Filmmeldar Ola Birgitsønn Vik (19) har boltra seg på Tromsø internasjonale filmfestival. Her er filmane du kan notera deg til seinare.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Førre veke var det klart for den 34. Tromsø internasjonale filmfestival (TIFF), mi favoritt-tid på året. Ikkje berre blir gatene fylt av likesinna filmentustiastar, men ein får også boltra seg i mange flotte filmar. Dette er nokre av dei beste filmane eg var heldig å få sjå.

Robot Dreams (Pablo Berger)

Robot Dreams er ein spansk animasjonsfilm som fortel kjærleikshistoria mellom ein hund og ein robot. Aldri før har eg gråte så mykje medan eg høyrde på «September» av Earth, Wind & Fire.

Hunden Dog bur i eit 80-tals New York. I eit forsøk på å vera mindre einsam, kjøper han ein robot, Robot. Dette skulle visa seg å vera det beste valet i liva deira, og saman lever dei herrens glade dagar. Dei går på rulleskøyter, et is og høyrer på «September». Uheldigvis varar ikkje lykka evig …

Karakterane og omgivnadene er veldig uttrykksfulle, så dei klarer å fortelja ei nyansert kjærleikshistorie utan å seia eit einaste ord. Spesielt søte er hovudkarakterane. Sjølv eg, som aldri har vore verken ein hund eller ein robot i New York for 40 år sidan, kjende ei varm og god nostalgikjensle under heile filmen.


 

Perfect Days (Wim Wenders)

Perfect Days er ein japansk/tysk film frå Wim Wenders. Timane flaug, sjølv om det er ein lang film som går i eit ganske sakte tempo.

Hirayama (Kôji Yakusho) jobbar med å vaska offentlege toalett i Tokyo. Livet hans er veldig styrt av rutinar, og me blir godt kjende med korleis han står opp, gjer jobben sin og det han gjer etterpå. Filmen er på mange måtar ei romantisering av eit enkelt arbeidarklasseliv.

Musikken i filmen kjem for det meste frå kassettspelaren i bilen til Hirayama. Me får høyre Patti Smith, The Kinks og spesielt Lou Reed. Det er eit perfekt soundtrack for ein optimistisk og nostalgisk film som dette.

Perfect Days var ein av dei beste filmane eg såg på TIFF; ein roleg, søt og rørande film.


 

Evil Does Not Exist – Aku wa sonzai shinai (Ryusuke Hamaguchi)

Dette var favorittfilmen min på festivalen. Eg kan ikkje venta til lydsporet kjem til Spotify.

Handlinga finn stad i ei lita bygd utanfor Tokyo. Lokalsamfunnet reagerer når dei ser planane for ei ny form for glamorøs turisme. Hovudperson Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana har begge eit nært forhold til naturen, ein natur som blir trua av eit nytt «glamping»-prosjekt.

Filmen tek seg god tid og lullar deg inn i ein behageleg rytme, men det skal visa seg at det skjuler seg vondskap under overflata.

Dei gjer utruleg mykje med veldig lite. Ein scene kan gå frå rørande til morosam til grensesprengande spennande, berre gjennom skodespelarane sine subtile uttrykk og handlingar. Mange av scenane er filma i lange sekvensar, filmen er langsam, men aldri kjedeleg.

Alt i filmen, frå karakterane, skodespelet, historia og spesielt musikken er fyrsteklasses. Eg tilrår filmen til alle, og gler meg allereie til neste gong eg får sjå han.


 

The Home Game (Smari Gunn, Logi Sigursveinsson)

Eg er ikkje spesielt interessert i fotball, så eg vart både imponert og overraska over dokumentaren The Home Game. Eg vart rørt til tårer av ein fotballkamp!

I den vesle bygda Hellissandur på Island har dei ein flott fotballbane. Dessverre gjekk draumen om ein ligakamp på heimebane ad undas etter eit 10–0 tap mot ein golfklubb. 20 år etterpå prøver Kári Viðarsson å setja saman eit fotball-lag beståande av alle som har lyst, for å endeleg få oppfylt draumen.

Dette viser seg å vera eit ganske hårete mål, og me får sjå alle stega på vegen. På erketypisk islandsk vis er alt i filmen både utruleg seriøst og heilt tullete på same tid. Alle kjenslene på skjermen er ekte, og det er vanskeleg å ikkje bli rive med. Alle i salen jubla, hoia og gret saman med dei på skjermen. Det var vakkert å sjå kor viktig eldsjeler som Kári er for små lokalsamfunn.


 

Eallogierdu – Tundraens Voktere (Sara Margrethe Oskal)

Lena (Risten Anine Kvernmo Gaup) er ein samisk kunstnar som har eit prosjekt om kvinner innan reindrift. Ho flyttar derfor frå Oslo og tilbake til heimbygda. Der blir ho forelska i Máhtte (Nils Ailu Kemi), og det vert drama. Máhtte si mor er imot forholdet deira, på grunn av noko Lena har gjort i fortida …

Me kjem tett innpå det flotte nordnorske landskapet, og får eit innblikk i korleis reindrifta fungerer.

Karakterane stiller spørsmål rundt identitet, kjønn, kulturarv og kjærleik, noko eg vil tenkja er til å kjenna att for dei fleste.

 

The Holdovers (Alexander Payne)

The Holdovers er ei utradisjonell juleforteljing som finn stad på ein kostskule i USA. 70-talsestetikken er sterk, det same er humoren og dei rørande historiene.

Paul Hunham (Paul Giamatti) er ein gretten historielærar som ingen likar. Som straff må han feriera på skulen saman med elevane som ikkje kan feira jula heime.

Dette var ein av filmane eg gledde meg mest til, og han leverte! Spesielt vart eg imponert av Da’Vine Joy Randolph som Mary Lamb. Ho var det moralske kompasset i gruppa, og gjorde alle scenane ho var i betre.

Regissør Alexander Payne har ein lang karriere, og er kjent for satire og mørk humor, med filmar som Election og Sideways. Filmen har nokon samfunnskritiske perspektiv, som kva privilegium som følgjer med å ha mykje pengar, men det kjenslemessige er alltid i fokus.


 

Ibelin (Benjamin Ree)

Ibelin var ein av dei største filmane under festivalen, og hadde Europapremiere under TIFF. Sjølv om han vann publikumsprisen, klarte eg ikkje heilt å bli fanga av den unike dokumentaren.

Mats lid av Duchennes muskeldystrofi, ein ulækjeleg sjukdom som gradvis svekkjer muskelfunksjonen. Medan han blir meir og meir bunden av rullestolen og teknologi i verkelegheita, lever han eit heilt anna liv inne i dataspelet World of Warcraft (WoW). Mats døydde berre 25 år gammal, og filmen viser korleis han forbetra liva til vennane sine gjennom avataren Ibelin.

Mykje av filmen går føre seg inne i WoW, og er animert med karakterar henta rett frå spelet. Dialogen er også henta direkte frå ekte samtalar Mats hadde, levandegjort av skodespelarar. Dette er veldig verknadsfullt, både for oss med kjennskap til spelet og dei utan.

Dette var dessverre ikkje filmen for meg, men eg skjønar godt kvifor han har fått så mykje god kritikk som han har.


 

 

Daaaaaali! (Quentin Dupieux)

Absolutt den mest absurde filmen eg såg under festivalen. Eg skjønte ikkje så mykje, men storkoste meg heile vegen.

Filmen handlar om ein fransk journalist som skal intervjua sjølvaste Salvador Dali. Dette er berre utgangspunktet, og filmen utviklar seg fort til ein draumeaktig og absurd film der alt er mogleg. Det regnar daude hundar, det er draumar inne i draumar, og ein cowboy klarar ikkje å slutta å drepa presten. Eg vel å tru at dette er ei realistisk framstilling av Dalis liv.

Det beste med filmen var heilt klart Jonathan Cohen som Dali. Skikkeleg sjølvoppteken og eksentrisk på best mogleg vis. Filmen gjer også mykje spennande med kameraet og visuelle effektar, og det er umogleg å føresjå kva som kjem til å skje.

Pot-au-feu – Veien til hjertet (Anh Hung Tran)

Pot-au-feu handlar om Dodin Bouffant (Benoît Magimel), som er ein stor kokk i Frankrike på slutten av 1800-talet, og forholdet hans til kokk og samarbeidspartnar Eugénie (Juliette Binoche). Men Pot-au-feu handlar eigentleg om mat. Ingrediensane, korleis ein skal laga dei, og spesielt, korleis det smakar.

Filmen tek seg god tid og lar deg bli godt kjend med alle rettane. Det er openbert at skaparane bak verkeleg bryr seg om matlagingskunsten. Eg vart inspirert til å dra rett heim og prøva meg på kjøkkenet, men resultata kunne dessverre ikkje måla seg med dei fantastiske rettane eg såg på skjermen.

Eg vil ikkje anbefala å sjå filmen på tom mage.


 

 

 

Sau (Rebekka Nystabakk)

Rebekka Nystabakk har laga ein hjartevarm og tankevekkande dokumentar om systera si som overtar foreldra sin sauegard.

Rakel Nystabakk og kona Ida har akkurat flytta heim til Nordland. Me følgjer dei gjennom eit heilt år, med lamming, beiting og gjeting, slakting og så lamming igjen.

Dette her var ein av dei artigaste filmane eg såg på TIFF i år! Sauar er artige i og for seg, og heile familien var sjarmerande og likande. Det var ein flott balanse mellom det seriøse og artige, oppturar og nedturar. Dei fekk verkeleg fram viktigheita av å ta vare på småbruk som dette, eg vart overtydd om at slike småbruk er viktige for framtida.

Eg har sjølv vakse opp på eit lite småbruk med sau, så eg fekk ordentleg heimlengsel av å sjå filmen. Eg tilrår filmen til alle som likar sau og gode dokumentarar.

Dette var nokon av dei beste filmane eg såg i år, og no er det berre å gle seg til neste år!