Aserbajdsjan snur – kvinner får vere med i COP-komitéen

12 kvinner er lagt til i komitéen etter kritikken.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Framtida.no har tidlegare skrive om at ingen kvinner var med i komitéen til årets klimatoppmøte i regi av FN. Møtet, kjent som COP29, skal haldast i Aserbajdsjan i november. Komitéen som skal organisere møtet, bestod i utgangspunktet av 28 menn.

No har 12 kvinner blitt lagt til i komitéen som organiserer COP29.

– Det er bra at presidenten i Aserbajdsjan tar til fornuft og inkluderer kvinner i komitéen. Det viser at det nyttar å seie ifrå, og at sivilsamfunnet spelar ei viktig rolle, seier Elise Åsnes, leiar i Spire, på e-post til Framtida.no.

Organisasjonen var blant dei som reagerte då det vart kjent at komitéen bestod utelukkande av menn.

Ikkje kjønnsbalanse

Klimainitiativet She changes climate og Christiana Figueres, FNs klimasjef då Parisavtalen blei vedtatt i 2015, er andre som kritiserte mannsdominansen.

Den aserbajdsjanske presidenten Ilham Alijev (i midten) saman med FNs generalsekretær António Guterres og sjeik Mohamed bin Zayed al-Nahyan under COP28 i Dubai. Foto: COP28 / Mahmoud Khaled

Sjølv om Åsnes i Spire er nøgd med at kvinner no er inkludert, er ho oppteken av at det langt ifrå er kjønnsbalanse.

– Og det originale vedtaket med berre menn seier noko om kva haldning ein har til kvinner og klimakamp.

Ifølgje The Guardian, har den aserbajdsjanske presidenten lagt til enda ein mann saman med dei 12 kvinnene. Komitéen består altså av 29 menn og 12 kvinner.

Nokre av kvinnene som er blitt teke med, er menneskerettskommissær Sabina Aliyeva, viseminister for økologi og naturressursar Umayra Taghiyeva og Bahar Muradova, som leier den statlege komitéen for familie, kvinner og barns problem.