Politiet har registrert stor auke i ungdomskriminalitet

I 2023 vart det registrert 28 prosent fleire saker med gjerningsperson under 18 år, samanlikna med året før.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

− Barn som utøver kriminalitet, blir stadig yngre, og me merkar ein større auke enn tidlegare, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.

I 2023 registrerte politiet 11 700 gjerningspersonar under 18 år. Det er 20 prosent meir enn dei siste fire åra.

Ein fjerdedel var valdssaker

Ei påtaleavgjersle er politimyndigheitene si vurdering av om ei sak skal leggjast bort, straffeforfølgjast eller føre til andre former for reaksjonar, noko som er tilfellet om personen er under 15 år.

I fjor vart det teke ei slik avgjerd for 21 800 straffbare forhold gjort av barn og unge under 18 år, noko som er 28 prosent meir enn i 2022.

Rundt 5 400 av sakene der gjerningspersonen var under 18 år var valdssaker.

Kan ikkje straffeforfølgjast

Barn under 15 år stod for 36 prosent av forholda.

− Når det kjem til barn under 15 år, så kan ikkje desse straffeforfølgjast. Det er andre ressursar enn politiet sine som må utgjera dei viktigaste innsatsfaktorane for å førebyggja og avverja lovbrot i denne aldersgruppa. Foreldre, barnevern, skule, NAV, helsevesenet, rusomsorga og frivilligheita har alle viktige roller i dette arbeidet, seier Bjørnland. 

Ho understrekar at politiet skal bidra med det dei kan, men at det òg trengst meir bevisstheit rundt moglege bakanforliggjande årsaker som barnefattigdom, manglande integrering, tronge busituasjonar, fråvær av fritidstilbod, utanforskap, skulefråfall, rusproblem og psykisk vanhelse.

200 gjengangarar

Brorparten av ungdommane er registrert med ei sak, medan 2 prosent står for 18 prosent av sakene.

– Dette betyr at rundt 200 svært aktive lovbrytarar på landsbasis utøver gjenteken kriminalitet, der alvorsgraden ofte aukar med talet på lovbrot som blir gjort, forklarar politimeisteren.

Bjørnland er uroa over utviklinga og meiner det understrekar kor viktig det er med tverrfagleg innsats før barn utøver alvorleg kriminalitet.

− Politiet ser med bekymring på at det vert gjort meir kriminalitet blant stadig yngre born. Sjølv om den største auken består av mindre alvorlege forhold, er det fleire utviklingstrekk som peikar på utfordringar samfunnet må ta grep om i fellesskap.