Filmmelding: Mean Girls-musikalen er ein utruleg god adapsjon av originalen

Mean Girls anno 2024 har ei utruleg sterk rollebesetning, men manglar kostyme- og karakterutviklinga frå 2004-versjonen.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

«The Plastics» er tilbake på storskjermen.

Den oppdaterte musikalversjonen av Mean Girls frå 2004, har essensen av originalen samtidig som den er oppdatert for eit gen Z-publikum.

Slik klarar Mean Girls (2024) å vera ein utruleg god adapsjon av originalen.

Mean Girls

Nasjonalitet/språk: USA, engelsk

Regissør: Samantha Jayne, Arturo Perez Jr.

Noregspremiere: 12. januar 2024

Aldersgrense: 9 år

Sjanger: Musikal, komedie

Speletid: 1 time og 52 minutt

Frå Kenya til high school

Denne nye versjonen av Mean Girls er ein filmatisert versjon av Mean Girls-musikalen. Som i den originale, møter me Cady som nyleg har flytta frå Kenya tilbake til USA. I byrjinga slit ho med å finna si plass på high school, men etter kvart blir ho vener med Janis og Damian.

Cady sine nye vener fortel ho om den mest populære vennegruppa på skulen deira, «the Plastics». Falske, snobbete, vakre, slemme og rike – det er slik jentene i vennegruppa blir beskrive. Regina er leiaren av gruppa, og med seg har ho Karen og Gretchen.

Janis og Damian overtalar Cady til å infiltrera «the Plastics» si vennegruppe, og det som starta som ein liten operasjon går heit amok.

 

Sterk besetning

Rollebesetninga består av ferske, unge skodespelarar. I hovudrolla har me Angourie Rice som speler Cady Heron og Reneé Rapp som speler antagonisten Regina George. I tillegg finn me Avantika Vandanapu (Karen Shetty), Bebe Wood (Gretchen Wieners), Auli’i Cravalho (Janis ‘Imi’ike) og Jaquel Spivey, som spelar min absolutt favorittkarakter frå Mean Girls, Damian Hubbard.

Karakterane i Mean Girls (2004) er ikoniske og har blitt ein del av popkultur, spesielt, Regina, Cady, Karen og Gretchen. På grunn av dette, har det vore stort press på skodespelarane til å prestera godt – og det gjorde dei. På skjermen ser ein verkeleg Cady, Regina og «the Plastics» slik som dei er i den originale filmen.

Det er ikkje noko dårleg skodespel i musikalen, alle karakterane er spektakulære og skodespelarane har ei utruleg god forståing av kven karakterane deira er.

 

Rappe Regina

Mean Girls (2024) er skriven av Tina Fey, som også laga den originale.

Sidan Fey kjennar handlinga så godt, har ho tatt vekk og lagt på delar av handlinga slik at Mean Girls (2024) passar som musikal og til dagens publikum. Dette har vore ein suksess – det er ikkje noko som manglar i Mean Girls (2024).

Den originale Mean Girls er ein teatralsk film, difor gjev det meining med ein Mean Girls-musikal. Filmen klarar å blanda dei musikalske aspekta av filmen veldig godt med dramatiseringa, og dessutan bruka musikken til å føra handlinga framover.

Ikkje minst, er musikken i Mean Girls (2024) fantastisk. Musikken går frå typisk musikal pianopop, mørkpop til rock. Mange av skodespelarane har erfaring frå teater og musikal, difor er alle solide songarar. Denne variasjonen saman med utruleg flinke songarar og instrumental er nok den beste delen av filmen. Ein kan bli emosjonell av kor intense og kraftige songane er.

Reneé Rapp er nok den som står for dei beste framsyningane i musikalen. Hennar kraftige stemme saman med Regina si mørke, grøssar-framtoning, førte til dei beste songane i Mean Girls (2024). Eg vart heilt riven med kvar gong ein av Regina sine songar var på skjermen, som Meet The Plastics, … Somebody Gets Hurt  og World Burn.

Svake kostyme og utvikling

Kostyma og Cady si karakterutvikling er dei svake sidene av Mean Girls (2024).

I Mean Girls (2004) fortel kostyma kven kvar karakter er. Alle hovudkarakterane har ein distinkt, personleg stil, og den endrar seg gjennom filmen.

I Mean Girls (2024), derimot, lever ikkje kostyma opp til same standard som den originale, spesielt for hovudkarakterane. Det verker som «the Plastics» har akkurat same stil, og kleda deira skil ikkje seg ut frå resten av medelevane.

 

Cady er karakteren som går gjennom mest forandring, men ein får sett lite av utviklinga hennar. I den originale Mean Girls er Cady si utvikling frå ei smart, søt jente til ein av «the Plastics» i sentrum, mens i Mean Girls (2024) skjer utviklinga hennar i bakgrunnen. Ein kjenner på at ho blir til ein av «the Plastics» plutseleg utan forklaring.

Likevel kjem Mean Girls (2024) til å overraska publikum positivt. Filmen er morosam, underhaldande og har alt ein vil ha av ein musikal. I tillegg, er han ein utruleg god adaptasjon av den originale Mean Girls. Dersom du er fan av den originale Mean Girls, burde du definitivt sjå han.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.