Raud Ungdom-toppar vurderer å opprette nytt ungdomsparti

Liv Müller Smith-Sivertsen vart i helga vraka som leiar i Raud Ungdom (RU). No vurderer ho og fleire andre moglegheita for å starte eit nytt ungdomsparti.

NPK-NTB
Publisert

Diskusjonane om eit nytt ungdomsparti skjer ifølgje Morgenbladet i ei lukka Facebook-gruppe med namnet «RU har blitt kuppa, hva er veien videre?».

Overfor avisa stadfestar Smith-Sivertsen at ho og andre frå den førre RU-leiinga er medlemmer i gruppa.

Noko anna

Ho seier vidare at fleire lokallag i Raud Ungdom blir lagde ned etter landsmøtet i helga, og at det gjeld å finne ut av korleis desse laga framleis kan drive med politisk aktivitet.

På spørsmål om eit mogleg nytt prosjekt vil fungere som eit ungdomsparti under Raudt, seier Smith-Sivertsen:

– Det vil ikkje vere eit nytt Raud Ungdom – det vil vere noko anna.

Kan ikkje stå inne for kulturen

Overfor Aftenposten presiserer den avgåtte RU-leiaren at det er altfor tidleg å seie noko konkret om kva som skjer vidare.

– Men etter helga har vi fått meldingar frå veldig mange som er samde med oss om at kulturen i RU ikkje er noko vi kan stå inne for, seier ho.

Smith-Sivertsen var innstilt for å halde fram som leiar, men landsmøtet stemde heller fram Amrit Kaur. Kaur har saman med fire andre medlemmer vore suspendert frå ungdomspartiet sidan februar for å ha brote vedtektene, men på landsmøtet i helga vart suspensjonen vedteken oppheva.

Kaur har tilbakevist at det har vore snakk om eit kuppforsøk.