjonane, ynskja og levemåten til kvar karakter, og korleis karakterane er kopla saman.

Dette er for det meste ei positiv endring frå første sesongen, til dømes, når det kjem til Amerie og Malakai. Dessutan blir ein meir tilknytt karakterane, sjølv om mykje av den nye informasjonen me får gjer dei utruleg irriterande og vanskeleg å heia på.

Heartbreak High prøvar å laga nyanserte karakterar som ikkje er anten gode eller dårlege, men bommar på dette. Dette er ikkje noko som øydelegg heile serien – ein får berre eit hat-elsk-forhold til karakterane, noko som er underhaldande.

«Kva var det som skjedde?»

I sesong to av Heartbreak High skjer det altfor mykje. Serien prøver å dekkja eit breittspekter av tema, men har ikkje nok tid til å utforska kvar enkelt tematikk grunding nok. Resultatet er at temaa kjennast overflatiske og manglar djupne for å gje eit heilsleg bilete av forteljinga. Det er mange scenar og handlingar som ikkje gjev meining på grunn av dette, og ein sit igjen med tanken: «Kva var det som skjedde?».

Alt i alt er sesong to av Heartbreak High ein underhaldande, trashy tenåringsserie som har mange høgdepunkt. Denne sesongen er fylt med mange morosame, spennande og følsame scenar og handlingar, og ein ser kvar karakter veksa (på godt og vondt). Samtidig er nokon av scenane og handlingane i sesongen så forferdelege at ein må nesten le, men dette er nødvendigvis ikkje noko negativt. Sesong to av Heartbreak High hadde ikkje vore like bra utan dei dårlege sidene av han.

Terningkast: 3