Filmmelding: Konvoi – nervepirrande krigsdrama til sjøs 

Den norske okkupasjonsfilmen er ikkje noko nytt fenomen, men i løpet av det siste tiåret har trenden verkeleg kome tilbake med full kraft. Korleis gjer nykommaren Konvoi det?

Jenny Lund
Publisert

Regissør Henrik M. Dahlsbakken har vore noko av ein altmoglegmann i norsk storfilm innan fleire ulike sjangrar, men med det spekteret kjem også det eg vil beskrive som ein kvalitetsmessig ujamn filmografi. Med Konvoi viser han at han har eit auge for spenning og dramatikk, eigenskapar som gjer seg godt i denne forteljinga om norske sjømenn under andre verdskrig.

Konvoi

Nasjonalitet/språk: Noreg, norsk

Regi: Henrik M. Dahlsbakken

Noregspremiere: 25.12.2023

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Spenning, krigsfilm 

Speletid: 1t 48m

Mot Murmansk

Året er 1941. På veg til Murmansk for å supplere sovjetiske styrkar med krigsmateriell, får handelsskipa i ein norsk konvoi plutseleg beskjed om å dele seg opp.

Den britiske eskorten som skulle beskytte dei har trekt seg tilbake, men konvoien får beskjed om å halde fram mot målet.

På det eine lasteskipet vert denne allereie alvorlege situasjonen forverra av usemje mellom kaptein og styrmann om kor vidt dei skal fortsette eller snu, samtidig som fleire og fleire av dei andre skipa sender ut naudmeldingar etter angrep frå tyske ubåtar og bombefly.

Kva skal dei gjere, og kor mykje skal dei fortelje mannskapet?

Spenningsdrama

Konvoi er ein ekte norsk blockbuster med storslått, imponerande produksjonsdesign. Handelsskipet der handlinga finn stad kjennest alltid som ein ekte plass, utsmykka med perioderiktig, autentisk dekor.

Trass i storleiken på skipet, er livet om bord klaustrofobisk. Fartøyet står konstant i fare for å bli ei skyteskive, og rundt dei finst berre det frysande Nordishavet.

Dette er ingen reinspikka actionfilm, men heller eit spenningsdrama: Hovudvekta ligg alltid på den urolege stemninga og konfliktane karakterane har på tvers av rang, bakgrunn og meiningar. Dei gongane det faktisk smeller til med bomber og kanonar, er det høgt og brutalt – akkurat som det skal vere.

 

Livsfarleg

Eg må vere ærleg å innrømme at det er ein liten del av meg som reint konseptuelt ikkje er så glad i historiske krigsfilmar, rett og slett fordi dei er nitriste å sjå på. Likevel har eg god forståing for at det finst eit stort publikum for denne typen film, og eg vert sjølv positivt overraska over kor engasjerande eg syntest Konvoi var. Filmen tek seg tid til å la sjåaren bli akkurat godt nok kjent med også dei mindre viktige karakterane, slik at ein som sjåar ikkje er apatisk til dei i dei augeblikka der det faktisk står om liv og daud.

Likevel er det ikkje alt som fungerer like godt. Etter ein sterk start begynner spenninga å bli litt mindre, med ein slutt som eg heilt ærleg følte var litt platt. Dette kan knytast til det faktum at Konvoi er basert på ei ekte hending, men eg tenkjer likevel at sjølve strukturen kunne vore sterkare. Til tider skjer også karakterutviklinga litt vel fort, slik at det mot slutten ikkje heilt kjennest ut som om ho alltid var heilt naturleg.

Fort gløymt

Etter å ha sett filmen var eg fornøgd med å ha gjort nettopp det, men sidan har eg ikkje tenkt så mykje på han. Det manglar noko her for å dytte Konvoi frå å vere ein god kinofilm, som i seg sjølv jo er bra, til å bli noko som eg kunne tenkje meg å sjå igjen.

Med godt skodespel og velorkestrert spenning er Konvoi ganske enkelt ein solid film, sjølv om han ikkje er den mest originale eller minneverdige. Om ein ikkje har sett seg sjølv totalt lei av norsk krigsfilm, er det gode sjansar for å finne noko å setje pris på her, anten det er skodespelet, produksjonsdesignet, spenninga, eller det heile.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.