Dette får ikkje sørkoreanske veljarar ha med seg i vallokalet

Grønnsaken vert sett på som eit symbol på misnøye med den sitjande presidenten.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Onsdag 10. april er det val til nasjonalforsamlinga i Sør-Korea. Om veljarane dukkar opp i vallokala med vårløk den 10. april kan det verta sett på som eit brot på vallovene i landet, ifølgje Korea Times.

Dette kan ifølgje valinstruksar påverka andre veljarar og bryta prinsippet om hemmelege val.

Matvareprisar

Opposisjonen i Det demokratiske partiet meiner utspelet latterleggjer valet, men desse forklarar at dei har fått spørsmål frå veljarar om det er lov å ta med vårløk i protest mot regjeringa.

Tidlegare justisminister Cho Kuk frå Gjennoppbygg Korea kom med følgjande syrlege kommentar:

– Ver grei og legg vårløken utanfor vallokalet. Om du kan ha med andre grønsaker, som løk, må undersøkjast nærare.

Vårløken har vorte eit symbol på misnøya med Yoon Suk-yeol si manglande evne til å takla dei stigande matvareprisane.

18. mars uttala presidenten i ein butikk at ein bunt vårløk til 875 won (ca. 7 norske kroner) var ein fornuftig pris. Problemet var at vårløken var på supertilbod og vanlegvis kosta over tre gonger så mykje, i ei tid då matvareprisane har stige kraftig.

Tette meiningsmålingar

Dette er eit mellomval som kjem to år etter presidentvalet der den konservative kandidaten Yoon Suk-yeol vann med ein knapp 0,73 prosent margin over den demokratiske kandidaten Lee Jae-myung, ifølgje Reuters.

Den sitjande presidenten vart i 2022 valt for ein femårsperiode, men dagens val vil gje ein peikepinn på kor nøgde veljarane er.

Opposisjonen i Det demokratiske partiet har i dag 142 av 297 seter i nasjonalforsamlinga og har alliert seg med mindre parti for å få fleirtal.

– Med det opposisjonsleidde parlamentet har det vore vanskeleg å oppnå politisk endring dei siste to åra. Utan endring i den resterande perioden hans, vil det verta ekstremt vanskeleg å gjera jobben hans, seier Lee Jun-han, professor ved Incheon National University til Reuters.

Det har vore rekordhøgt oppmøte til førehandsstemming i årets val og meiningsmålingar peikar mot eit nytt jamt resultat.