Forsvarssjefen trur ikkje det er fare for krig i Noreg
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen vil ikkje gå så langt som den svenske kollegaen sin, som meiner svenskane må førebu seg på krig. Nordmenn bør ikkje bekymre seg, meiner han.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sveriges forsvarssjef bad nyleg svenskane mentalt førebu seg på krig. Samtidig meiner E-tenesta at Noreg må førebu seg på ein militær trussel frå Russland.
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen seier til NRK at det er nødvendig for Noreg å styrkje sitt eige forsvar, men understrekar likevel at nordmenn ikkje bør uroe seg.
– Folk bør vere bekymra for utviklinga i verda, men ikkje for at det skal bli krig i Noreg dei næraste åra. Men å ha eit beredskapslager heime for eit par dagar er alltid ein god idé, uansett, seier han.
Er du uroa for krig i Noreg?
Er du uroa for krig i Noreg?
– Stå saman
Kristoffersen heldt måndag kveld eit foredrag på Akershus festning i regi av Oslo Militære Samfund. I foredraget kom han inn på tryggingssituasjonen, organiseringa og utviklinga av Forsvaret og Nato.
Kristoffersen sa i foredraget at krigen i Ukraina kjem til å prege oss i mange år framover. Han oppmoda nordmenn om å behalde roa, stå saman og framleis støtte Ukraina.
Han understrekar at Noreg vil halde fram med å støtte det krigsherja landet også etter slutten av krigen. Det vil nemleg ta tid å byggje opp landet som ein sjølvstendig og demokratisk stat.
Ukraina vil prege oss
– At Ukraina vil prege oss alle her i salen dei neste 10–15 åra, er ikkje usannsynleg, meiner Kristoffersen, som til NRK seier at Vesten burde ha involvert seg i større grad tidlegare.
– Etter 2014 byrja vestlege land å støtte Ukraina. Men hadde vi gjort endå meir hadde terskelen for å invadere Ukraina kanskje vore større. Det er lett å vere etterpåklok, men eit forsvar skal først og fremst forhindre krig, og eit sterkt forsvar er ein god garanti for å ikkje få krig, understrekar Kristoffersen.