Rekordmange unge vil ha treningsdop

Statistikk viser at rekordmange, og særleg unge, er villige til å gå langt for å få draumekroppen. Dei yngste som vil byrja med anabole steroid er nede i tolvårsalderen.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Dei yngste er nede i tolvårsalderen. Det er særdeles urovekkande, seier Christine Wisløff i Steroideprosjektet til NRK.

Dei som tek kontakt, har ofte byrja eller ønsker å byrja med anabole steroid for bygga musklar raskt. 96 prosent av innringarane driv ikkje med kroppsbygging. Tidlegare var det godt vaksne menn som ringde inn, forklarar ho.

Trenden Wisløff merkar stemmer òg med statistikk frå Kripos. I 2023 auka talet på beslag av anabole steroid med om lag fem prosent frå året før. 2019 var sist Kripos kunne rapportera om så høge tal.

– Folk fortel at dei er villige til å gå langt for å få den draumekroppen dei har lyst på. Dei ønsker at det skal gå veldig raskt, seier Marte Otterholm Fjeld ved Dopingkontakten.

Dopingkontakten er ei anonym samtale- og informasjonsteneste i regi av Antidoping Norge. Januar i år har vore rekordmånad for dei.