Fleirtalet vil ha eit militært pliktår – dei unge er ueinige

Fleirtalet i befolkninga meiner militær- eller samfunnsteneste bør vere obligatorisk og fleire parti har heva stemma for innføring av pliktår for ungdommar. Men kva meiner dei unge?

Nynorsk Pressekontor
Publisert

I dag har vi allmenn verneplikt i Noreg og både menn og kvinner kan bli vernepliktige. Slik ordninga er no er det mange som ikkje blir kalla inn og mange som slepp teneste om dei har ein god grunn til det. I kvart årskull vert 60.000 ungdommar kalla inn, men berre 10.000 av desse dreg faktisk i teneste.

No vil fleire parti innføre pliktår for ungdommar der alle unge anten må i militærteneste eller gjennomføre anna samfunnsteneste.

Ei fersk undersøking frå NRK , viser at fleirtalet i befolkninga meiner at det burde vere obligatorisk å tenestegjere slik. 63 prosent er for innføring av pliktår for ungdommar.

Trass i eit generelt fleirtal, er ikkje alle aldersgrupper samstemte. Berre 35 prosent svarar at all militær- eller samfunnsteneste bør vere obligatorisk blant deltakarar mellom 18–29 år. I denne aldersgruppa meiner over halvparten at det bør vere frivillig.

– Eg kan forstå at det ikkje er så veldig populært blant dei yngre som dette er aktuelt for. Samtidig er det viktig å tenke på landet og kva samfunnet treng, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NRK.

Ho meiner pliktår-løysinga bør vurderast grundig. Fredag varsla regjeringa eit løft på eit tosifra antal milliardar til Forsvaret i ny forsvarsplan som er venta rett etter påske.