Nalleli (21) fekk kreft som 19-åring – kjempar mot oljeutvinning i bustadstrøk

Aktivist Nalleli Cobo (21) får støtte av Arnold Schwarzenegger og Jane Fonda i kamp for lova som forbyr oljeverksemd nær heimane til folk i California.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Oljeindustrien har ikkje noko plass i våre bakgardar, i vårt demokrati eller i vår framtid, sa Nalleli Cobo (21) ifølgje ABC News under ein aksjon fredag.

Saman med kjente personar som California-guvernør Gavin Newsom, skodespelar og tidlegare guvernør Arnold Schwarzenegger og skodespelar og aktivist Jane Fonda, kjempar ho for å halda på ei ny lov som forbyr nye olje- og gassbrønnar nær heimar, skular og sjukehus.

Naseblod og kreft

Nalleli Cobo starta å engasjera seg mot oljeutvinninga i nabolaget sitt allereie som niåring. Rett over vegen for leilegheita til familien i Los Angeles var der ein oljebrønn.

Cobo har fortalt at ho som niåring blødde så mykje naseblod at ho måtte sova sitjande for å ikkje kvelast. I tillegg fekk ho spasmar, hjarterytmeforstyrringar, astma og hovudverk, ifølgje BBC.

I tillegg hadde både mor, bestemor, søsken og naboar ulike helseproblem.

Som 19-åring vart Nalleli Cobo diagnostisert med kreft og måtte fjerna livmora.

– Kreftlegen veit framleis ikkje kvifor eg fekk kreft. Dei har funne ut gjennom testar at det ikkje er genetisk. Eg fortalde dei kor eg hadde vakse opp og spurde om det var ein miljøtest eg kunne ta. Ho sa at fram til me har ny vitskap er eg berre eit spørsmålsteikn, forklara Cobo til BBC i 2021.

Ventar på folkeavstemming

I 2020 vart oljebrønnen i nabolaget permanent stengt og politikarane har stemt for å fasa ut all oljeutvinning i Los Angeles.

– Når me starta kampanjen oppdaga me at me ikkje var det einaste samfunnet som var råka. Det er 580 000 angelenos (innbyggjarar i Los Angeles red. anm.) som bur ei kvart mile eller mindre frå ein aktiv olje- og gassbrønn, sa Cobo til BBC.

California er den sjuande største oljestaten i USA, men har den siste tida stramma kraftig inn på nye løyver.

Oljeindustrien er på kollisjonskurs med dei ambisiøse klimamåla til delstaten. Målet er å bli karbonnøytrale i 2045, kutta 85 prosent av drivhusgassutsleppa og 94 prosent av oljebruken.

Guvernør Gavin Newsom og delstaten har saksøkt oljeindustrien for å føra innbyggjarane bak lyset når det kjem til dei miljø- og helsemessige konsekvensane av industrien. Delstaten freista òg å innføra ei ny lov som innebar at selskapa måtte betala éin million dollar til personar som har fått alvorlege helseskadar, men lovforslaget vart blokkert av komiteen i delstatssenatet.

 

 

I 2022 innførte delstaten ei lov som forbyr nye olje- og gassbrønnar i enkelte område for å verna folk mot forureining og helseskadar. Industrien har stansa lova fram til ei folkeavstemming over forslaget. Det er denne folkeavstemminga Nalleli Cobo og støttespelarane hennar kjempar for å vinna.

Guvernør Newsom oppmoda veljarane om å stemma for å oppretthalda lova og senda eit tydeleg signal til heile USA.

– Big Oil er det forureinande hjarta i denne klimakrisa, sa guvernøren under markeringa fredag.