Vekas viktigaste: Vindrekord, ungdomskriminalitet og bondeopprør
Ungdomskriminalitet, vêr og demonstrasjonar er noko av det som har prega veka. Kollasj av Framtida.no. | Foto: Terje Pedersen / NTB, Simen Loholt/iHarstad / NTB og AP Photo/Thibault Camus
Frå ein fengsla tidlegare statsminister i Pakistan til demonstrasjonar i Frankrike, her er nokre av nyheitene du bør ha fått med deg frå veka som gjekk.
Åshild Slåen, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Tidlegare statsminister i Pakistan dømt til fengsel
Imran Khan (71) er dømd for korrupsjon og å ha lekt statshemmelegheiter.
Den tidlegare cricketstjerna representerer Pakistan Tehreek-e-Insaf (PTI), som i dag er det største partiet i nasjonalforsamlinga.
Han vart avsett som statsminister i 2022 etter eit mistillitsforslag. Sidan den gongen har Khan vore involvert i rundt 150 rettssaker, som inkluderer terrorisme og oppmoding til vald. Han sonar i dag ein dom på tre år for korrupsjon.
Tysdag vart Khan og utanriksministeren hans dømd til ti år fengsel for å ha lekt statshemmelegheiter, ifølgje Reuters.
Onsdag vart Khan og kona Bushra Bibi (49) dømd til 14 år fengsel for korrupsjon. Khan får heller ikkje ha offentlege verv på ti år, ifølgje Time Magazine.
Sjølv hevdar Khan at han er offer for ei politisk heksejakt.
Den 8. februar kan 127 millionar pakistanske veljarar stemma, men Imran Khan er ikkje på listene. Rett før fristen gjekk ut i desember i fjor vart det klart at den tidlegare statsministeren ikkje fekk stilla.
Imran Kahn frå 2019, då han var i USA som ein del av opninga til FN si generalforsamling. Her med Donald Trump. | Foto: Shealah Craighead / Official White House
Ungarn vart pressa til å gå med på krisepakke til Ukraina
Ungarn var det einaste landet som stod i vegen for denne pakka, og blokkerte vedtaket før jul.
Etter eit EU-notat som stod fram som ein plan for å sabotere ungarsk økonomi vart lekt, skulda Orbán EU for utpressing. Notatet viste seg seinare å vere ei skildring av ungarsk økonomi, men Viktor Orbán har likevel gått ut og sagt at det faktisk eksisterer ein plan for å sabotere økonomien for landet hans.
Victor Orban, statsminister av Ungarn, saman med Russland sin president Vladimir Putin. Ungarn har lenge vore på god fot med RUssland, trass i invasjonen av Ukraina i 2022. Her frå 2016. | Foto: Kremlin.ru, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons
Restar av eit tak ligg på helikopterlandingsplassen ved sjukehuset i Harstad. | Foto: Simen Loholt/iHarstad / NTB
Store bondeopprør i Europa
Dei siste vekene har franske bønder demonstrert, og denne veka rykte dei med traktorar inn for å blokkere hovudstaden Paris.
Hovudstaden sende ut 15 000 politifolk i gatene for å forsøke å hindre at byen vart lamma. Demonstrasjonen er ein del av eit større bondeopprør i fleire EU-land, inkludert Frankrike, Belgia og Tyskland. Bøndene protesterer mot det dei meiner er urettferdige konkurransevilkår og redusert inntekt og pensjon.
Ifølgje Bama er 100 av deira bilar påverka, som kan føre til at mindre frukt og grønt blir frakta til Noreg.
Traktorar og militære køyretøy blokkerte ein motorveg sør for Paris 31. januar. | Foto: AP Photo/Thibault Camus
Politidirektør Benedicte Bjørnland er uroa over utviklinga.
− Politiet ser med bekymring på at det vert utført meir kriminalitet blant stadig yngre born. Sjølv om den største auken består av mindre alvorlege forhold, er det fleire utviklingstrekk som peikar på utfordringar samfunnet må ta grep om i fellesskap, seier ho i pressemeldinga.
Oslo 20230608.
Politidirektør Benedicte Bjørnland er bekymra over ungdomskriminalitet. Her frå i fjor. | Foto: Terje Pedersen / NTB
✨Lyspunkt✨: Samla inn nesten éin million kroner til hjelpearbeid i Gaza på Instagram
Etter krigen braut ut i Midtausten, starta Plan ein innsamlingsaksjon for livreddande nødhjelp til barna i Gaza på Instagram. Originalt var målet deira å samle inn 50 000 kroner via det sosiale mediet, i tillegg til andre inntekter.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.