7 seriar me gler oss til i 2024

Det nye året er i gang, og det tyder også nye seriar å sjå fram til. Her er favorittane til meldarane våre, i rekkefølgja dei kjem ut.

Ola Birgitsønn Vik, Rakeb Berhanu Erana, Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 15.01.2024 12:01

Mr. & Ms. Smith (Regi: Francesca Sloane, Donald Glover)

Ola Birgitsønn Vik:
I denne serien finn eit ektepar ut at dei begge er spionar som jobbar for konkurrerande bedrifter. Ikkje nok med det, dei har fått i oppgåve om å drepa kvarandre. Basert på filmen frå 2005 med same namn, kan me forventa spionaction og god kjemi frå skodespelarane.

I hovudrollene har me Donald Glover og Maya Erskine, med Paul Dano, Parker Posey og Ron Perlman som støtteskodespelar.

Donald Glover har lenge vore ein multikunstnar. Best kjend er han frå serien Community og som artisten Childish Gambino. Hans beste arbeid synest eg han gjorde med serien Atlanta, som var både tankevekkande og underhaldande. Der skreiv han med Francesca Sloane, som også har vore med å skape Mr. & Ms. Smith.

Ein kan spørja seg sjølv om kor lenge ein skal bli lurt av nostalgi, og berre sjå serie basert på filmar basert på bøker og så vidare. Inntil vidare lèt eg meg bli lurt, spesielt når det er fronta av Donald Glover.

Kvar: Amazon Prime

Når: 2. januar

The Curse (Regi: Nathan Fielder, Benny Safdie)

Ola Birgitsønn Vik:
Nathan Fielder er den beste i sitt felt. Gjennom fleire år har han opparbeidd seg ein persona som ein keitete type med enormt stadfestingsbehov. I seriane Nathan For You og The Rehearsal har han vist stort humoristisk talent og evne til å formulera nyskapande situasjonar.

Samtidig har han ei enorm sjangerforståing, han klarar å gjere narr av situasjonen og vera botnseriøs samtidig. Dette kjem tydeleg fram i den personlege YouTube-kanalen hans, som absolutt er verdt å sjekka ut. Han har også produsert How To with John Wilson, som er den beste dokumentarserien eg veit om.

Med ei sånn forhistorie er det ikkje vanskeleg å tru at The Curse kan bli ein av årets beste TV-opplevingar. Her speler Fielder for fyrste gong ein karakter, men den kleine åtferda er der framleis. Ekteparet Asher Siegel (Nathan Fielder) og Whitney Siegel (Emma Stone) er programleiarar i det fiktive programmet Flipantrophy. Dei ønskjer å tena pengar på den lokale befolkninga i New Mexico, samtidig som dei lèt som om dei berre er der for å hjelpa. Og ikkje nok med det, ekteparet er nemleg forbanna.

Som Fielder viste i The Rehearsal kan han dra premissen lengre enn ein skulle tru var mogleg. Med seg har han Emma Stone og Benny Safdie. Sistnemnde har vore framfor kamera på mellom anna Oppenheimer, og regissert Uncut Gems og Good Time. Så dette må berre bli utruleg bra.

Kvar: Sky showtime

Når: 5. januar 2024

Avatar: The last airbender (Regi: Albert Kim)

Rakeb Berhanu Erana:
Avatar: Legenden om Aang er eit meisterverk. Animasjonsserien er spektakulær i alle aspekt, og er elska av alle i forskjellige aldersgrupper. I serien følgjer me tolv år gamle Aang i ei verd kor menneske kan temma dei fire elementa; vatn, eld, jord og luft. I denne verda eksisterer det ein Avatar, nokon som kan temma alle fire element, og Aang er ein slik person. Imens Aang har vore frose i is i over hundre år, har eldnasjonen ført krig mot resten av nasjonane. No er det opp til Aang og vennene hans å stoppe eldnasjonen.

Då realfilmadapsjonen av serien kom ut i 2010 regissert av M. Night Shyamalan, var fans skeptiske, og det hadde dei all rett til å vera. M. Night Shyamalan sin realfilmadapsjon er truleg forferdeleg, og nesten fornærmar den originale versjonen. Difor er realfilmadaptasjon eit sårt tema for fans av Avatar: Legenden om Aang.

Netflix har påteke seg ansvaret for å laga ein ny realfilmadapsjon av Avatar: Legenden om Aang. Eg er optimistisk til denne nye versjonen frå Netflix. Etter den fantastiske realfilmadapsjonen av One Piece, er det rimeleg å tru at Netflix har forstått korleis ein skal laga ein god realfilmadapsjon av kjende animasjonsseriar.

Dei ikoniske hovudkarakterane blir spelt av dei ferske unge skodespelarane Gordon Cormier, Kiawentiio Tarbell og Ian Ousley. Resten av rollebesetninga er mangfaldig, og fylt med kjende stjerner. Med denne rollebesetninga og Netflix sin store budsjett, trur eg Avatar: Legenden om Aang kan bli ein god serie.

Kvar: Netflix

Premiere: 22. februar

Bridgerton sesong 3 (Regi: Chris Van Dusen)

Luke Newton som Colin Bridgerton og Nicola Coughlan som Penelope Featherington i tredje sesong av Bridgerton. Foto: Netflix

Rakeb Berhanu Erana:
I sesong tre av Bridgerton skal me følgja Penelope. Bestevenninna til Penelope, Eloise, har funne ut at Penelope er Lady Wistledown, noko som øydela vennskapet deira. På toppen av dette overhøyrde Penelope guten ho er forelska i, Colin, seie at han kunne aldri gifta seg med ho.

Penelope bestemmer seg for å gje opp på Colin, og finne nokon andre å gifta seg med. Uvitande om Penelope sin kjærleik for han, bestemmer Colin seg for å hjelpa Penelope bli meir sjølvsikker for å finna seg ein god mann, men dette går ikkje heilt etter planen.

I tillegg til dette må Penelope passa ekstra godt på å halda Lady Wistledown hemmeleg, spesielt sidan ho har blitt meir aktiv i overklassemiljøet. Hennar øydelagde vennskap med Eloise er også noko som kompliserer livet hennar. Alle desse aspekta skal forhåpentlegvis gje oss ein god sesong av Bridgerton.

Eg blei ikkje særleg glad då eg fant ut at sesong tre av Bridgerton skulle handla om Penelope – eg hadde håpa på at det skulle bli Eloise med hennar unike synspunkt og ny romanse. Samstundes, no som me veit kven Lady Wistledown er, er litt av spenninga daud. Uansett, Nicola Coughlan er spektakulær i si rolle som Penelope, og resten av skodespelarane er like fantastiske. Ikkje minst at det visuelle aspekten av Bridgerton er noko ein ikkje kan få nok av. Difor gler eg meg til ein ny sesong med nye fine, fargerike slott, kjolar og frisyrar.

Kvar: Netflix

Når: 16. mai

Red Cat Ramen (Angyaman, E & Production)

Jenny Lund:
Tamako er på leiting etter ny jobb, og tanta hennar har foreslått at ho kan søkje på restauranten som tok over lokalet der ho sjølv hadde ein restaurant. No er det Red Cat Ramen som ligg der: Ein ramen-restaurant der alle dei tilsette er snakkande katter!

Som du kanskje ser på fordelinga, er det ikkje noka hemmelegheit at eg ikkje ser så mykje på seriar, og eg har med det heller ikkje hatt så mykje å bidra med her. Likevel er det ein serie eg har auga opne for: Animeserien Red Cat Ramen.

Denne er basert på ein manga av forfattar- og teiknar Angyaman, og er ein eg begynte å lese litt tilfeldig då eg såg coveret. Katter og nudlar er jo ein morosam kombinasjon, tenkte eg, og det hadde eg rett i. Det eg derimot ikkje forventa var kor godt skrive han faktisk er. Det heile er letthjarta og koseleg som berre det, men dei solide karakterane og deira utvikling sikrar at det aldri vert platt. Eg er veldig spent på å sjå korleis det episodiske formatet til mangaen vil fungere som ein animeserie, og korleis karakterane eg har blitt så glad i vil sjå og høyrest ut.

Til nå har berre ein kort trailer kome ut, men første episode skal gå på TV i Japan i juli. Ingen internasjonal premieredato ennå, men eg held fingra i kryss! Mangaen kan ein lese på forlaget Shueisha sin app MANGA Plus.

Kvar: Uvisst

Når: Juli (i Japan)

Arcane (Regi: Christian Linke, Alex Yee)

Ola Birgitsønn Vik:
Arcane
 er ein serie basert på den populære spelserien League of Legends. Eg har ganske avgrensa kjennskap til spelet, men vart imponert av det djupe universet i serien og den fantastiske animasjonen. Serien var på mange måtar den som opna døra for fleire slike seriar basert på videospel, som The Last of Us i fjor og snart Fallout.

I sesong 1 møter me Jinx (Ella Purnell) og Vi (Hailee Steinfeld), to søstrer som endar opp på kvar si side i kampen av det gode mot det vonde. Eller, det er vanskeleg å seie kven som er vond og god i denne serien. Politiske intrigar og moralske val i gråsona pregar heile serien. Me møter vitskapsmenn med tragiske forhistorier, politikarar som konkurrerer om å vera mest korrupt, og mykje meir. Alt dette i ein unik og dynamisk animasjonsstil frå det franske studioet Fortiche.

Det sterkaste elementet i serien er kanskje karakterane. Det er fascinerande kor godt dei skildrar søstrene Vi og Jynx sitt forhold i sesong 1, det blir spennande å sjå kor dei går vidare med det. Så klart er det mange andre karakterar og historier eg gler meg til eit gjensyn med, og forhåpentleg mange nye òg.

Kvar: Netflix

Premiere: November 2024

Dark Matter (Blake Crouch)

Rakeb Berhanu Erana:
Dark Matter er kanskje ikkje mange kjend med. Denne science fiction-serien er ein adapsjon av ein roman med same namn av serieskaparen Blake Crouch. I serien følgjer me fysikaren Jason Dessen som blir kidnappa og sendt til eit annan univers. Han finn ut at i det universet han blei sendt til gifta han aldri seg med kona si, Daniela Dessen.

Fast bestemd på å venda tilbake til sitt eige univers, må Jason finne ut kva som går føre seg, og sigra over dei andre versjonane av han frå andre univers.

Dark Matter har ei stjernefylt rollebesetning. Joel Edgerton (Jason Dessen), Jennifer Connelly (Daniela Dessen), Alice Braga (Amanda) og Jimmi Simpson (Ryan) er nokre av stjernene me finn i Dark Matter. Med ei slik rollebesetning, er eg sikker på at me får utrulege prestasjonar.

Serien blir ein adapsjon av "Dark matter" eller "Mørk materie" på norsk. | Bokomslag: Gyldendal

Som fysikkstudent, synest eg det er spennande med science fiction-seriar som tek føre seg verkelege konsept og hypotesar frå fysikk som parallelle univers og kvantemekanikk. Eg synest det er utruleg kjekt å sjå kor godt eller dårleg fiktive verk forklarar slike konsept. På grunn av dette passar Dark Matter spesielt godt for vitskapsnerdar, men serien er også aktuell for folk som er interesserte i science fiction sentrert rundt vanlege menneske.

Kvar: Apple TV+

Premiere: 2024