Ti prosent fleire abortar hos kvinner under 30

Det har vore ein generell auke i sjølvbestemde abortar hos kvinner. Blant kvinner under 30 var auken størst med ti prosent.

NPK-NTB
Publisert

Den totale stigninga i talet på abortar frå 2022 til 2023 har vore på 6,7 prosent. Tala frå Abortregisteret vart presenterte hos FHI.

Tala har auka etter korona, men no er det ein reell auke i talet for første gong på fleire år.

– Trenden med nedgangen i svangerskapsavbrot som vi har sett sidan 2008 har no snudd, og vi ser ein reell oppgang ut over normaliseringa etter korona, fastslår overlege Mette Løkeland-Stai hos Abortregisteret.

Talet på abortar for kvinner i aldersgruppa 15–49 år ligg no på 10,4 per 1000 kvinner. Åtte av ti abortar vart utførte før veke ni, og dei aller fleste vart utførte ved hjelp av medikament.

Finnmark har det høgste talet på abortar i aldersgruppa 15–49 år med 16,1 for kvar 1000. kvinne, Oslo ligg som nummer tre med 12,6. Nedst på lista ligg Rogaland med 7,8.