Natur og Ungdom rasar over 62 nye oljelisensar: – Heilt feil retning

Leiar i Natur og Ungdom åtvarar mot felt som først vil byrja produksjon om 15–20 år, og kunna halde på til langt over 2080.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 16.02.2024 08:02

– Desse tildelingane er eit svik mot både klima- og naturavtalen, og openbert endå eit steg i heilt feil retning, seier leiar i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, i ei pressemelding.

I dag annonserte Energidepartementet 62 nye løyve til utvinningar i årets TFO-runde (tildeling i førehandsdefinerte område).

I alt 24 selskap har fått løyve til å leita etter og vinna ut olje og gass i områda. Blant desse er Equinor, Vår Energi og Aker BP.

Ueinige i Barentshavet

– For berre nokre månader sidan kom Klimautvalet 2050 med ein tydeleg beskjed om at Noreg må setja all ny oljeleiting på pause til me har ein truverdig omstillingsplan, om me skal ha sjanse til å nå klimamåla. I staden vel regjeringa å dela ut 62 nye lisensar for felt som først vil kunna begynna produksjon om 15–20 år, og kunna halda på til langt over 2080, seier Blaževičius.

Natur og Ungdom reagerer på at talet på lisensar er auka frå fjorårets 47 og at åtte av dei nye lisensane ligg i det sårbare Barentshavet.

I samband med årets lisens oppmoda energiminister Terje Aasland selskapa til å sjå spesielt på moglegheitene i Barentshavet, som i denne runden er innlemma i det førehandsdefinerte området.

– I år tilbyr me over dobbelt så mange utvinningsløyve der som i fjorårets runde. Det viser at fleire selskap har respondert positivt på dette og er sitt samfunnsansvar bevisst. Det å påvisa meir gassressursar er viktig for lønnsemda ved å auke gasseksportkapasiteten i Barentshavet, seier Aasland i pressemeldinga frå regjeringa.

«Hårreisande»

Blazevicius meiner det er «hårreisande» å auka talet på tildelingar framfor å trappa ned for å nå klimamåla.

– Regjeringa går imot resten av verda og all anerkjend forsking når dei durar på med meir olje og gass. Det er direkte flaut for Noreg når regjeringa held fram å handla stikk i strid med løfta vi har gitt til resten av verda, meiner Blaževičius, og held fram:

– Regjeringa anerkjenner ikkje klimaproblemet Noreg og verda står overfor, og ser ut til å gje blanke i at dei overlèt klimaendringane til neste generasjon. Når generalsekretær i FN António Guterres sa at dei farlege radikale er landa som aukar produksjonen av fossil energi, må han ha sikta til Noreg.