Frå sakte romantikk til romantiske komediar – her er eit utval filmar som passar på kjærleikens dag.

Jenny Lund, Rakeb Berhanu Erana, Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Moonstruck (Norman Jewison) 

Enka Loretta Castorini (Cher) mista mannen sin brått etter berre to års ekteskap, noko ho gjev brot på tradisjonar under sjølve bryllaupet skulda for. Då kjærasten hennar Johnny (Danny Aiello) frir til ho fleire år seinare, har ho derfor strenge forventningar til korleis det skal vere. Før dei to kan gifte seg må han uansett til Sicilia for å pleie si døyande mor. Før han drar, gir han Loretta eit oppdrag: Å invitere veslebroren hans Ronny (Nicolas Cage), som han ikkje har vore på talefot med på fem år, til bryllaupet.

Det passar derfor dårleg då dei to møtest for første gong og beinveges forelskar seg i kvarandre.

No både forlova og forelska, men ikkje med same mann, må Loretta ta eit val om kven ho eigentleg elskar, noko det snart viser seg at ho ikkje er åleine om.

Moonstruck kom ut var det til entusiastisk ros frå både publikum og kritikarar, og han enda opp med å ta med seg heile tre Oscar-prisar. Trass i at kvart steg av handlinga tek situasjonen inn i stadig djupare kaos, er det ei skikkeleg koseleg, romantisk oppleving. Eg er også svært begeistra for korleis det heile sluttar, og eg endar alltid opp i eit litt betre humør etter å ha hatt eit lite stemnemøte med Cher og Cage.

That’s amore!

Kor: Ein kan strøyme Moonstruck på Amazon Prime, eller leige/kjøpe han på Apple TV+, SF Anytime, Google Play eller Blockbuster.

Meldar: Jenny Lund


 

Kammerpiken (Park Chan-wook)

På 1930-talet i Korea, då under japansk okkupasjon, vert kammerjenta Tamako tilsett hos den japanske arvingen Hideko (Kim Min-hee). Tamako har ein hemmelegheit: Ho er eigentleg lommetjuven Sook-Hee (Kim Tae-ri), rekruttert av svindlaren «greve Fujiwara» (Ha Jung-woo) for å kuppe arven til Hideko. Sook-Hee sin jobb er å sørge for at Hideko forelskar seg i greven, slik at han sidan kan få ho innlagt på eit galehus og stikke av med pengane.

Dessverre viser det seg at det å få nokon til å forelske seg, er langt vanskelegare enn å sjølv forelske seg, og dei to kvinnene vert kasta ut ein situasjon dei aldri kunne ha førestilt seg.

Det finst ikkje nokon tvil i meg om at Park Chan-wook er blant dei dyktigaste regissørane som jobbar i dag, og Kammerpiken er kanskje ein av hans beste filmar. Det er eit eksepsjonelt velkomponert drama i tre akter som balanserer spenning, mysterium og erotikk på ein imponerande måte. Typisk for Park Chan-wook held han ikkje tilbake på verken det morbide eller eksplisitte, men om ein kan takle det, sit ein igjen med ei av dei mest fengslande kjærleiksforteljingane sett til film dei siste 20 åra.

Kor: Ein kan strøyme Kammerpiken på HBO Max, Strim eller Filmbox+, eller leige/kjøpe han på Apple TV+ eller SF Anytime.

Meldar: Jenny Lund


Palm Springs (Max Barbakow)

Sol, bryllaup og Palm Springs i California. Kan ein tenkje seg noko betre?

Sarah (Cristin Milioti), systera til bruda, er i alle fall ikkje så veldig imponert over det heile. Utilpass og uinteressert er ho eigentleg klar til å vere ferdig med heile bryllaupet. Utover kvelden endar ho likevel opp med å bli kjent med ein annan gjest, den avslappa, men nihilistiske Nyles (Andy Samberg). Dei to er saman gjennom natta, men etter ei bisarr ulykke vaknar Sarah i senga si, utan å ha gått heim.

Korleis ho hamna der, vert likevel fort mindre viktig: Ho er tilbake til morgonen dagen før. Då ho treffer Nyles igjen, forklarar han det han kan. Sarah er no i ein tidsloop, ein som Nyles allereie har vore fleire år i. No gjeld det berre å finne ut korleis dei to kan bruke resten av liva sine på den eine dagen.

Romantisk komedie og tidsreise er kanskje ikkje ein typisk kombinasjon, men det betyr ikkje at det er ein dårleg ein. Dette er ein film eg såg ganske så tilfeldig då eg gjekk på folkehøgskulen. Sjølv om eg alltid prøver å vere ganske altetande, må eg innrømme at det tok meg lang tid før eg begynte å gi romantiske komediar ein sjanse. Litt av grunnen er kanskje Palm Springs, som eg berre såg fordi ein i filmklassen sette han opp, og til mi store overrasking likte ganske så godt! Med eit enkelt, men sterkt utgangspunkt legg han perfekt opp til å la båe skodespelarar og manus få skine. Kjemien mellom hovudkarakterane er sjarmerande, med ein god kombinasjon av godhjarta moro og eksistensiell fortviling. Alt i alt, ei særdeles morosam lita sak, med akkurat nok djupn til det verken vert for platt eller for tungt.

Kor: Ein kan leige/kjøpe Palm Springs på Viaplay, Apple TV+, SF Anytime eller Google Play.

Meldar: Jenny Lund


In the Mood for Love (Wong Kar-wai)

Dersom ein har lyst på ein sakte, romantisk film med retrovibbar, og fantastisk lydbilete på valentinsdagen, er In the Mood for Love filmen for ein.

In the Mood for Love kom ut i 2000, og er regissert av den berømte Wong Kar-wai.

I atmosfæriske Hongkong på 60-talet, møter me Chow Mo-wan og Su Li-zhen. Dei leiger rom rett ved sida av kvarandre, og brukar mykje av tida si i kvar sitt rom. Etter kvart som dei blir meir merksame på kvarandre sitt tilvære, finn dei ut at partnarane deira er utru med kvarandre.

Utruskapen førar til at dei kjem nærmare, og saman undrar dei på kvifor og korleis partnarane deira kom inn i ein utruskap. Etter kvart innser Mo-wan og Li-zhen at dei har kjensler for kvarandre. Noko som starta som eit vennskapleg forhold, utviklar seg til noko meir.

Wong Kar-wai er kjent for sin atmosfæriske, melankolske, men romantiske, forteljarmåte, noko som eignar seg til In the Mood for Love. Ein kjenner sterkt på lengtinga hovudkarakterane har for kvarandre, og for kvar dialog og møte Chow og Su har med kvarandre, blir ein djupt dratt inn i forholdet deira.

For nokon kan denne filmen kjennast treig, men eg trur det er poenget. Kjærleiken til Wo-wan og Li-zhen kjem sakte, og den er langsam – slik som kjærleik plar å vera i verkelegheita.

Kor: Mubi og HBO Max

Meldar: Rakeb Berhanu Erana


 

Crazy Rich Asians (Jon M. Chu)

Crazy Rich Asians er ein romanse for dei som ynskjer å sjå ein gøyal og storarta film på valentinsdagen. Filmen er regissert av Jon M. Chu og kom ut i 2018.

Hovudkarakteren Rachel Chu er saman med Nick Young, ein ungkar som kjem frå ein kjend, velståande familie. Dei bestemmer seg for å reisa til Singapore, heimebyen til Nick, slik at Rachel kan møte familien hans for første gong. Rachel veit enno ikkje at Nick kjem frå ein velståande familie, og er sjokkert når ho finn ut at familien til Nick er ein av dei rikaste familiane i Singapore.

Det er ikkje ei enkel sak å vera saman med nokon frå ein slik familie. Rachel finn straks ut at å vera saman med Nick kjem med store forventningar.

Det beste med filmen er at kjærleiken mellom karakterane kjennest storslått, spesielt når Nick viser at Rachel er verdt meir enn hans store rikdom og kor villig han er til å ofre alt han har for henne. Kjærleiken mellom paret strålar ut gjennom kvar scene dei har saman – ein kan verkeleg kjenna på at Rachel og Nick er meint for kvarandre.

Rachel og Nick er ikkje det einaste paret me følgjer i filmen, noko som er perfekt dersom ein liker fleire par i ein romantisk film. Dei andre para har andre problem dei må løysa i lag, og som med Rachel og Nick, blir ein lett investert i forholda deira.

Kor: Netflix

Meldar: Rakeb Berhanu Erana


 

Only Lovers Left Alive (Jim Jarmusch)

Denne filmen har tema depresjon og sjølvmord. Dersom ein ikkje er komfortabel med desse temaa, anbefaler eg ikkje filmen.

Vampyrar, kjærleik og god musikk – dersom dette er alt det ein treng for ein romantisk film, er Only Lovers Left Alive frå 2013 regissert av Jim Jarmusch den perfekte valentinsdagsfilmen.

I denne romansen følgjer me to vampyrar, Adam og Eve, som har vore gift i fleire hundreår. No bur Adam i USA og er musikar, medan Eve bur på andre sida av kloden i Marokko. Sjølv om vampyrane har levd eit liv fylt av spenning og glede, har Adam falle i ein djup depresjon og har tankar om sjølvmord. Eve kjenner at Adam ikkje har det bra, og bestemmer seg for å besøka han.

Under besøket konfronterer Eve Adam om hans tankar om sjølvmord, og dei snakkar saman om kva som er gale og Eve trøystar han. Eve klarar å oppmuntra Adam, og saman klarar dei å ha ei god tid, men dette endrar seg når veslesøstera til Eve kjem på besøk.

Only Lovers Left Alive er ein poetisk film om kjærleik som har vart lengre enn ein kan tru. Forholdet mellom Adam og Eve følast nytt og friskt sjølv om dei har vore saman så lenge, noko som er veldig vakkert. Samtidig kan ein kjenna kjærleiken og omsorga Adam og Eve har for kvarandre – det er utruleg rørande. Det viktigaste ein kan ta med seg frå filmen er at kjærleik overkjem alt, og er evig.

Kor: HBO Max

Meldar: Rakeb Berhanu Erana


 

Master of None S1E6 «Nashville» (Aziz Ansari)

Dette er strengt tatt ikkje ein film, men eg anbefaler den sterkt likevel, sjølv om du ikkje har sett eller høyrt om serien før. Berre start rett på sesong 1, episode 6, og få med deg ein date litt utanom det vanlege.

Serien følgjer Dev, ein reklameskodespelar i New York, og hans liv som er daglegdags og ekstraordinær på ei og same tid. I denne episoden inviterer han Rachel med på ein første date, i Nashville! Denne vågale handlinga ber frukter, og det heile er ein tvers igjennom koseleg seanse. Stemninga er lettbeint og morosam, dialogen er både godt skriven og godt levert.

Aziz Ansari, kjend som Tom i «Parks and Recreation», har både regi og hovudrolla. Mange av personlegdomstrekka går igjen her; i likskap med Tom er Dev både barnsleg og fisefin, men i «Master of None» får me sjå ei meir jordnær og omtenksam side av karakteren. Han og Rachael (Noël Wells) er veldig søte ilag. Det er vanskeleg å ikkje bli glade i dei.

Heile serien er morosam, hjartevarm, og har eit fantastisk lydspor. Alt dette får du med deg i denne episoden, perfekt for deg som vil ha ein liten smak av den herlege startfasen av eit forhold.

Kor: Netflix

Meldar: Ola Birgitsønn Vik


 

Verdens verste menneske (Joachim Trier)

I denne filmen får me eit realistisk bilete på mange ulike sider ved kjærleiken; den til familien, den til partnaren, den nye og flammande, men også den døyande og vanskelege.

Julie er snart 30 år, og får det ikkje heilt til. Ho slit med karriereval, familien og spesielt kjærleiken. Filmen puttar oss med ein gong i skoa hennar. Alle kan kjenna seg igjen i vera på leiting etter meininga i livet, og Julie sine kjensler blir fort sjåarens. Gjennom tolv kapittel får me vera med på oppturar, nedturar, nye forhold og gamle flammar.

Frå eit teknisk standpunkt er filmen upåklageleg. Eg kan godt skjønna kvifor han håva inn prisar i både inn- og utland. Renate Reinsve vann prisen for «Beste kvinnelege hovudrolle» i Cannes i 2021, og det med rette. Me får også sterke oppvisningar frå blant anna Anders Danielsen Lie, Herbert Nordrum og Hans Olav Brenner.

Dette er inga romantisering av kjærleiken, men eit rørande og realistisk portrett av livet i dag. Sjølv om eg er stor fan av svulstige romantiske komediar, trur eg dette kan vera eit like godt alternativ på valentinsdagen.

Kor: HBO Max, Viaplay, Disney+, m.m.

Meldar: Ola Birgitsønn Vik


14 år gamle Shizuku forelskar seg i Seiji Amasawa. Illustrasjon: Studio Ghibli

Whisper of the Heart (Yoshifumi Kondō)

Studio Ghibli har mange filmar som er perfekte å sjå med dei du er glad i. «Kiki’s Budservice», «Ponyo» og «Min Nabo Totoro» er alle gode forslag, men eg vil tilrå dykk å sjå ein litt mindre kjend film frå studioet.

Shizuku er ein 14 år gamal, nerdete og fantasifull bokorm som likar å skriva historier. Ho elskar å lesa bøker, men merkeleg nok er alle bøkene ho låner allereie lese av ein Seiji Amasawa. Dette er starten på forholdet mellom dei to unge skuleborna, som endar med ei kjærleikshistorie som er verd å få med seg.

Filmen har ein herleg nostalgi, han slår eit slag for det gamaldagse. Kartotekskort var nok på veg ut allereie i 1995, då filmen kom ut, men ingenting i handlinga ville skjedd viss ikkje Shizuku kunne sjå kven som lånte bøkene før ho. Sjølv om eg aldri har vore borti sånne kort, blir dei framstilte med ei sånn tyngd at eg byrja å lengta etter enklare tider.

Filmen har all den magiske realismen som me knyter til Ghibli. Animatørane har ei fantastisk evne til å gjere alt innbydande og vakkert. Det å laga fiolinar blir behandla med same tyngd som snakkande kattar med flosshattar, og mat ser aldri betre ut enn i ein Ghibli-film.

Filmen er romantisk og koseleg, perfekt for oss som diggar Ghibli, og som eit fyrste møte med det japanske animasjonsstudioet.

Kor: Netflix

Meldar: Ola Birgitssønn Vik