Cruiseutsleppa flyg til himmels – ligg an til å passere utsleppa frå innanlands flytrafikk

Klimagassutsleppa frå cruisetrafikken i norsk farvatn har auka kraftig dei siste åra. Nye berekningar viser at utsleppa kan passere innanlands flytrafikk.

NPK-NTB
Publisert

– Det er faktisk heilt vilt. Eg var ikkje klar over at utsleppsauken frå cruise er så stor som desse tala viser, seier Truls Gulowsen, leiaren i Naturvernforbundet, til Dagens Næringsliv.

Truls Gulowsen er leiar i Naturvernforbundet. Foto: Naturvernforbundet

Etter to magre år for cruisenæringa under pandemien har talet på anløp i norske hamner teke seg kraftig opp. Eit anslag frå Cruise Lines International Association (Clia) viser at det ligg an til 5049 cruiseanløp i norske hamner i 2024. I 2015 var talet på 1975.

– Det er høgst sannsynleg at CO2-utsleppa frå cruiseskipa dermed vil passere utsleppa frå innanriks luftfart i år. Det trur eg få hadde rekna med kunne skje, fortel Svein Thompson i berekraftsanalyseselskapet Stakeholder til avisa.

Han viser til at innanriks luftfart stod for utslepp på 1,1 millionar tonn i 2022. Tal frå den internasjonale cruiseorganisasjonen Clia spår ei tredobling i cruiseutsleppa sidan 2015. I 2024 kan talet passere 1,2 millionar tonn.

Leiaren i Naturvernforbundet meiner nok er nok frå cruisenæringa. Han vil seie nei til store cruiseskip.

– Dette er flytande klimagassfabrikkar, og Noreg som sjøfartsnasjon bør gå føre og seie at dette er uønskt turisme, meiner Gulowsen overfor Dagens Næringsliv.