Færre elevar har nynorsk som hovudmål
No har 1 av 9 nynorsk som opplæringsmålform.
Det var Utdanningsnytt som omtalte saka fyrst.
Elevar som har nynorsk som opplæringsmålform har gått ned med 3,4 prosentpoeng sidan 2001. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
No er det 11,4 prosent av norske elevar som har nynorsk som hovudmål.
– Vi ser også av tala at det er særleg i randsonene at nynorsk er under press. I kjerneområda står det ganske greitt til.
Det seier Synnøve Marie Sætre, senterleiar for Nynorsksenteret til Utdanningsnytt.
Fylka med størst del nynorskelevar er Vestland (47,92 prosent) og Møre og Romsdal (47,91 prosent).