Spire-leiaren meiner Noreg må reagere på kvinnemangel ved COP29 i Aserbajdsjan.
Årets klimatoppmøte for FN, COP29, blir gjennomført i Baku i Aserbajdsjan i november. Presidenten i landet, Ilham Aliyev, har nettopp annonsert komitéen som har ansvar for møtet. Ingen kvinner er inkludert i denne komitéen.
Ved det førre klimatoppmøtet, i Dei sameinte arabiske emirata, var 63 prosent av komitéen kvinner.
– Det er svært kritikkverdig at COP no ser ut til å få ei leiing som består av utelukkande menn, samt ein president som er tidlegare oljetopp.
Det seier Spire-leiar Elise Åsnes i ei pressemelding.
Ho viser til ein klimarapport frå FN som seier at det er 14 gonger meir sannsynleg for kvinner å døy i klimarelaterte katastrofar enn menn.
– Tørke, flaum og ekstremvêr rammar alle, men det er dei med færrast ressursar som bli ramma hardast. Her er kvinner overrepresentert. Samstundes er kvinner kraftig underrepresentert rundt bordet. Halve kloden kan ikkje haldast utanfor, seier Åsnes.
Ho meiner den norske regjeringa må seie ifrå om at kvinner også skal ha en plass rundt bordet ved COP29.
Klimainitiativet She changes climate har også kritisert avgjerda:
– Dette er eit steg tilbake på vegen mot kjønnsbalanse innan klima, skriv dei på X, tidlegare Twitter.