Skumle vampyrar, gretne folk og ein koseleg bjørn står på lista til Framtida.no sine meldarar.

Ola Birgitsønn Vik, Rakeb Berhanu Erana, Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 21.03.2024 14:03

Saka er oppdatert med to ekstra filmar.


2024 byr på ei rekkje ettelengta filmar. Kanskje har du allereie fått med deg den nye Mean Girls-musikalfilmen, som Framtida.no sin meldar meinte var ein utruleg god adapsjon av originalen.

Frå skrekkfilmar til storslått Sci-Fi – her er nokre av filmane meldarane gler seg til det komande året.

«Paddington i Peru»

Regi: Douglas Wilson
Kor: Kino
Premiere: 8. november 2024 (Storbritannia)

Dei to fyrste filmane i Paddington-serien er dei beste familiefilmane eg veit om. Alle kan ha glede av å sjå dei. Det er sikre vinnarar uansett kva lag du er i.

Etter sju år kjem den tredje filmen i serien, og alt tyder på at Paddington i Peru blir ein verdig oppfølgjar.

Dougal Wilson tek over for Paul King, som regisserte dei to førre filmane. Dette er den første spelefilmen hans, så det blir spennande å sjå korleis han taklar oppgåva.

Paddington er ein søt bjørn frå Peru som berre vil vera snill mot alle. Han vart adoptert av familien Brown i London. Sidan då har han gjort liva til alle rundt seg, inkludert sjåarane av filmane hans, mykje betre. Han har det for seg å hamna i litt kinkige situasjonar, som å sitja fast i ei bøtte eller fengsel, men det ordnar seg alltid til slutt.

I den nyaste filmen følgjer me familien Brown si reise for å besøkja Tante Lucy, heime i Peru. Eg veddar på at det blir nok av ablegøyer og dramatikk, både i Amazonas-regnskogen og på fjella i Peru.

Me får gjensyn med mange av skodespelarane, blant anna Ben Whishaw som Paddington og Hugh Bonneville som Mr. Brown. Nokon nye fjes er det òg. Emily Mortimer tek over rolla som Mrs. Brown, og legendene Antonio Banderas og Olivia Colman gjer sin Paddington-debut i denne filmen.

I eit virvar av nye familiefilmar er det godt å vita at Paddington vil levera høg kvalitet. Sjølv med litt utbytting bak kamera og framføre, er eg sikker på at eg kjem til å sjå Paddington i Peru så fort som moglegheita byr seg.


 

«Dune: Part 2»

Regi: Denis Villeneuve
Kor: Kino
Premiere: 28. februar 2024

Regissør Denis Villeneuve har mange høgt anerkjente filmar bak seg. Frå thrillerar som Prisoners, til sci-fi som Arrival og Blade Runner 2049, var han det perfekte valet for å adaptera Frank Herbert sin klassikar Dune. Etter ein strålande del éin, ventar eg spent på oppfølgjaren.

Boka var tenkt umogleg å adaptera etter mange, meir eller mindre mislykka, forsøk. Trass i dette, fekk Villeneuve dei detaljerte skildringane i boka og kompliserte politiske intrigar til å gi meining på storskjermen.

Dune: Part 2 startar rett der den fyrste slutta. Me er i verdsrommet i framtida. Baron Harkonnen har gjort alt i si makt for å laga kvalm hos familien Artreides, med eit ønske om å få kontroll over det enormt dyrebare «krydderet». Hovudkarakter Paul Artreides søkjer hemn for familien sin, samtidig som han utviklar dei nye, synske kreftene sine. Han blir ein slags messias-figur, som leier den lokale fremein-befolkninga inn i krig, og forhåpentlegvis, fridom.

Lyddesignet og musikken var på mange måtar det sterkaste elementet av filmen, spesielt for dei som fekk sjå han på kino. Det var verkeleg prikken over i-en som fekk dei spektakulære visuelle effektane til å verka levande og gjorde Arrakis til ein nærast handgripeleg stad.

Det blir garantert skodespel i verdsklasse, med namn som Timothée Chalamet, Rebecca Ferguson, Stellan Skarsgård og Florence Pugh på plakaten.

Filmane er flotte for både oss som kjenner historia godt og nykommarar, men eg vil tilrå å sjå del éin fyrst. Eg gler meg til å returnera til ørkenplaneten Arrakis for å få sjå avslutninga på dette episke sci-fi-eventyret!


«The Holdovers»

Regi: Alexander Payne
Kor: Kino
Premiere: 26. januar 2024

The Holdovers kom ut i USA allereie i oktober i fjor. Med strålande kritikk frå både kritikarar og publikum, gler eg meg til noregspremieren no i slutten av januar.

Eg er ikkje veldig kjend med folka verken framføre eller bak kamera. Den einaste filmen av regissør Alexander Payne eg har sett, er Election, som var ganske artig og snål. Eg veit ikkje så mykje meir om hovudrolleinnehavar Paul Giamatti enn at han ar eit kjent fjes og fengande namn. Men eg elskar filmar som handlar om gretne gamle folk som får seg nye vennar.

Filmen finn stad i 1970 på ein internatskule i New England. Historielærar Paul Hunham er både streng og dårleg likt, og må derfor feira juleferien saman med dei andre elevane som ikkje har ein annan stad å vera i jula. Kanskje lærer Paul ein ting eller to om omsorg og medkjensle?

Regissøren har ein lang og gjæv karriere med mange prisar, inkludert to Oscar-prisar. Han er kjent for å vera satirisk, så eg trur denne filmen kan by på ei litt annleis julefeiring. Traileren var knall, så eg har høge forventingar.


 

«Red Rooms»

Regi: Pascal Plante
Kor: Kino
Premiere: 22. mars 2024

Rettssaka til seriemordaren Ludovic Chevalier er i gang, og ein av dei som følgjer med er Kelly-Anne. Den djupe fascinasjonen for saka, blanda med stadig meir utydelege grenser mellom fantasi og verkelegheit, fører ho ned eit kaninhol på leiting etter eit forsvunne stykke bevismateriale: Ein video av ein myrda 13-åring. Det rare er kor mykje denne jenta liknar på ho…

Eg er sjølv fascinert av det morbide og grufulle, både når det gjeld fiksjon og verkelegheit, men den kulturen som har vakse fram rundt true crime gjer meg ekstremt ukomfortabel. Eg kan ikkje hevde at det er eit nytt fenomen å bruke faktiske hendingar som underhaldningsstoff, men før sosiale medium var eg lykkeleg uvitande om at folk faktisk har tatoveringar av Ted Bundy.

Det er ein kultur som set eigen morbid fascinasjon framfor offer og pårørande, og eg er spent på om Red Rooms kjem til å røre ved nokon av desse problemstillingane. Sjølv viss han ikkje gjer det, er konseptet spennande nok til at eg er 100 prosent med. At filmen også vann fleire prestisjetunge prisar på den profilerte sjangerfilmfestivalen Fantasia i fjor gjer meg ikkje akkurat mindre spent!


 

«Ibelin»

Regi: Benjamin Ree
Kor: Kino
Premiere: 8. mars 2024

I 2014, 25 år gammal, døydde Mats Steen. Han hadde ein muskelsjukdom. Heilt sidan han var ung, hadde han brukt mesteparten av tida si på videospel, og foreldra sat igjen med tunge hjarte: Tenk at sonen deira hadde levd eit så einsamt liv.

Der tok dei heldigvis feil.

Som Lord Ibelin Redmoore og Jerome Walker, to avatarar i nettspelet World of Warcraft, var Mats del av ein samansveisa vennegjeng, ein gjeng som foreldra først blei kjent med då dei begynte å ta i mot kondolansar frå verda rundt. Ibelin fortel om livet til Mats i den virtuelle verda, og korleis det at vennskap er knytt i digitale arenaer ikkje gjer dei mindre ekte.

Eg hugsar godt å ha lese artikkelen om Mats og det digitale livet han levde då han først kom ut i 2019, og det er nok eit av dei stykka journalistikk som har sett dei djupaste spora i meg. Med ei blanding av arkivmateriale frå familien Steen, dei faktiske transkriberte samtalane Mats hadde i spelet og animasjon sett til WoW-verda, har eg tru på at dette vil vere ei av dei sterkaste kinoopplevingane i 2024. I registolen sitt Benjamin Ree, som tidlegare har laga ei rekke anerkjente dokumentarar, blant anna den nydelege Kunstneren og tyven. Eg gler meg til grine meg gjennom denne.


 

«Sex»

Regi: Dag Johan Haugerud
Kor: Kino, så Viaplay
Premiere: 1. mars 2024

To feiarar har ein samtale i lunsjpausen. Ein av dei har hatt ein draum om at David Bowie har sett på han som om han var ei kvinne. Den andre har nyleg hatt sex med ein annan mann, men skjønner ikkje kvifor kona meiner at det var utruskap.

Det er eigentleg det me veit om handlinga så langt, og det er nok til å fange interessa mi.

Eg har enda ikkje tatt motet til meg og sett Haugerud sin kritikarroste Barn, rett og slett fordi tematikken slår meg som svært ubehageleg. Likevel har eg fått med meg at han er eit av namna ein bør halde auge med i norsk film, som ein av dei som handterer både manus og regi til rungande suksess blant meldarar.

Sex vert den første filmen i ein trilogi om seksualitet og kjærleik i Oslo, eit prosjekt som eg er veldig interessert i sjå kor går. Etter planane kjem dei to andre filmane, Drømmer og Kjærlighet, også på kino dette året.


 

«Vermin»

Regi: Sébastien Vanícek
Kor: Kino
Premiere: 2. februar 2024

I ein drabantby i Frankrike bur Kaleb og systera i leilegheita mor deira etterlet seg. Mellom småjobbane han tek på seg for leve, passar han på ei samling av eksotiske dyr og insekt. Då han ein dag får tak i ein sjeldan edderkopp, tek det ikkje lang tid før han finn ut at han ikkje berre er ekstremt giftig, men har evna til å reprodusere seg med utruleg fart – noko som vert eit stort problem når han rømmer.

Då eg var yngre, var eg utruleg redd for edderkoppar. Eg veit ikkje kor denne frykta først kom frå, men dagen bror min fekk ein plasttarantella samen Donald-bladet sitt, med luftpumpe som fekk han til å hoppe, sit igjen som ein av dei fryktelegaste i livet mitt. Likevel har eg, i vaksen alder, kome meg, og har eigentleg tenkt at araknofobien min hadde forsvunne.

Det motbeviste Vermin då eg gav dei andre i kinosalen ein god latter ved å kveppe høgt då ein edderkopp på lerretet hoppa fram.

Av dei nye filmane som blei vist på skrekkfilmfestivalen Ramaskrik sist oktober, er dette desidert favoritten min, men ikkje berre fordi det er ein skrekkfilm som faktisk gav meg noko å vere redd for. Inne i vevet finn ein nemleg også eit overraskande sart portrett av korleis både familiemedlemmar og venar kan vekse frå kvarandre når ein ikkje får til å kommunisere. Vermin er mørk og tidvis ganske så deprimerande, men regissør Sébastien Vanícek fører det heile med ei rask, stilsikker hand.


 

«Perfect Days»

Regi: Wim Wenders
Kor: Kino
Premiere: 2. februar 2024

Hirayama jobbar med å vaske offentlege toalett i Tokyo. Når han er ferdig, drar han heim til leilegheita si. Der ser han til plantane sine, les bøker, høyrer på musikk, og sorterer gjennom fotografia han har tatt, utelukkande av tre. Perfect Days er eit knippe dagar i livet hans, med dei oppturane og nedturane som kjem med dei.

Denne skildringa høyrest kanskje ikkje så overtydande ut, men Perfect Days er ikkje den typen film som eg kan koke ned til eit fengande avsnitt. Han er, derimot, den beste nye filmen eg såg i 2023. Å forklare kvifor er ikkje så enkelt, og eg veit ikkje om andre kjem til å ha den same opplevinga, men for meg var det noko utruleg sterkt med å sjå eit så alminneleg liv framstilt på eit så vakkert vis.

Det er ein film som, overdramatisk som det kanskje høyrest ut, gav meg lyst til å leve. Ikkje til å bli verdsmeister, tene gode pengar, eller oppnå suksess, men å vakne opp om morgonen og gjere det beste ut av dagen.

Hovudrolleinnehavar Kôji Yakusho vann prisen for beste skodespelar i Cannes for prestasjonen sin her, og det har han fortent. Sjeldan har eg sett ei så stille rolle spelt med så mykje kjensle, utan ein snev av overdriving. Dei som kjenner til arbeidet til regissør Wim Wenders, skjønner nok kva slags kjensle han kan røre med, men sjølv for dei som ikkje har sett noko anna av han, anbefaler eg å gi Perfect Days ein sjanse. Gå inn utan forventningar, og la filmen føre deg med seg.


 

«Håndtering av udøde»

Regi: Thea Hvistendahl
Kor: Kino
Premiere: 9. februar 2024

Det er ikkje mangel på spennande norske filmar i år. Ein av dei er Håndtering av udøde. Filmen er basert på ein roman med same namn og regissert av Thea Hvistendahl. Ho har blant anna regissert Adjø Montebello frå 2017.

Handlinga går føre seg i Oslo, der dei døde plutseleg blir levande igjen. Me følgjer tre familiar som får tilbake døde familiemedlemar, og blir vitne til korleis familien handterer denne uverkelege situasjonen. Samstundes som familiane er glade for å ha familiemedlemane tilbake, er det framleis ikkje klart kven eller kva dei døde er og kvifor dei er tilbake.

I hovudrolla finn me Renate Reinsve, som har blitt ei internasjonal superstjerne etter Verdens verste menneske. Reinsve er ikkje den einaste stjerna, me har også Anders Danielsen Lie, Jonas Karlsson og Ruth Vega Fernandez i rollebesetninga.

Det er forfriskande å sjå ein norsk skrekkfilm blant hundrevis av skrekkfilmar frå Hollywood som blir vist på kino. På toppen av det, sjølv om Håndtering av udøde er ein skrekkfilm, er han også ein film om sorg og kjærleik. Dette er nokon av grunnane til kvifor eg gler med til Håndtering av udøde.


 

«Nosferatu»

Regi: Robert Eggers
Kor: Kino
Premiere: Desember 2024

2024 blir eit godt år for fans av klassiske skrekkfilmar. Me får nemleg ei ny filmatisering av Nosferatu frå Robert Eggers. The Northman, The Lighthouse og The Witch er fantastiske skrekkfilmar Eggers har regissert, og hans versjon av Nosferatu kan ein allereie leggja til i den lista.

Med blant anna Bill Skarsgård, Lily-Rose Depp, Willem Dafoe og Nicholas Hoult i rollebesetninga, kan ein garantera at Nosferatu blir ein film med ekstraordinært skodespel.

Den originale Nosferatu frå 1922 er ein klassisk stumfilm, og er ei uoffisiell filmatisering av romanen Dracula av Bram Stoker.

Nosferatu handlar om vampyren Grev Orlok. Han er det motsette av vampyrane frå Twilight, Vampire Diaries, og popkultur. Han ser ikkje menneskeleg ut, har skarpe fronttenner, og er ikkje særleg sjarmerande eller fin.

Grev Orlok (Bill Skarsgård) får besøk av eigedomsmeklaren Thomas Hutter (Nicholas Hoult) frå den fiktive byen Wisborg. Då han får sjå bilete av kona til Thomas, Ellen Hutter (Lilt-Rose Depp), blir Orlok besett av ho. Han bestemmer seg for å gå etter ho, og Thomas er bestemd på å halda han vekke frå Ellen. På oppdraget hans, utløyser Orlok kaos i Wisborg.

Det har gått over førti år sidan den siste adapsjonen av Nosferatu, og no er det på tide at me får ein ny Nosferatu-film. Eg kunne ikkje ha tenkt meg ein betre regissør enn Eggers til å regissera denne filmen, og dessutan kunne eg ikkje tenkt meg nokon andre enn Bill Skarsgård til å spela Orlok. Alt dette legg opp til ein ugløymeleg versjon av Nosferatu, og eg gler meg utruleg mykje.


 

«Mickey 17»

Regi: Bong Joon-ho
Kor: Kino
Premiere: 29. mars 2024

Regissøren Bong Joon-ho frå Sør-Korea blei ei internasjonal superstjerne då filmen hans Parasite frå 2019 blei den første ikkje-engelskspråklege filmen til å vinna Oscar for beste film. På toppen av dette har han regissert dei utrulege filmane Memories of Murder, The Host og Snowpiercer. I 2024 kjem han med ein ny science fiction-film, Mickey 17.

Hovudkarakteren blir spelt av Robert Pattinson. Dei siste åra har Pattinson gitt oss fleire spektakulære roller – han er ein av dei beste skodespelarane no til dags, og eg gler meg til å sjå han i Mickey 17. Saman med Pattinson, har ein Steven Yeun, Toni Collette, Noami Ackie og Mark Ruffalo i rollebesetninga. Kvar av dei er også fantastiske skodespelarar.

I denne science fiction-filmen, følgjer ein Mickey (Robert Pattinson) som er ein «expendable». Slike menneske kan døy og ein ny versjon av kroppen deira kan bli laga med minna til den førre kroppen. Mickey og ein gjeng blir sende på eit farleg romkoloniseringsoppdrag til isplaneten Niflheim. Det er på denne planeten ting går gale.

Bong Joon-ho er utruleg flink til å laga filmar der menneske viser sine mørke sider i desperate situasjonar. Difor er eg veldig spent til kva me har i vente.