Arnstad: Ikkje gitt at regjeringa vil fremje forslag om endringar i abortlova
Parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Sp seier det ikkje er avklart at regjeringa vil fremje lovforslag om endringar i abortlova.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er heller ikkje klart om eit eventuelt forslag vil bli behandla i løpet av denne stortingsperioden.
I motsetning til det Ap-politikarar, både på Stortinget og i regjeringa, har gitt uttrykk for – ope og anonymt overfor Vårt Land – seier Arnstad at det ikkje er avklart at regjeringa vil fremje eit lovforslag om endringar i abortlova.
– Nei, det er ikkje avklart. Og det fortener ei grundig drøfting, seier Arnstad til Vårt Land.
Ho seier også at det ikkje er gitt at ein eventuell proposisjon kjem til behandling i løpet av denne stortingsperioden.
– Eg tør ikkje seie noko sikkert om det. Det kjem i så fall an på om arbeidet til utvalet med lovteksten er godt juridisk forankra og haldbart lovteknisk.
Men kjem abortlova opp til avstemming i Stortinget, vil Sp stille representantane sine fri, stadfestar ho.
Partia som har vedteke politikk om å utvide grensa for sjølvbestemd abort, har til saman 80 representantar i Stortinget. Om dei stemmer samla, manglar fem stemmer for fleirtal.
Forutan Sp, vil truleg Høgre og Frp la representantane sine stemme etter eige samvit i ei eventuell avstemming om abortlova.