Tsjetsjenia forbyr musikk som er for rask eller for sakte

Lova skal sikre kulturarven deira, ifølgje styresmaktene.

Åshild Slåen
Publisert

Elskar du dei langsame kjærleiksballadane? Eller kanskje du dansar til hjartepumpande techno på klubben i helga?

Då er det nok lurt å halde seg unna Tsjetsjenia. Dei har nemleg gjort musikk som er for rask eller langsam, ulovleg, skriv CNN.

Musikk der tempoet ligg på under 80 eller over 116 slag i minuttet (bpm) er no forbode.

Med andre ord får tsjetsjenarar nyte korkje Ja, vi elsker (77 bpm), Badebussen (135 bpm) eller gå inn i sommaren med Cruel summer (170).

Texas Hold ’em av Beyonce er derimot akkurat innafor med sine 110 bpm.

Lova skal ifølgje fungerande statsminister Ramzan Akhmadovitsj Kadyrov sikre at tsjetsjensk musikk stemmer overeins med «tsjetsjensk mentalitet og musikkrytme», og skal ta vare på kulturarven deira.

Tsjetsjenia er ein sjølvstyrt republikk i Russland, der majoriteten er muslimar. Kadyrov har vore innsett av Russland som leiar sidan 2007, som har kjempa mot den tsjetsjenske frigjeringsrørsla i over 20 år.

Vil du lære meir om Tsjetsjenia?