Esben Esther Pirelli Benestad får praktisere som lege

Åshild Slåen
Publisert

Oppdatering 20. juni: Til VG presiserer Statens helsepersonellnemnd at Benestad får ein avgrensa autorisasjon som vil seie at hen må arbeide i ei underordna stilling i offentleg verksemd. Det vil seie at hen ikkje kan vere privatpraktiserande lege, og nokon må ha tilsyn med behandlinga hen gir pasientar.

Det var Fædrelandsvennen som omtalte saka fyrst.

– Dette er ei gåve til den skeive rørsla i Noreg. Dette var ei grusam belastning. Det var helsepersonellnemnda som frikjente meg, seier Benestad til VG.

Pirelli vart fråteken legeautorisasjonen av Helsetilsynet i februar i år.

No har Statens helsepersonellnemnd gjort om vedtaket til Helsetilsynet, og Benestad får delvis tilbake autorisasjonen.

Framleis avgrensa

Nemnda kom fram til at det var manglar i journalføringa til Benestad, men at det ikkje var nødvendig å ta frå hen autorisasjonen.

Benestad blir likevel avgrensa frå å skrive ut legemiddel i gruppe A og B. Dette er vanedannande eller sterkt vanedannande legemiddel, som til dømes sterke smertestiller.

Noko av bakgrunnen til at Helsetilsynet tok legeautorisasjonen til Benestad var fleire bekymringsmeldingar, blant anna frå fastlegar til Statsforvaltaren i Agder. Eit kjernepunkt i desse meldingane var at Benestad har valt å ikkje vise personar med kjønnsinkongruens vidare til spesialisthelsetenesta ved Rikshospitalet.


To personar med regnbogeglagg og paraply i pride-parade.

Esben Esther Pirelli Benestad (i rødt) på Europride i 2014.