Ryan Gosling ut mot Oscar-nominasjonar: – Ingen Ken utan Barbie

Skodespelaren er skuffa over at Oscar-akademiet ikkje har nominert Barbie-filmens regissør og hovudrolle.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Tysdag vart årets Oscar-nominasjonar klare. Det var ikkje dei store overraskingane på lista, der storfilmen Oppenheimer stakk av med flest nominasjonar. Konkurrenten frå fjorårets kinosommar, Barbie, glimra derimot med sitt fråvær i fleire av kategoriane.

Greta Gerwig var ikkje nominert for beste regi, og Barbie-skodespelar Margot Robbie var ikkje å sjå blant namna til beste kvinnelege hovudrolle.

Skuffa Gosling

Ryan Gosling fekk på si side anerkjenning for å spele dokka Ken, og var blant dei nominerte til beste mannlege birolle. Sjølv om han synest det er ei stor ære å vere nominert, har han sett seg nøydd til å ta bladet frå munnen.

– Det er ingen Ken utan Barbie, og det er ingen Barbie-film utan Greta Gerwig og Margot Robbie, dei to personane som har mest ansvar for denne historiske filmen som har blitt feira verda over, seier han i ei uttale gjeve att av CNN.

Skodespelaren meiner ingen i filmen kunne fått anerkjenning utan Gerwig og Robbie.

– Å seie at eg er skuffa over at dei ikkje er nominert i deira respektive kategoriar vil vere ei underdriving, held han fram. Han meiner dei to kvinnene bør bli anerkjende av Oscar-komiteen saman med dei andre verdige nominerte.

Gosling avsluttar innlegget sitt med å rose America Ferrera som blei nominert til beste kvinnelege birolle.

Barbie fekk åtte nominasjonar: Beste film, beste mannlege birolle (Ryan Gosling), beste kvinnelege birolle (America Ferrera), beste kostymedesign, beste originalsong (I’m Just Ken, What Was I Made For?), beste produksjonsdesign og beste adapterte manus.

Les heile uttala frå Gosling:

«Det er ei stor ære over å bli nominert av kollegaane mine saman med så dyktige artistar i eit år med så mange gode filmar. Og eg trudde aldri eg skulle seie dette, men eg er også utruleg stolt over at det er for å portrettere ei plastdokke som heiter Ken.

Men det er ingen Ken utan Barbie, og det er ingen Barbie-film utan Greta Gerwig og Margot Robbie, dei to personane som har mest ansvar for denne historiske filmen som har blitt feira verda over.

Inga anerkjenning ville vore mogleg for nokon i filmen utan deira talent, driv og geni.

Å seie at eg er skuffa over at dei ikkje er nominert i deira respektive kategoriar vil vere ei underdriving.

Mot alle odds, med ingenting anna enn eit par sjellause, lettkledde og heldigvis skrittlause dokker, fekk dei oss til å le, dei knuste hjarta våre, dei utfordra kulturen og dei skreiv historie. Arbeidet deira bør anerkjennast saman med dei andre svært verdige nominerte.

Når det er sagt, er eg så glad på vegner av America Ferrera og dei andre utrulege artistane som bidrog med talenta sine for å gjere denne til ein så banebrytande film.»

– Ryan Gosling, «Barbie»

Kjelde: CNN

 

Speglar ikkje filmåret

Den kanadiske skodespelaren er ikkje aleine om å reagere på fråværet av Gerwig og Robbie i dei to gjeve kategoriane.

Filmpåverkar Megan Cruz, kjent som jstoobs på TikTok, var til stades då nominasjonane vart kjende. I ein TikTok-video seier ho at det er «sjokkerande på mange nivå» at Margot Robbie ikkje blei nominert til beste kvinnelege hovudrolle.

– For det første, filmen Barbie ville ikkje fungert om ikkje Margot Robbie var i stand til å selje rolla med hundre prosent autentisitet og truverd. Og eg meiner det ho gjorde med rolla er massivt imponerande. Den mest imponerande skodespelarprestasjonen i filmen, etter mi meining.

Cruz synest det er rart at filmen fekk åtte nominasjonar, utan å ta med hovudrolla.

Ho trekker vidare fram at det siste året har vore bra for kvinner i film, og at tre av filmane som er nominert i kategorien «Beste film» har kvinneleg regissør.

– Og så har du berre éi kvinne i denne kategorien, seier ho oppgitt om «beste regi», og viser til franske Justine Triet, som er nominert for Anatomy of a Fall (Anatomie d’une chute).

@jstoobs Oh man these nominations #oscars #film ♬ original sound – stoobs

 

Forfattaren Charlotte Clymer er ein annan som ifølgje NTB har uttrykt misnøye med nominasjonane

– La meg sjå om eg forstår dette: Akademiet nominerte Barbie til beste film (totalt åtte nominasjonar) – ein film om kvinner som blir sett til sides og gjort usynlege i patriarkalske strukturar – men ikkje kvinna som regisserte filmen. Okay, seier ho ifølgje nyheitsbyrået.

Gerwig er likevel nominert i kategorien beste adapterte manus saman med Noah Baumbach, og Robbie er Oscar-nominert som ein av produsentane til Barbie.

Oscar-nominasjonar 2024

Beste film:

  • «American Fiction»
  • «Anatomy of a Fall»
  • «Barbie»
  • «The Holdovers»
  • «Killers of the Flower Moon»
  • «Maestro»
  • «Oppenheimer»
  • «Past Lives»
  • «Poor Things»
  • «The Zone of Interest»

Beste kvinnelege hovudrolle:

  • Annette Bening – «Nyad»
  • Lily Gladstone – «Killers of the Flower Moon»
  • Sandra Hüller – «Anatomy of a Fall»
  • Carey Mulligan – «Maestro»
  • Emma Stone – «Poor Things»

Beste mannlege hovudrolle:

  • Bradley Cooper – «Maestro»
  • Colman Domingo – «Rustin»
  • Paul Giamatti – «The Holdovers»
  • Cillian Murphy – «Oppenheimer»
  • Jeffrey Wright – «American Fiction»

Beste mannlege birolle:

  • Sterling K Brown – «American Fiction»
  • Robert De Niro – «Killers of the Flower Moon»
  • Robert Downey Jr – «Oppenheimer»
  • Ryan Gosling – «Barbie»
  • Mark Ruffalo – «Poor Things»

Beste kvinnelege birolle:

  • Emily Blunt – «Oppenheimer»
  • Danielle Brooks – «The Color Purple»
  • America Ferrera – «Barbie»
  • Jodie Foster – «Nyad»
  • Da’Vine Joy Randolph – «The Holdovers»

Beste internasjonale spelefilm:

  • «Io Capitano» (Italia)
  • «Perfect Days» (Japan)
  • «Society of the Snow» (Spania)
  • «The Teachers’ Lounge» (Tyskland)
  • «The Zone of Interest» (England)

Beste regi:

  • Justine Triet – «Anatomy of a Fall»
  • Martin Scorsese – «Killers of the Flower Moon»
  • Christopher Nolan – «Oppenheimer»
  • Giorgos Lanthimos – «Poor Things»
  • Jonathan Glazer – «The Zone of Interest»

Beste animasjonsfilm:

  • «The Boy and the Heron»
  • «Elemental»
  • «Nimona»
  • «Robot Dreams»
  • «Spider-Man: Across the Spider-Verse»

Beste kortfilm:

  • «The After»
  • «Invincible»
  • «Night of Fortune»
  • «Red, White and Blue»
  • «The Wonderful Story of Henry Sugar»

Beste kostymedesign:

  • «Barbie»
  • «Killers Of The Flower Moon»
  • «Napoleon»
  • «Oppenheimer»
  • «Poor Things»

Beste dokumentar:

  • «Bobi Wine: The People’s president»
  • «The Eternal Memory»
  • «Four Daughters»
  • «To Kill a Tiger»
  • «28 Days in Mariupol»

Beste dokumentariske kortfilm:

  • «The ABCs of Book Banning»
  • «The Barber of Little Rock»
  • «Island in Between»
  • «The Last Repair Shop»
  • «Nai Nai and Wai Po»

Beste manus:

  • «Anatomy of a Fall»
  • «The Holdovers»
  • «Maestro»
  • «Past Lives»
  • «May December»

Beste adapterte manus:

  • «American Fiction»
  • «Barbie»
  • «Oppenheimer»
  • «Poor Things»
  • «The Zone of Interest»

Beste originale song:

  • The Fire Inside – «Flamin’ Hot»
  • I’m Just Ken – «Barbie»
  • It Never Went Away – «American Symphony»
  • Wahzhazhe (A Song for My People) – «Killers of the Flower Moon»
  • What Was I Made For? – «Barbie»

Beste filmmusikk:

  • «American Fiction»
  • «Indiana Jones and the Dial of Destiny»
  • «Killers of the Flower Moon»
  • «Oppenheimer»
  • «Poor Things»

Beste klipp:

  • «Anatomy of a Fall»
  • «The Holdovers»
  • «Killers of the Flower Moon»
  • «Oppenheimer»
  • «Poor Things»

Beste lyd:

  • «The Creator»
  • «Maestro»
  • «Mission: Impossible – Dead Reckoning Part One»
  • «Oppenheimer»
  • «The Zone of Interest»

Beste visuelle effektar:

  • «The Creator»
  • «Godzilla Minus One»
  • «Guardians of the Galaxy Vol. 3»
  • «Mission: Impossible – Dead Reckoning Part One»
  • «Napoleon»

Beste kinematografi:

  • El Conde
  • Killers of the Flower Moon
  • Maestro
  • Oppenheimer
  • Poor Things

Beste sminke og hårstyling:

  • Golda
  • Maestro
  • Oppenheimer
  • Poor Things
  • Society of the Snow

Beste produksjonsdesign:

  • Barbie
  • Killers of the Flower Moon
  • Napoleon
  • Oppenheimer
  • Poor Things

Beste animerte kortfilm:

  • Letter to a Pig
  • Ninety-five Senses
  • Our Uniform
  • Pachyderme
  • War is over! Inspired by the music of John and Yoko

Kjelde: NRK og oscars.org