Barbie-filmen når ny milepæl

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg trur eg fortalde dei at dei ville tene ein milliard dollar. Kanskje eg selde han inn for hardt, men vi hadde ein film å lage!

Det sa hovudrolleinnehavar og Barbie-produsent Margot Robbie i eit intervju med Collider førre månad, ifølgje CNN.

No er det klart at ho ikkje kom med tomme løfte til produksjonsselskapet. I ei pressemelding opplyser produksjonsselskapet Warner Bros. at Barbie-filmen har tent inn 459 millionar dollar i Nord-Amerika, og 572 millionar dollar i resten av verda.

Med det passerer Greta Gerwigs film éin milliard dollar 17 dagar etter at filmen hadde premiere.

Regissør Greta Gerwig. Foto: Martin Kraft, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons, Barbie Selfie Generator, Framtida.no.

Greta Gerwig er òg den første kvinnelege solo-regissøren som tener inn over ein milliard dollar.

«Barbillion»

«Barbie» følgjer etter «The Super Mario Bros. Movie» som den andre storfilmen i år som passerer éin milliard dollar i billettinntekter. Det er den sjette milliard-filmen etter pandemien, skriv Variety.

– Som distribusjonssjefar blir vi ikkje ofte mållause av korleis ein film gjer det, men Barbillion har blåst sjølv våre mest optimistiske spådommar av banen, uttalar Warner Bros.-presidentane Jeff Goldstein og Andrew Cripps. Nyordet speler på at ein milliard heiter «billion» på engelsk.

«Barbie» er Warner Bros-filmen som raskast har nådd denne milliard-milepælen, etter «Harry Potter og dødstalismanene: Del 2», som brukte 19 dagar på å tene inn summen.

Margot Robbie speler Barbie i ein av sommarens største storfilmar. © 2023 Warner Bros. Entertainment Inc. All Rights Reserved.

God marknadsføring

Medieanalytikar Paul Dergarabedian seier til CNN at «Barbie» er ein av rundt 50 filmar i historia som har nådd over 1 milliard dollar, og gjev marknadsføringa av filmen delar av æra for det.

Han trekker fram marknadsføringskampanjen for «Barbie» og fenomenet «Barbenheimer», som viser til den delte premieredatoen med Christopher Nolans storfilm «Oppenheimer».


Kollasj med skjermdump frå den offisielle japanske Barbiefilm-kontoen. Foto: Universal Studios.