Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet.
Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Tysdag 12. mars starta rettssaka i Oslo tingrett mot terrorsikta Zaniar Matapour. 44-åringen er tiltalt for grov terror, som har ei strafferamme på 30 år.
Stortinget vedtok å utvida lovas strengaste straff frå 21 år til 30 år i 2009, men sidan det ikkje tredde i kraft før seinare, er Matapour den første som kan dømmast til 30 års fengsel i Noreg. Han kan òg dømmast til forvaring.
Natt til laurdag 25. juni 2022 skaut tiltalte 19 skot mot utestadane London Pub og Per på Hjørnet under Pride-feiringa. Matapour er tiltalt for å ha skote 11 menn og drepe to av dei. Til saman er det over 260 fornærma i saka og den første veka har fleire av desse forklart seg i retten.
Neste veke har retten sett av tid til forklaring frå tiltalte. Zaniar Matapour erklærer ikkje straffskuld og har varsla at han ikkje vil forklara seg, melder Aftenposten.
Det er sett av ni veker til rettssaka. På første dag i retten stilte Matapour spørsmål ved kvifor rettssaka vert gjennomført under fastemånaden ramadan og på fredagar, medan det er pause i den kristne høgtida påske, ifølgje NRK.
Førre veke vart 287 skuleelevar kidnappa frå ein skule i delstaten Kaduna, nord for den nigerianske hovudstaden Abuja.
Dette er ei av fleire kidnappingar der væpna gjengar har gått til åtak på skular og landsbyar.
Ifølgje NRK er minst 100 av borna som er kidnappa under 13 år.
Det er ikkje klart kven som står bak åtaket, men ifølgje BBC er det mistanke om at gjerningsmennene er ein del av Ansaru, som er ei utbrytargruppe frå islamistiske Boko Haram.
Namnet Boko Haram tyder «Vestleg utdanning er synd» og fekk mykje merksemd då dei i 2014 kidnappa 276 skulejenter i Nigeria.
Det er no ein stor leiteaksjon etter dei kidnappa borna. Ifølgje Reuters har familiane fått eit løysepengekrav på 6,5 millionar kroner innan 20 dagar, før gisseltakarane vil starta å avretta gissel.
Det har vore fleire slike kidnappingar i landet. Den siste store skulekidnappinga var i 2021, då over 250 born vart kidnappa.
Statistisk sentralbyrå har publisert fruktbarheitsstatistikken for 2023.
I fjor vart det berre fødd 1,4 barn per kvinne i Noreg, noko som er rekordlågt.
Det vart fødd 51 980 born i Noreg i fjor, som er 500 fleire enn i 2022. Grunnen til at fødselstalet per kvinne går ned er at krigen i Ukraina har ført til at det er fleire kvinner i Noreg.
I tillegg har snittalderen på førstegongsfødande kvinner gått opp til 30,3 år.
– Trenden med at kvinner utset sin første fødsel held fram, seier Espen Andersen, seniorrådgjevar i SSB i ei pressemelding.
Denne veka har 18 unge aktivistar vore i Oslo tingrett fordi dei nekta å godta bøtene dei fekk etter Fosen-demonstrasjonane i fjor.
Torsdag 23. februar 2023 tok 13 aktivistar frå det samiske miljøet og Natur og Ungdom seg inn i lobbyen i Olje- og energidepartementet. Dei demonstrerte mot at staten ikkje hadde retta opp etter høgsterettsdommen som slo fast at oppføringa av vindmøllene på Fosen stridde mot reindriftssamane sin rett til å utøva kulturen sin.
Mari Qviller meiner Fosen-aksjonane viser at demokratiet og ytringsfridomen har fungert og synest det er merkeleg å sitja på tiltalebenken når dei føler at dei alle har vore så viktige bidragsytarar i å stansa eit menneskerettsbrot.
– Eg føler på ein måte at me har vore der og fylt eit tomrom i ein forferdeleg prosess med å bøte på eit menneskerettsbrot. Så er det me som sit på tiltalebenken for å ha brote lova når det finst ganske mange heimlar som styresmaktene har brote i denne saka her, sa Qviller til Framtida.no tysdag.
Fem av dei tiltalte var bøtelagde for å ikkje følgja politiet sitt pålegg om å fjerna seg frå inngangspartiet til Finansdepartementet 2. mars i fjor. Torsdag vart det klart at påtalemakta vil frikjenna desse.
Søndag underteikna mellom anna næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) og Indias handelsminister Piyush Goyal ein historisk handelsavtale mellom India og EFTA-landa.
I dag er det opp mot 40 prosent toll på enkelte varer frå Noreg til India. Med den nye avtalen vil til dømes norsk sjømat gå frå 33 prosent til null prosent toll etter fem år.
– Dette er ein svært viktig avtale for næringslivet. India er verdas femte største økonomi og representerer ein enorm marknad som vil gje store eksportmoglegheiter for norske verksemder. Etter EØS-avtalen kan dette bli ein av dei viktigaste handelsavtalane Noreg nokon gong har inngått, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa.
EFTA-landa Island, Liechtenstein, Norge og Sveits forpliktar seg til å arbeida for investeringsfremming og nye arbeidsplassar i India.
Luftforureininga har gått ned i Europa dei siste 20 åra.
Det viser ein studie frå Barcelona Institute for Global Health (ISGlobal) som er publisert i Nature communications.
Forskarane har sett på luftkvaliteten i 1400 regionar i 35 europeiske land, der det til saman bur 543 millionar menneske.
Dei siste 20 åra har det vore ein jamn nedgang i både svevestøv og nitrogendioksid i brorparten av Europa, melder The Guardian. Men framleis bur over 80 prosent av befolkninga i område som ifølgje Verdas helseorganisasjon sine standardar har helseskadelege nivå av svevestøv eller nitrogendioksid.
Fleire europeiske byar har teke grep for å takla luftforureining, og både Bergen og Oslo har i perioden jubla for betre luftkvalitet. Begge byane har innført tiltak som datokøyring, som kan avgrensa biltrafikken i periodar med dårleg luftkvalitet.