I 2001 var Ben Adams midt i boyband-tida med favorittmenneska sine.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

– Eg ville antakeleg vore overraska over at eg bur i Noreg, med eit norsk barn og ei norsk kone!

Det skriv britiske Ben Adams (41) til Framtida, når han blir spurt om kva han som 20-åring ville tenkt om livet sitt i dag.

Han har slått seg ned i Noreg, og i gifta seg med kona Sara Skjoldnes i fjor.

I august gav han ut teikneserien Subwoolfer: Oppdrag bestemor, basert på bandet han har vore med i sidan fjorårets Melodi Grand Prix. Før Subwoolfer var det derimot eit anna band Adams var kjent for.

A1 og popsuksess

– Kvar var du, og kva gjorde du då du var 20?

– Eg var i a1 og turnerte over heile verda.

A1 var eit boyband starta i 1998 med britiske Ben Adams, Mark Read og Paul Marazzi, og norske Christian Ingebrigtsen. Dei fekk fleire hitlåtar på topp 10 i både Storbritannia og andre stader i verda, før dei splitta opp i 2002.

Då Ben Adams var 20, i 2001, var han med andre ord midt i ein travel kvardag.

– Mest reise, mange TV-program, framsyningar, intervju og så vidare.

Sjølv om mykje glir saman i dag, er det likevel ein ting som festa seg over alt i minnet.

11. september 2001 var han på eit legekontor, og såg på livesendinga av åtaket i venterommet.

– Terroråtaket mot tvillingtårna er den mest framståande tingen eg hugsar.

– Nyt det du driv med og slutt å stresse

I 2001 høyrde Adams mykje på RnB-musikk, med Usher, Destiny’s Child og Janet Jackson.

– Eg trur også The Office (britiske, red. anm.) kom ut, eit program eg elska.

Det vart inga storslått bursdagsfeiring på 20-årsdagen, grunna jobb, men Adams var likevel godt nøgd.

– Eg dreiv allereie med akkurat det eg hadde lyst til å drive med, skriv han.

Og sidan favoritt-tingen var å arbeide med musikk, var favorittpersonane hans dei som gjorde det mogleg, nemleg dei andre gutane i bandet.

– Eg tenkte ikkje på at eg kom til å bli forfattar, men no som eg gjer det er eg veldig lukkeleg! Eg elskar å utvide horisontane mine og gjere forskjellige ting.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv som 20-åring?

Eg ville antakeleg seie at du må hugse å nyte det du driv med og slutte å stresse. Det er eit motto eg lever etter no også.


Foto: Michael Angeles, privat.