Den vesle regionen i hjørnet av Russland dekker berre 0,1 % av arealet til landet, men er likevel heilt spesielt. Bli med til den halvvegs sjølvstyrte republikken som har ein dramatisk historie.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Ved foten av Kaukasus, i det sørvestlege Russland, på grensa til Georgia, ligg Tsjetsjenia.

Sjølv om det offisielt er ein av Russland sine mange republikkar, får dei i stor grad lov til å styre sjølv i den vesle republikken.

Med eit areal på 17 300 km² er det berre litt større enn Agder fylke, men har mange fleire innbyggjarar. Det bur nemleg 1,4 millionar menneske i Tsjetsjenia, dei fleste av dei muslimar. Omtrent 330 000 bur i hovudstaden Groznyj.

Men sjølv om Tsjetsjenia offisielt ligg i Russland, må du ikkje finne på å kalle ein tsjetsjenar for russar.

 

Republikken Tsjetsjenia

  • Republikk i Russland
  • Grensar til Georgia, og dei russiske einingane Dagestan, Ingusjetia, Nord-Ossetia og Stavropol.
  • Hovudstad: Groznyj
  • Areal: 17 300 km²
  • Innbyggjartal: 1,4 millionar
  • Språk: Russisk og tsjetsjensk
  • Grunnlagd: 10. januar 1993
  • Nasjonaldag: 6. september
  • Fungerande statsminister: Ramzan Akhmadovitsj Kadyrov

 

Humpete historie

Tsjetsjenarane si historie med russarane går langt tilbake i tid. Sidan midten 1500-talet har forholdet mellom Tsjetsjenia og Russland vore anstrengt.

Kort fortald handlar det om at Russland har hatt lyst til å ta over Tsjetsjenia, medan Tsjetsjenia har ville vore sjølvstendige.

Etter at tsjetsjenarane hadde stått imot i nokre hundre år, klarte russarane å få kontroll over området i 1859. Etter det var det russisk/sovjetisk styre i området.

Under andre verdskrig vart det fremma påstandar om at tsjetsjenarane hadde samarbeida med tyskarane. Dermed vart heile befolkninga deportert og republikken vart oppløyst. Minst ei fjerdedel av befolkninga døydde under deportasjonen. Tsjetsjenarane som vart tvungne til å flytte under krigen fekk ikkje dra tilbake før i 1957 då republikken vart gjenoppretta, framleis under sovjetisk styre.

Men historia sluttar ikkje der. Da Sovjetunionen fall i 1991 såg tsjetsjenarane moglegheita til å endeleg verte frie og kuppa makta i Tsjetsjenia. Det likte russarane, leda av Boris Jeltsin, dårleg, så dei sette inn militære styrkar for å igjen få kontroll på området.

Etter å ha kriga i nokre år vart det forhandla fram ei fredsløysing i 1996.

Heller ikkje det varte så lenge. I 1999 blussa krigen opp igjen. Russiske styrker klarte aldri heilt å nedkjempe dei tsjetsjenske separatistane, men fekk i 2003 sett inn ein leiar dei ville ha i Tsjetsjenia, ein mann ved namn Akhmad Kadyrov. Han varte ikkje lenge i jobben og vart drepen av separatistane berre eit år seinare. Mannen som overtok makta i Tsjetsjenia var sonen til avdøde Akhmad Kadyrov, nemleg Ramzan Kadyrov.

Ein tsjetsjenar ber under krigen i Groznyj, 1995. | Foto: Mikhail Evstafiev/Wikimedia commons

Forsvarar æresdrap

Ramzan Kadyrov er framleis president i Tsjetsjenia den dag i dag, og er ein litt anna type leiar enn vi er vand med her i Noreg. Likestilling og menneskerettar er ikkje noko å strekke seg etter, synest Kadyrov.

Til dømes meiner han at kvinner er mannens eigedom, og at deira viktigaste oppgåve er å føde barn. Kadyrov har også oppfordra menn til å ha fleire koner, sjølv om det ikkje er lov ifølge russisk lov.

Akhmat Kadyrov og Vladimir Putin fotografert i år 2000. | Foto: Presidential Press and Information Office/Wikimedia Commons

Kadyrov ser heller ikkje noko problem med æresdrap. Ifølge Human Rights Watch har han tidlegare uttalt:

«Viss ei kvinne løp rundt («fools around»), så drep familien hennar henne. Det er slik det skjer, ein bror drep systera si eller ei mann drep kona si. (…) Som president kan eg ikkje tillate at dei drep, så, ikkje let kvinner gå med shorts.»

Rimeleg strengt, spør du meg.

– Ingen homofile

Mangfald av seksuelle legningar vert heller ikkje velkome av presidenten i Tsjetsjenia. Myndigheitene i Tsjetsjenia har dei siste åra fleire gonger vorte skulda av menneskerettsorganisasjonar for å fengsle og torturere homofile i hemmelege fengsel.

President Ramzan Kadyrov (47) fotografert i 2023. | Foto: Пресс-служба Президента Российской Федерации/Wikimedia Commons

Til det svarer Kadyrov rett og slett at: «I Tsjetsjenia finnast det ingen homofile, alle er heterofile.»

Korleis kan det då ha seg at dei fengslar og torturerer homofile? Vasstett logikk det der.

Sannsynlegvis hadde ikkje svaret om kva Kadyrov meiner om andre legningar vore særleg annleis. Kva han meiner om transpersonar tør eg nesten ikkje tenkje på.

 

I lomma på Putin

Rettane for skeive er ikkje akkurat svært solide i resten av Russland heller, men det verkar som om Kadyrov får gjere litt som han vil i Tsjetsjenia. Til gjengjeld gir han støtte til Putin. Mellom anna har han sendt tusenvis av tsjetsjenske soldatar til å hjelpe i krigføringa mot Ukraina.

Kadyrov har også offentleg støtta krigen og oppfordra Volodymyr Zelenskyj til å ta sitt eige liv. «Hitler forstod, han skaut seg,» sa Kadyrov, i tillegg til å kalle Zelenskyj terrorist, satanist og fascist.

Så sjølv om Tsjetsjenia har ein viss autonomi frå Russland, og det ikkje har vore krig på ei stund, betyr det ikkje at det er betre å bu der enn i resten av Russland. I alle høve ikkje om du er kvinne eller skeiv.