I 20 år har politihesten Tyr halde Oslos gater trygge

Tyr fekk som første hest Politimedaljen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Han er ein tøff og stor hest. Han er også ein sånn som ikkje er redd for så mykje.

Framtida.no snakkar med politioverbetjent Rolf Eriksen, som er fagansvarleg for ryttarkorpset i Oslo-politiet og som har Tyr som sin faste tenestehest.

I desember vart politihesten heidra for 20 års aktiv teneste. Tyr er den første hesten nokosinne som får Politimedaljen, skriv Aftenposten.

Tyr, som blir 25 år, er ein slags leiar for dei andre politihestane. I dag er det ni hestar som blir brukt i teneste.

– Han er ein god læremeister for dei yngre hestane. Han går ofte først, og så kjem dei andre som er litt reddare etter.

Tyr og makkar Rolf Eriksen. Foto: Privat

Har «møtt» Obama

Tyr har vore med på det meste innan ordenstenesta, og har ein del spesielle oppdrag.

– Han var med då Obama fekk fredsprisen. Han har vore med på ei rekkje statsbesøk og paradar. Han har vore med på mange fotballkampar, demonstrasjonar, og følgd tallause opptog gjennom byen, fortel Eriksen.

Elles har hesten delteke på leiteaksjonar både i by og skog.

Det er viktig for politiet å vere tilgjengeleg og synleg for folk, og der er ryttarkorpset viktige. Dei blir mykje kontakta av turistar og folk i gatene i Oslo. Mange er glade i dyr, og politioverbetjenten opplever at barn er fascinert av hestar.

Verdas snillaste hest

– Men er Tyr òg med på å fakke skurkar? 

– Jada, han er ein del Oslo-politiets verktøy på lik linje og får oppdrag som andre patruljar. Men det er klart vi har nokre avgrensingar. Det går ikkje så fort, og han er ikkje så god i leilegheiter.

Men hestane har god effekt på helgeproblematikk med mykje liv i byen, og dei driv med oppsøkjande politiarbeid.

Tyr saman med politimester Ida Melbo Øystese og Åsta Marie Lystskjold frå ryttarkorpset under feiringa. Foto: Oslo politidistrikt

– Kan barn kome bort og helse på dersom dei ser politihesten?

– Ja, han er verdas snillaste hest, svarar ryttaren hans, men legg til at det som regel er kos på Tyrs premiss.

– Viss eg skal ut på vakt, er det ikkje alltid eg får kose og klappe han, men nokre gonger er han veldig på det.

Stor feiring

20 år i teneste blei markert med medalje, diplom og eit stort fat med gulrøter.

– Eg trur Tyr er som andre hestar og eigentleg ikkje brydde seg noko særleg, bortsett frå då det kom gulrøter, som var ein del av gåva. Då vakna han til liv og syntest det var stas.

Kanskje dette diplomet skal henge i stallen hos Tyr? Foto: Oslo politidistrikt

– Han er som hestar flest, mest opptatt av mat, seier Eriksen.

Sjølv om 25-åringen har arbeidd i 20 år, har han ingen planar om å pensjonere seg med det første. Eriksen fortel at dei ikkje har noka aldersgrense for kor lenge ein hest får vere politihest. Det kjem an på helsa og kva som er forsvarleg med tanke på dyrevern.

Det er òg nokre fordelar med å vere så gamal i jobben.

– Han blir brukt på ein snill måte og i hans tempo.