Denne veka kjem skattemeldinga

Skatteetaten byrjar utsendinga av rundt fem millionar skattemeldingar denne veka. – Hugs at det er ditt ansvar å sjekke, åtvarar Skattebetalerforeningen.

NPK-NTB
Publisert

– Det er viktig at skattemeldinga blir opna og kontrollert. I fjor var over ein halv million digitale skattemeldingar uopna berre dagar før innleveringsfristen, noko som er særs ufornuftig, seier fagsjef Rolf Lothe i Skattebetalerforeningen i ei pressemelding.

Ifølgje foreininga fekk 3,2 millionar skattebetalarar tilbake på skatten etter skatteoppgjeret for 2022. På den andre sida måtte 740.000 skattebetalarar betale restskatt.

Sjølv om mange av opplysningane er førehandsutfylte, åtvarar Lothe om at ein må leggje inn enkelte opplysningar sjølv.

– Dette kan vere private lån, inntekter og frådrag frå utlandet, kostnader og inntekter ved utleige, tap og gevinst ved sal av fast eigedom. Og sjølv om du ikkje treng å leggje til noko, er det viktig at du sjekkar at dei førehandsutfylte tala er korrekte, seier han.

Dersom ein ikkje opnar skattemeldinga før fristen går ut, tek Skatteetaten for gitt at opplysningane stemmer.

– Då kan du tape pengar ved å gå glipp av frådrag eller risikere tilleggsskatt fordi dei førehandsutfylte opplysningane er mangelfulle, heiter det i meldinga.

Fristen for å levere inn skattemeldinga er 30. april.

Det er mogleg å søkje om utvida leveringstid på 30 dagar – søknaden om utsetjing må sendast innan 30. april.


Les også: Slik sjekkar du som er ung skattemeldinga di

Kollasj: Framtida.no. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen. Foto: Foto: Berit Roald / NTB