– Eg likar å vere ein del av bybilete, og køyre den kulaste skuta i byen.

Frida Tvedte Matre
Publisert

På Grefsen i Oslo ligg ein av byen sine to trikkebasar. Klokka er tre, og trikkeførar Marija Dobrijevic kjem køyrande inn mot stasjonen for å avløyse ein kollega.

24-åringen frå Jessheim har jobba som vognførar for trikk sidan sommaren 2020.

– Eg hadde ikkje noko forhold til trikken i det heile teke. Eg berre visste at den fanst. Eg tenkte ikkje på at nokon køyrde den eigentleg, fortel Dobrijevic.

Om Marija

Namn: Marija Dobrijevic

Alder: 24 år

Frå: Jessheim

Yrke: Vognførar for trikk

Utdanning: Trikkeførarutdanning og kurs hos Sporveien

 

At ho hamna i dette yrket skjedde tilfeldig.

I 2020, då korona kom, hadde ho akkurat jobba eitt år som flyvertinne i SAS.

– Eg var ein av dei første som blei permittert sidan eg var så ny. Då var eg permittert ut heile sommaren, men etter sommaren hadde me allereie planlagt å flytte til byen. Då tenkte eg at eg måtte jo ha meg ein jobb, for koronaen hadde akkurat starta, så eg måtte berre finne på noko anna.

Det første som falt ho inn var å søkje jobb som T-baneførar, men det var ingen ledige stillingar på den tida.

– Men eg hadde huka av at eg ville ha varslar frå Sporveien på Finn når dei la ut stillingar, og så kom det ut at dei søkte trikkeførarar, og då var eg sånn «Åja, det kan eg sikkert prøve», fortel Dobrijevic.

Trass i at det var tilfeldig at ho byrja som trikkeførar, så var ho ute etter ein jobb der ho kunne bruke erfaringane ho hadde frå før.

– Eg hadde lært mykje om tryggleik og teke førstehjelpskurs frå SAS. Det er jo gjerne ikkje så mykje av det i typiske yrke som butikkmedarbeidar. Eg ville prøve å utfordre meg litt meir enn berre dei typiske jobbane i servicebransjen, seier ho.

Trikken gjorde ho kjend med Oslo

Dobrijevic hadde få forventningar til korleis trikkeføraryrket skulle vere, men tenkte det kom til å bli spanande og morosamt.

– Eg hadde jo ikkje budd i Oslo før eg starta på kurset, så eg tenkte at det var ein kul måte å bli kjent med byen på.

Og trikkeføraryrket har levd opp til forventningane.

– Eg begynte å kjenne meg igjen veldig fort, så det var ein fin måte å bli kjend med byen på. Eg følte meg skikkeleg proff som hadde kontroll på gatenamn når folk snakka om stadar i Oslo, ler ho.

Hugsar godt sin første køyretur åleine

For å bli vognførar for trikk må ein gjennom eit ni veker langt kurs. Det synest Dobrijevic at førebudde ho godt på yrket.

– Det var mykje teori kombinert med køyring. Den følelsen av å faktisk fysisk køyre ein trikk, får ein jo ikkje før ein faktisk gjer det. Og det gjer ein jo i det kurset.

Men ein får ikkje køyre åleine før ein har køyrt opp og fått trikkeførarbevis. 24-åringen hugsar godt sin første tur etter ho bestod prøven.

– Det var gøy! Eg følte meg skikkeleg flink. Det var deilig å køyre på eige ansvar, for då var det ingen som hang over meg og observerte korleis eg køyrde. Eg følte meg veldig trygg, forklarar ho.

Fakta om trikkeføraryrket

Stilling: Ein trikkeførar jobbar med å køyre trikk, og har ansvar for å frakte passasjerar på ein trygg måte langs ruter og spor. Ein må klare å halde oversikt i eit uoversiktleg bybilete, og lese trafikken. I Noreg kan ein jobbe som trikkeførar i Oslo, Bergen og Trondheim.

Utdanning: For å kunne ta utdanning til å bli trikkeførar må ein ha fylt 20 år, fullført vidaregåande skule og ha førarkort klasse B. I tillegg stillast det helsekrav.

Trikkeførarutdanninga tek mellom ni og elleve veker. Det skjer i eit lønna kurs hos som takast hos trikkeselskapa, og går føre seg på både dag- og kveldstid. Utdanninga inneheld både praksis og teori som skal rettleie eleven til å kunne føre trikken på eigen hand. Undervegs i kurset må ein bestå eksamenar, før ein til slutt må avleggje og bestå vognførarprøven for å kunne bli vognførar for trikk.

Gjennomsnittleg årsløn: 489 720 kroner

 

Kjelde: utdanning.no 

Ingen dagar er heilt like

Som trikkeførar jobbar ho turnus og har både kvelds- og dagvakter. Trikken går til rundt klokka to på natta, og byrjar å gå igjen omtrent klokka fire om morgonen.

Dobrijevic jobbar disponibelt, som tyder at ho jobbar alle typar vakter, men har ingen faste. Arbeidskvardagen hennar er difor veldig fri.

– Det som er litt morosamt, er at vaktene er veldig like, men alle dagane er forskjellige. Ingen dagar i veka er heilt like, fordi eg jobbar skift.

Møte opp, stemple seg inn, ta ein kaffi, fylle på flaska og løyse av med nokon eller ta ut ein ny trikk, er likevel som regel faste rutiner kvar vakt.

– Så køyrer ein turar mellom ein til tre timar. Det sosiale skjer i pausane, og når du ikkje sit på vogna. Når du er ute og køyrer er ein jo heilt for seg sjølv, men framleis så føler ein at ein er litt med kollegaene sine, fordi ein køyrer forbi kvarandre heile tida. Då helsar og smiler me til einannan, fortel ho.

Dobrijevic køyrer alle trikkelinjene i Oslo, men ho har ei favoritt linje. Det er «13 Bekkestua» som går litt utanfor sentrum, kor ho er mest vant til å vere.

– Det er forstadsbane, som vil seie at me køyrer på eigen trasé og eg slepp å tenkje på bilar og folk. Det er deilig å berre sjå på trer eit lite stykke, smiler trikkeføraren.

Kulaste skuta i byen

– Kva er det beste med jobben?

– Det å vere ute samstundes som at ein er inne. På dei mest stormfulle snødagane når det er kjempekaldt, sit eg inne i ein varm trikk, men eg er samstundes ute og ser kva som skjer i byen. Eg likar å vere ein del av bybilete og køyre den kulaste skuta i byen. Kollegaene og det sosiale i jobben er også sjølvsagt veldig hyggeleg.

Men å køyre den kulaste skuta i byen midt i hovudstaden kan også by på utfordringar.

– Å svinge unna feilparkerte bilar er det mest utfordrande. Det pleier å vere eit problem spesielt på denne tida her. Når det kjem litt snø, og brøytebilane har laga brøytekantar, så gløymer folk at trikken køyrer forbi på andre sida. Då blir me ståande, det blir evig lang kø, og folk kjem seg ikkje nokon stad. Det er ganske kjipt, seier ho.

Då må Dobrijevic bråke og lage lyd med trikken slik at bilføraren høyrer at ho ikkje kjem seg forbi.

– Om ikkje føraren kjem gir me beskjed til trafikkleiarane, og dei ringer nokon som kan taue bort bilen. Det kan ta lang tid, så føraren pleier som regel å kome før det. Det er berre å prøve å gjere det tydleg at ein står bak der.

«Køyrer frå folk»

Ei feiloppfatning 24-åringen kan tenkje at folk har om trikkeførarar, er at dei er litt frekke og sure, fordi dei «køyrer frå» folk.

– Det har berre skjedd ein gong, så eg veit ikkje om det gjeld folk generelt, men det var nokon som sa at «Er du også ein sånn som køyrer frå folk?». Dei trur kanskje me gjer det med vilje. Det må me gjere, fordi me tek omsyn til dei 50 andre passasjerane som sit på trikken som også treng å kome seg av garde. Dersom ein ikkje står på haldeplassen når trikken går så er du i utgangspunktet for sein, og då kan ikkje me halde igjen både trikken bak og passasjerar for at du skal kome løpande, forklarar ho.

Har ikkje hamna i vanskelege situasjonar

I jobben som trikkeførar skjer det ting både i og utanfor trikken heile tida, men det er nokre hendingar som skil seg ut.

– Til dømes sat forfattaren eg hadde ei bok av i sekken, på trikken min. Det synes eg var morosamt. Ein annan dag, blei trikken min stoppa, fordi det var demonstrasjon mot konflikta i Israel og Palestina. Det var ein fyr som hadde fått med seg at eg hadde blitt ståande og vente, og så kom han til vindauget mitt og gav meg ein sjokolade. Det er koseleg å bli lagt merke til. Eg har også fått ei klementin, fordi ei dame syntest at eg burde få det. Sånn gjer dagen min meir givande.

Ho har ikkje sjølv vore vitne til så mange vanskelege situasjonar, men fortel at ho har høyrt om hendingar som kan skje.

– Eg har hatt flaks med det.

Det kan med andre ord oppstå uventa situasjonar både i trafikken og i trikken. Som trikkeførar er det difor viktig at ein klarar å halde hovudet kaldt.

– Ein må klare å la vere og hisse seg opp til dømes, fordi det er mykje rart som skjer ute i trafikken. Då er det fort gjort å få «road-rage», ein blir gjerne irritert i klønete trafikk-situasjonar. Men då må ein klare å halde roa, og klare å tenkje på gode løysningar når ein kjem i vanskelege situasjonar. Ein må også like å ha ansvar for å passe i yrket.

Ho tilrår folk som ynskjer ein jobb som vognførar for trikk, til å prøve det ut.

– Det gir ganske mykje kul erfaring og minner. Dersom ein også har tenkt til fortsetje med noko anna vidare. er det er gøy å ha vore med på, seier ho.