Politiets Fellesforbund vil fryse politiutdanninga i eitt år

Det fløymer over av arbeidsledige politifolk etter fullført utdanning. Derfor vil Politiets Fellesforbund fryse utdanninga av nye politifolk i eitt år.

NPK-NTB
Publisert

– Eg har ikkje hjarte til å la 500 nye politistudentar starte på ei utdanning der sjansen for jobb er så liten, seier leiaren i Politiets Fellesforbund, Unn Alma Skatvold, til TV 2.

Ho meiner at det er å halde folk for narr når ein utdannar nye politifolk, samtidig som det nesten ikkje blir gjort tilsetjingar.

Fellesforbundets leiar viser til tal som fortel at med den totale arbeidsløysa vil dei i juni stå med nesten 900 arbeidsledige.

– Det er ein forferdeleg situasjon, som det i alle fall ikkje er vits å utdanne fleire inn i, fortel Skatvold til kanalen.

Forslaget hennar får ikkje støtte frå dei som avgjer kor mange studieplassar som blir lyste ut, nemleg regjeringa. Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Sigve Bolstad (Sp), seier dei jobbar beinhardt kvar dag for å få folk i jobb.

– Ambisjonen til regjeringa er å få fleire politifolk, ikkje færre, seier statssekretæren til TV 2.