Esben Esther Pirelli Benestad saksøkjer staten

Esben Esther Pirelli Benestad saksøkjer staten etter at hen fekk avgrensa autorisasjon som lege.

NPK-NTB
Publisert

– Det er teke ut stemning mot vedtaket om at autorisasjonen er ytterlegare avgrensa, seier Benestads advokat, Tor Sverre Fuglestein, til Fædrelandsvennen.

Det var i fjor sommar at Benestad fekk avgrensa autorisasjon som lege.

Benestad må jobbe som underordna lege i ei offentleg verksemd, under rettleiing av ein spesialist i allmennmedisin. Dette er for å vareta pasienttryggleiken, skriv avisa.

Det var i 2022 at Helsetilsynet starta ei gransking av Benestad. Grunngivinga var at Statsforvaltaren i Agder konkluderte med brot på kravet helselovgivinga hadde til kva som er forsvarleg, informasjonsplikt og journalføring.