Dommen i saka om Førdefjorden kjem onsdag 10. januar

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom trur på siger i saka om Førdefjorden. Dommen blir lagt fram onsdag.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Onsdag 10. januar kjem dommen i rettssaka der Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har saksøkt staten for løyvet til dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Dei to organisasjonane trur på siger og håpar at dommen frå Oslo tingrett vil setje ein endeleg stoppar for gruveselskapet Nordic Minings prosjekt med dumping av gruveavfall i fjorden.

– Vi er utruleg spente. Dette blir ein lagnadsdag for Førdefjorden, seier Gytis Blazevicius, leiar i Natur og Ungdom.

Sidan 2008 har miljøvernarar kjempa for å hindre at gruveselskapet Nordic Mining skal få dumpe millionar av tonn med gruveavfall i fjorden. I 2022 saksøkte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom staten.

– Ein siger vil bety slutten på at styresmaktene med vitende og vilje kan tillate forureining som øydelegg norske fjordar og havområde, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.