25 millionar menneske spreidd i Sudan, Sør-Sudan og Tsjad har ikkje mattryggleik. Mange av desse er drivne på flukt på grunn av ti månader med borgarkrig.
Valden i området gjer det spesielt vanskeleg å få på plass naudhjelp, sidan arbeidarane har blitt angripne fleire gongar. Ifølgje FN er 90 prosent av menneska som no står i fare for å bli råka av ei svoltkrise i område der naudhjelp ikkje når fram.
Borgarkrigen i Sudan gjer livet vanskelegare for mange millionar menneske. Her frå 2023, flyktningar som forlet hovudstaden Karthoum. | Foto: AP Photo, File
Semje i Fosen-saka
Nord-Fosen siida har no godteke ein avtale med Roan vind om Roan vindpark. Dei er einige om at vindparken kan driftast ut konsesjonsperioden på 25 år, og at etter det har reindriftsutøvarane rett til å legge ned veto mot vidare drift.
Før jul kom Sør-Fosen Sijte fram til ein avtale med Fosen Vind. I likskap med denne avtalen skal Nord-Fosen siida ta imot økonomisk erstatning og tilgang på nytt vinterbeite for reinen sin. Nord-Fosen siida får sju millionar kroner årleg ut 2043.
Høgsterett dømte i oktober 2021 at konsesjonen til å byggje ut Fosen vindpark var eit menneskerettsbrot som braut med reindriftssamane sin rett til å drive med kulturutøving. Sidan då har det vore fleire demonstrasjonar mot vindparken og den norske staten si handtering av saka.
Storheia vindpark er den største vindparken til Fosen vind. Høgsterett slo 11. oktober 2021 fast at konsesjon til ubygginga av vindkraft på Fosen var i strid med menneskerettane til samane som dreiv med reindrift i området. | Foto: Heiko Junge / NTB
Både Donald Trump og Joe Biden gjorde det godt under den såkalla supertysdagen denne veka. Det er dagen der heile 15 amerikanske delstatar stemmer på kven dei vil skal vere presidentkandidaten i partiet dei er registrert med. Ofte har dette vore ein avgjerande dag for både republikanske og demokratiske kandidatar, men i år var det få overraskingar.
Donald Trump vann som republikansk kandidat i 14 av 15 delstatar. Nikki Haley vann i delstaten Vermont, men trekker seg frå å vere den republikanske kandidaten.
Joe Biden vann i alle delstatane som den demokratiske kandidaten. Han tapte likevel i Amerikansk Samoa, eit amerikansk territorium som ikkje får delta i presidentvalet, men som likevel har symbolske val.
Nikki Haley er ikkje lenger presidentkandidat i USA. | Foto: AP Photo/Chris Carlson
Politiet bekymra for svensk organisert kriminalitet
Tysdag la politiet fram si trugselvurdering for 2024, som er utarbeidd av Kripos. I vurderinga er dei særleg bekymra over meir profesjonell organisert kriminalisert som i større grad kryssar grenser, og viser til ein større trugsel frå svenske aktørar.
Dei trekker fram eksempel på at svenske aktørar har utført vald i Noreg på bestilling frå andre kriminelle aktørar, og slår fast at auka aktivitet frå svenske kriminelle nettverk kan føre til fleire valdshendingar.
Kripos peikar også på meir transnasjonale nettverk som samarbeider, uavhengig av kva gruppe dei tilhøyrer, dersom det kan føre til vinning. Der trekker dei fram narkotikaverksemd i Colombia, Marokko, Italia, Albania og Litauen.
I tillegg til dette ser dei også større fare for nye kriminalitet med ny teknologi. Barn og ungdom er spesielt utsette for forskjellige typar seksuelle overgrep.
Politidirektør Benedicte Bjørnland etter presentasjonen av Politiets trusselvurdering 2024. | Foto: Gorm Kallestad / NTB
Regjeringa frårår handel med okkuperte område
Regjeringa gjekk tysdag ut og åtvara norsk næringsliv mot å drive handel med ulovlege israelske busettingar. Utanriksminister Espen Barth Eide seier til NTB at dette kanskje allereie bryt med openheitslova, som går ut på at norske verksemder har eit sjølvstendig ansvar til å ikkje bidra til menneskerettsbrot.
– Med denne presiseringa gjer vi det tydeleg at norsk næringsliv bør vere merksame på at dei, gjennom økonomisk eller finansiell aktivitet i dei folkerettsstridige israelske busettingane, risikerer å bidra til brot på internasjonal humanitærrett eller menneskerettane, seier Eide.
Han understrekar at Israel særleg det siste året har opna for nye ulovlege busettingar, som gjer det vanskelegare å etablere ein palestinsk stat og få til ei tostatsløysing.
Regjeringa rår norske verksemder frå å handle med ulovlege israelske busettingar. Her frå Utanriksministeren si utgreiing tysdag 5. mars i Stortinget. | Foto: Peter Mydske/Stortinget via Flickr.
✨Lyspunkt✨: Frankrike grunnlovsfestar retten til abort
780 av dei 925 representantane i det franske parlamentet stemte måndag for å endre grunnlova slik at retten til abort er grunnlovsfesta. Det skjer 50 år etter det vart opna for abort i landet.
Grunnlova i Frankrike har blitt endra 20 gonger sidan ho vart vedteken i 1958.
Franske politikarar feirar etter parlamentet, samla på Versailles-slottet, vedtok å grunnlovsfeste retten til abort. | Foto: Emmanuel Dunand/Pool via AP
Vil du få Vekas Viktigaste rett i innboksen?
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.