Gytis Blaževičius (23) er ny leiar i Natur og Ungdom
Den nye leiaren seier han vil byggje opp Natur og Ungdom så organisasjonen kan famne fleire.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var Altinget som omtalte saka fyrst.
Blaževičius tek over for Gina Gylver, som har vore leiar i Natur og Ungdom sidan 2022.

Gytis Blaževičius ved Natur og Ungdom sitt landsmøte i fjor, 2023. Foto: Frida Baewert / Natur og Ungdom via Flickr (CC BY-ND 2.0 DEED)
– Det er utruleg stort, skummelt og gøy, sjølvsagt. Det er et stort ansvar, seier han til Altinget.
Han er likevel ikkje heilt fersk i jobben. I 2022 vart Blaževičius valt inn som 1. nestleiar i organisasjonen, men han vore engasjert i miljørørsla sidan skulestreiken i 2018. Han har vakse opp i både Litauen og på Nes i Hedmark.
Natur og Ungdom har det travelt framover, med både markering mot gruvedrift på havbotnen, og dom frå Høgsterett i søksmålet mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden.
Før valet vektla han at det er viktig at Natur og Ungdom er til stades i fleire prosessar fram mot 2030 og 1,5-graders-målet.
– Eg er motivert til å byggje eit Natur og Ungdom som omfamnar fleire, og jobbe med dei sakene som medlemmene løftar fram, skreiv han om kandidaturet sitt.