Trygdekontoret-profilen var på full fart opp som rockestjerne allereie som 20-åring.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.01.2024 15:01

– Eg jobba som telefonintervjuar på marknads- og medieinstituttet der eg spurde folk kva pølser dei hadde ete til middag og kva dei stemte på og slikt, minnest Thomas Seltzer på telefon til Framtida.no.

Allereie som 19-åring var han med og starta Turboneger, og då Seltzer fylte 20 år i 1989 hadde bandet byrja å bli lagt merke til.

Unge Seltzer var i gang med ex.phil. på Blindern etter å ha kome inn på psykologi grunnfag, som han studerte noko halvhjarta.

Bukowski og Butthole Surfers

– Det var mykje musikkprat. Eg jobba i skatebutikk òg. Det var mykje drekking, mykje bereposar med øl i samband med speling, minnest 54-åringen.

På høgtalarane var det mykje punk metal, støyrock og tidleg grunge. Band som Slayer, Mudhoney, RichKids on LSD og Butthole Surfers, «eit støyband frå Texas, som er eit veldig viktig band».

Seltzer las mykje Charles Bukowski.

– Ein skulle jo bli alkoholikar, fordi alkoholikarar hadde ei mykje større sjel. Bukowski har mykje fin lyrikk om lange arbeidsdagar og drikkenetter, som var det ein sjølv hadde.

Køyrde på raudt under oppkøyring

Thomas Seltzer er halvt amerikanar og flytta til Noreg med familien som liten. Han har difor god kjennskap til det myteomspunne landet på andre sida av Atlanteren, som han har laga både tv-serien UXA – Thomas Seltzers Amerika og skrive bestseljaren Amerikansk karmageddon – tanker om mitt fordømte fedreland om.

Noko av det Seltzer hugsar aller best frå året han var 20, var USA-turneen i 1990 og at han tok billappen i Oregon.

– Var det vanskeleg og omfattande?

– Nei, det var veldig lett, men eg greidde å stryka første gong fordi eg køyrde på raudt lys. Eg var ufokusert og skjønte at eg hadde driti meg ut.

Etter ei vekes ventetid fekk han køyra opp på nytt, og lappen var i boks.

– Det var ei kjensle av fridom og at me hadde verda for våre føter. Ein følte seg vaksen og køyrde bil og kunne gjera kva faen ein ville, minnest han.

Finanskrise og kald krig

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda? 

– Nja, det var det året den kalde krigen vart avslutta med «glasnost» og jernteppets fall. Det var eit ganske dramatisk år. Jula 1989 såg me bilete av at Ceaușescu og kona vart skotne i Romania og folk krabba over Berlinmuren.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Det hadde vore ei økonomisk krise i 1987, og så kom det ei ny i 1990-91, så eg tenkte at verdsøkonomien ville gå nedover, og forventningane til velstand og å leva eit middelklasseliv hang i ein tynn tråd, seier Seltzer, som ikkje kan hugsa at det var særleg fokus på miljø.

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, eg gjorde ikkje det, altså. Eg hadde ein plan om å bli akademikar av noko slag, men eg veit då fader. Å spela grunge på den tida var ikkje nokon karriere, eller noko ein kunne leva av, ikkje før Nirvana.

Så viste det seg likevel at det skulle bli ein karriere av nettopp det, men først etter at han hadde fullført halve embetsstudiet i psykologi, som det heitte den gongen.

– No må du slutte å drite deg ut

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– At eg var ein blærete påståeleg fyr, sånn sett har eg ikkje forandra meg.

Seltzer synest sjølv han hadde ein sunn dose pessimisme, og den største frykta var «at ein berre skulle bli heilt nedsylta i drekking og bli sånn gatealkis».

Rådet han ville gitt til seg sjølv er ganske enkelt å senkja skuldrene.

– Kanskje slappa av litt og ikkje vera så intens på alle ting heile tida. Ting ordnar seg. Og ikkje drit deg ut heile tida, no må du slutta å drita deg ut.


I dag er Ben Adams teikneserieforfattar, men for over 20 år sidan var han i boybandet a1. Foto: Cappelen Damm, Erik Johansen / NTB