Skremselsbodskap om klima er til lita nytte i Noreg

Ein internasjonal studie viser at å spreia bodskapet om klimautfordringane med skremsel ikkje er særleg effektivt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Å skriva eit brev til framtidige generasjonar er mest effektivt for å auka den politiske støtta til klimatiltak og for å auka trua på at klimaendringane er eit problem. Nest mest effektivt er å fortelja at nesten alle klimaekspertar er samde, seier professor Christian Klöckner ved Institutt for psykologi ved NTNU i ei pressemelding.

Det kjem fram i ei undersøking med utført blant 59.000 menneske frå 63 land.

Forskarane undersøkte folk sine haldningar til ulike klimabodskap. Dei blei målte på kor villige dei var til å støtta kvart bodskap ved å dela dei i sosiale medium. Kategoriane var skremsel, kunnskap og kjensler.

– Alle alternativa gav folk i Noreg mindre lyst til å dela eit klimabodskap i sosiale medium, fastslår fyrsteamanuensis Isabel Richter ved Institutt for psykologi ved NTNU.

Dei fann at nordmenn stort sett var ivrige etter å gjera noko sjølve, som til dømes å planta tre i hagen.

– Eg vel å tolka det slik at folk i Noreg er sånne som gjer noko konkret i staden for å berre dela i sosiale medium, seier Richter.

Haldningane til klima varierte mykje frå land til land og mellom kjønna. I alt meinte 86 prosent av deltakarane at klimaendringane utgjorde ein trugsel.