Noreg minst lykkelege i Norden – sjå heile lista
Endå ein gong blir Noreg rangert som det minst lykkelege landet i Norden på FNs lykkekåring. Finland toppar lista for sjuande året på rad.
Danmark, Island og Sverige følgjer på dei tre plassane bak Finland. Noreg blir slått også av Israel, der undersøkinga vart gjennomført etter Hamas-angrepet og gisseltakinga i oktober i fjor.
World Happiness Report er ein rapport utarbeidd saman med FN og blir gjerne omtalt som FNs årlege lykkerapport. Den måler korleis folk i dei ulike landa opplever lykke og livskvalitet. Nytt denne gongen er at rapporten no også vurderer livskvalitet i ulike fasar. Rapporten avdekkjer store forskjellar mellom generasjonane. Spesielt dei unge har fått mindre tru på framtida.
Omtrent 1000 personar frå kvart land deltek i undersøkinga kvart år og blir bede om å evaluere ulike sider av livskvaliteten. Subjektive vurderingar av livskvaliteten er ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) viktige, mellom anna fordi dei påverkar helse, levevanar og framtidsval.
Vanskelegast for dei yngre
– Norden er eldresenteret til ei lykke. Alle dei fem nordiske landa ligg øvst blant dei som er over 60 år, seier seniorforskar Ragnhild Bang Nes ved Folkehelseinstituttet (FHI), som i fleire år har forska på lykke, til NRK.
Noreg ville gått ut av kåringa som det tredje lykkelegaste landet i verda viss det berre var personar over 60 år som deltok i undersøkinga.
Tek ein omsyn berre til aldersgruppa under 30 år, ville Noreg ha vorte nummer 20.
– Denne aldersgruppa har negative forventningar til framtida. Det er mange faktorar som speler inn her. Dei er mellom anna bekymra for arbeid, økonomi og bustad, seier Nes.
Dette er lista:
- Finland
- Danmark
- Island
- Sverige
- Israel
- Nederland
- Noreg
- Sveits
- Luxembourg
- Australia
- New Zealand
- Costa Rica
- Kuwait
- Austerrike
- Canada
- Belgia
- Irland
- Tsjekkia
- Litauen
- Storbritannia
- Slovenia
- Dei sameinte arabiske emirata
- USA
- Tyskland
- Mexico
- Uruguay
- Frankrike
- Saudi-Arabia
- Kosovo
- Singapore
- Taiwan
- Romania
- El Salvador
- Estland
- Polen
- Spania
- Serbia
- Chile
- Panama
- Malta
- Italia
- Guatemala
- Nicaragua
- Brasil
- Slovakia
- Latvia
- Usbekistan
- Argentina
- Kasakhstan
- Kypros
- Japan
- Sør-Korea
- Filippinane
- Vietnam
- Portugal
- Ungarn
- Paraguay
- Thailand
- Malaysia
- Kina
- Honduras
- Bahrain
- Kroatia
- Hellas
- Bosnia og Hercegovina
- Libya
- Jamaica
- Peru
- Den dominikanske republikken
- Mauritius
- Moldova
- Russland
- Bolivia
- Ecuador
- Kirgisistan
- Montenegro
- Mongolia
- Colombia
- Venezuela
- Indonesia
- Bulgaria
- Armenia
- Sør-Afrika
- Nord-Makedonia
- Algerie
- Hongkong
- Albania
- Tadsjikistan
- Kongo-Brazzaville
- Mosambik
- Georgia
- Irak
- Nepal
- Laos
- Gabon
- Elfenbeinskysten
- Guinea
- Tyrkia
- Senegal
- Iran
- Aserbajdsjan
- Nigeria
- Palestina
- Kamerun
- Ukraina
- Namibia
- Marokko
- Pakistan
- Niger
- Burkina Faso
- Mauritania
- Gambia
- Tsjad
- Kenya
- Tunisia
- Benin
- Uganda
- Myanmar
- Kambodsja
- Ghana
- Liberia
- Mali
- Madagaskar
- Togo
- Jordan
- India
- Egypt
- Sri Lanka
- Bangladesh
- Etiopia
- Tanzania
- Komorane
- Jemen
- Zambia
- Eswatini
- Malawi
- Botswana
- Zimbabwe
- Kongo
- Sierra Leone
- Lesotho
- Libanon
- Afghanistan
Venner oss til å ha det bra
Den norske befolkninga er likevel omtrent like fornøgde i år som i fjor og ligg høgt globalt. Men sjølv om vi har opplevd aukande velstand, har ikkje lykkenivået følgt etter.
FHI meiner dette særleg kjem av fire faktorar:
- Tilvenning – folk flest har ein tendens til å venne seg til nye og forbetra levekår og heve forventningane sine i tråd med forbetringar.
- Minkande marginalnytte – det femte kakestykket gir mindre auke i tilfredsheit enn det første.
- Sosial samanlikning – folk flest har ein tendens til å samanlikne seg med andre menneske og ofte med dei som har det betre.
- Personlegdomstrekk og genetikk.
Lykkeleg under Solberg
Ein må tilbake til 2017 for å finne Noreg som det lykkelegaste landet i verda. Då var Erna Solberg (H) statsminister. Ho sa då til NTB at det var fint å leie det lykkelegaste landet i verda, men minte om at ikkje alle i Noreg har det like bra.
– Det er vanskeleg å måle lykke, sa Solberg, og uttalte sjølv at det å lære seg å vere tilfreds i livet er ein viktig nøkkel.
– Dette viser at vi har eit godt utgangspunkt, men det er framleis veldig mange menneske i samfunnet vårt som slit, og vi må bli betre for å møte dei, sa ho til NTB.
Årets rapport teiknar eit bilete av at yngre generasjonar er lykkelegare enn eldre generasjonar i dei fleste av landa i verda, men altså ikkje i Noreg. Og slett ikkje i USA.
Verre i USA
Det har vore ein generell lykkeopptur i Sentral- og Aust-Europa for alle aldersgrupper. Somme land, som Serbia og Bulgaria, har hatt ei særleg positiv utvikling det siste tiåret og klatra over 60 plassar på lista. USA og Tyskland har falle på årets rangering og er ikkje lenger blant topp 20-landa.
I fjor hamna landet på 15. plass. No ligg USA på 23. plass. Nedgangen heng saman med at amerikanarar under 30 år ikkje lenger kjenner dei har det like bra som før.
Viss det berre var amerikanarar over 60 år som hadde svart, ville USA ha hamna på 10. plass. Viss det berre var folk under 30 år som deltok i USA, ville landet ha hamna nede på 62. plass.
Funna står i kontrast til tidlegare års forsking der ein har avdekt at folk er lykkelegast i barndommen og byrjinga av tenåra, før lykkekjensla fell til det lågaste nivået halvvegs gjennom livet, og så stig igjen rundt pensjonsalderen.
– Ungdom, spesielt i Nord-Amerika, opplever i dag ei midtlivskrise, seier Jan-Emmanuel De Neve, ein økonomiprofessor ved Oxford-universitetet og som er blant forfattarane av rapporten, til nyheitsbyrået Reuters.
Rapporten viser at millenials (folk fødd på 80- og 90-talet) og dei endå yngre aldersgruppene i USA melder om einsemd i mykje større grad enn eldre landsmenn.
Ei rekke faktorar bidreg truleg til å redusere lykkekjensla til dei yngre aldersgruppene, påpeikar Dei Neve. Han trekkjer fram auka polarisering i sosiale saker, negative sider ved sosiale medium, og økonomiske ulikskapar som gjer det vanskelegare for yngre å ha råd til eigen bustad enn før.
Finsk lykke
I det lykkelegaste landet i verda, som altså grensar til Noreg, er det nærleiken til natur, og dessutan ein sunn balanse mellom arbeidsliv og fritid, som blir trekt fram som dei viktigaste årsakene til at finnane er så fornøgde. Det fortel lykkeforskar Jennifer De Paola ved Universitetet i Helsingfors til nyheitsbyrået AFP.
I tillegg har finnane det ho kallar «ei meir oppnåeleg forståing av kva et vellykka liv går ut på», samanlikna med til dømes USA der velstand ofte betyr det same som økonomisk vellykkaheit, seier ho.
Det finske velferdssamfunnet, tilliten finnane har til styresmaktene, lite korrupsjon og gratis helsetenester og utdanning er også viktige årsaker, ifølgje Paola.
– Det finske samfunnet er gjennomsyra av ei kjensle av tillit, fridom og stor grad av autonomi, seier De Paola.
Om lag 1000 personar i meir enn 140 land er spurde om å evaluere ulike sider ved livskvalitet. Finland har toppa føre Danmark dei siste sju åra. Noreg ligg som i fjor lågast blant dei nordiske landa på ein 7. plass. Heilt på botnen av lista ligg Afghanistan.
Felles for landa øvst på lista er at befolkninga er relativt liten. Nederland og Australia er dei einaste på topp 10 som har fleire enn 15 millionar innbyggjarar.