Anne Marie Ottersen rekna med å møte mykje motgang, men valde å følge draumen likevel.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

Anne Marie Ottersen (78) har ei lang rekke karakterar på film, TV og teaterscena bak seg. Mange har nok sett henne som Amalie i den ikoniske NRK-julekalenderen Amalies Jul. No for tida er ho aktuell i ei ny julerolle, nemleg som «Blåmor» i teaterførestillinga Jul i Blåfjell på Christiania Teater i Oslo.

Då ho var 20 tok Ottersen forelesingar i allmenn litteraturkunnskap ved Universitetet i Oslo. Ho avslutta studiet og var vikarlærar på barneskulen i heimbyen Kongsberg.

Samstundes reiste ho til Oslo ein gong i veka og jobba med teaterroller hos ein skodespelar, for ho skulle søke på Teaterhøgskolen.

Ei intens tid

Ottersen fylte 20 år i 1965, og hadde den dramatiske cubakrisa ferskt i minne på slutten av tenåra.

– Det var ei veldig intens tid, skriv Ottersen på e-post til Framtida.

– Verda stod stille ei stund då Sovjetunionen ville plassere våpen på Cuba, og USA då ville gått til krig. Vietnamkrigen radikaliserte ein heil ungdomsgenerasjon politisk, hugsar ho.

På 60-talet kom hippie-rørsla («Make love, not war»), og rockemusikarane stal merksemda til dei unge.

– Det var ei fantastisk tid å vere ungdom i, skriv ho.

Vietnamkrigen radikaliserte ein heil generasjon, skriv Anne Marie Ottersen. | Foto: AP Photo/Horst Faas

– Vi var den første ungdomsgenerasjonen etter andre verdskrig, og vi skulle forandre verda! Klesstilen var eit fullstendig brot med fortidas mote. Dongeribukser (du kom ikkje inn på Theatercaféen viss du hadde jeans), langt hår på både gutar og jenter, og bustete og ein smule ustelt miniskjørt. Byrjande kvinnekamp. Og fri sex – ingen aids den gongen, minnest ho.

Lesehest

Ottersen fortel at ho lytta til alle dei nye rockesongarane. Favoritten var Elvis Presley.

Ho var også glad i å lese, og ho las alle klassikarane: Knut Hamsun, Fjodor Dostojevskij, Charles Dickens, og så bortetter.

– Det viste seg at eg hadde lese flest bøker av alle i klassen min på Teaterhøgskolen – og eg gjekk i klasse med Klaus Hagerup. Det vart eg veldig stolt av, skriv ho.

Elvis Presley var eit rockeikon på 60-talet. | Foto: Metro-Goldwyn-Mayer, Inc.

Nesten vaksen

20 år gamle Ottersen hadde vore i lag med kjærasten sin, Per Arne, sidan dei var 16. Han var den viktigaste personen i livet hennar på den tida. Han skulle verte målar, så det var to kunstnarar i emning.

Det sterkaste minnet hennar er nettopp det å verte 20 år.

– Nesten vaksen! Kva ville livet bringe? skriv ho.

Men sjølve feiringa av dagen, hugsar ho ikkje. Truleg var ho ute med vener, og kanskje fekk ho blautkake heime.

Ein ting hadde ho i alle fall klart for seg: Ho skulle verte skodespelar.

– Eg visste også at det var ein vanskeleg veg å gå, men eg satsa på det, då.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg hugsar at eg tenkte mykje, og eg var usikker på korleis alt ville bli. Eg var absolutt ikkje sikker på om det kom til å gå bra. Eg var ganske bestemt i meiningane og haldningane mine, og rekna med å møte mykje motstand. Men eg visste at eg måtte vere modig, og då kunne det jo gå dårleg, skriv ho.

«Ikkje gi deg»

Om Anne Marie (78) hadde møtt den 20 år gamle Anne Marie i dag, hadde ho nok vorte stolt.

– Eg ville tenkt at eg er litt stolt av den personen eg var, og av haldninga eg hadde om å følge vegen min så godt eg kunne, og å ta nederlag utan å miste motet, for det ville komme nye moglegheiter rundt neste gatehjørne. Og no veit eg at det stemmer, skriv ho.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Ikkje gi deg, og ikkje tru at andre sine liv er lettare enn ditt. Alle møter motgang, og forhåpentlegvis også ein dose medgang.

Anne Marie Ottersen søkte på Teaterhøgskolen våren då ho var 20. | Foto: Privat

I NRK-programmet «Edel vare» kan ein sjå Alex Rosén sin første dag på jobb i NRK. Allereie før den tid hadde han opplevd mykje, som at det verdskjende «Vampyr»-måleriet til Edvard Munch vart oppbevara i garasjen der han budde. Foto: Mette Randem/NRK