Partane er blitt einige om Nord-Fosen

Nord-Fosen siida og Roan Vind har vorte einige om at vindmøllene kan driftast i 25 år og at reindriftarane får økonomisk erstatning og tilleggsbeite.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.03.2024 11:03

Onsdag annonserte regjeringa at reindriftslaget Nord-Fosen siida og Roan Vind har blitt einige om ein avtale om Nord-Fosen.

Striden stod kring vindmøllene på Fosen, som ifølgje Høgsterett bryt med reindriftssamane sin rett til å utøva kulturen sin.

Pengar, beite og vetorett

Før jul vart reindriftarane i Sør-Fosen sijte einige med Fosen Vind om ein avtale der staten syter for eit nytt areal til vinterbeite. Dette er òg ein del av avtalen på Nord-Fosen.

Avtalen inneber òg ei økonomisk erstatning frå Roan Vind, slik som på Sør-Fosen.

Som Fosen Vind på Sør-Fosen får Roan Vind driva vindkraftparken ut konsesjonsperioden på 25 år. Etter dette har Nord-Fosen siida vetorett over vidare drift.

– Dette har vore ei belastande og vanskeleg sak, spesielt for familiane som driv reindrifta på Fosen. Eg er glad for at partane har vorte samde om ei framtidsretta løysing som varetek rettane til reindrifta. Semja mellom partane legg til rette for at òg nye generasjonar kan sjå moglegheitene for å føra vidare reindrifta, seier energiminister Terje Aasland (Ap) i ei pressemelding.

Òg sametingspresident Silje K. Muotka, er nøgd med at det har kome ei løysing.

– Med avtale både for Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida er det grunn til å meine at menneskerettsbrotet er bringa til opphøyr, og at avtalen legg eit grunnlag for at menneskerettsbrotet kan reparerast. Det er difor avgjerande at staten raskt sikrar det naudsynte tilleggsarealet for begge sijtene, seier sametingspresidenten i ei pressemelding frå Sametinget.

– Ei total rettskatastrofe

Nord-Fosen sida skriv i ei pressemelding at dei såg seg nøydde til å akseptera avtalen for å sikra drifta vidare.

– Me skulle gjerne ha kjempa vidare for å vinna på nytt i Høgsterett, både for vår eigen del, for andre reindriftsutøvarar og for rettsstaten, men då ville reindrifta i mellomtida gått under, står det i ei pressemelding frå Terje Haugen, Elise Holtan Pavall og Sissel Holtan.

Artist og Fosen-aktivist Ella Marie Hætta Isaksen understrekar i eit innlegg på Instagram at menneskerettsbrotet først vert stansa når det nye beiteområdet er på plass.

– Det er og vil alltid forbli ei total rettskatastrofe at Fosen-samane blei utsett for eit statleg menneskerettsbrot i så lang tid, skriv ho i innlegget.