20 år gamle Emilie Skolmen gjekk på folkehøgskule kor dagane var prega av fjas og gøy.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Eg ser tilbake på det som ei veldig, veldig fin tid.

Det skriv Emilie Skolmen (31) på e-post til Framtida.no om tida då ho var 20 år gammal.

Skolmen er skodespelar og programleiar, og har spela i seriar som Hvite Gutter og Basic Bitch. Ho driv også podkasten Skolmen og Skolmen saman med skodespelar, artist og tante Isabel Ødegård Skolmen.

Ei kvinne som smilar til kamera.

Emilie Skolmen er med i årets 24 stjerners julekalender. Foto: Julia Marie Naglestad

For tida er ho å sjå i julekalenderen 24 stjerners julekalender på NRK, der ho framleis er med i kampen om å bli årets julestjerne. 

Men for litt over ti år sidan var dagane hennar fylt av noko anna. Då gjekk ho på den kjende teaterlinja på Romerike Folkehøgskole. 

– Dagane var prega av teater, venar og eigentleg berre fjas og gøy, seier Skolmen.

Saman med romkameraten Vilde dreiv ho «Rompen Bar» ut av vindauget deira på internatet på folkehøgskulen når dei hadde fri. 

– Me selde godteri og snus, og hadde storslått opningsseremoni med klipping av band og livemusikk.

I tillegg hadde ho ein kjærast i Trondheim som ho besøkte så ofte som mogleg.

Ei eiga boble

På folkehøgskulen var dei for det meste i si eiga boble, og fekk ikkje med seg så mykje av det som skjedde rundt i verda elles.

– Men eg hugsar godt musikken som prega året. Latch av Disclosure, I Spy av Mikhael Paskalev og Locked Out of Heaven av Bruno Mars.

Det er likevel nokre nasjonale hendingar Skolmen hugsar frå då ho var 20 år.

– Eg hugsar godt Rune Øygard-saka, Rolf Wesenlunds død og at Miljøpartiet Dei Grøne for fyrste gong blei representert på Stortinget, fortel ho.

Brukte mykje tid på musikk

På høgtalaren til Skolmen var som oftast artistane og songane nemnt over, men også Thomas Dybdahl sitt album What’s Left Is Forever blei spela mykje.

– ELSKA DET, og elskar det framleis. Elles hadde me ikkje TV, og sosiale medium var jo definitivt noko anna, så tja, musikken var vel det eg brukte mest tid på då eg var åleine, seier skodespelaren.

Bøkene ho las på den tida har ikkje sett seg like godt på minne, men ho hugsar at ho fekk dilla på veving.

– Eg lagde min eigen vev, og vov litt på måfå. Hugsar i alle fall eit skjørt eg vov. Pent å sjå på, lite fleksibelt, hehe.

Møtte Desmond Tutu i Cape Town

Ein annan ting Skolmen hugsar godt, er 20-årsdagen hennar. Då fekk ho ein ei vaskeekte overrasking.

– Eg hugsar me spelte barneførestillinga Jungelboken, og etter kvart under stykket, såg eg fleire og fleire i salen av gamle og nye vener og familie som hadde kome frå Oslo. Etterpå blei det langbord på Dolly Dimples på Jessheim Storsenter, så klart. Det var stamstaden, der me fekk billig øl og halde på til klokka tre om natta.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20 og kvifor?

Ein eldre mann som smilar til kamera.

Skolmen møtte den sørafrikanske kyrkjeleiar, aktivist og Nobel fredsprisvinnar Desmond Tutu i Cape Town. Foto: Benny Gool/Wikipedia Commons

– Det må vere turen til Cape Town då me tilfeldigvis møtte Desmond Tutu i ei kyrkje, og slo av ein lenger prat. Hugsar at han hadde vener i Nittedal, og at han elska Noreg. 

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Det er vanskeleg å velje ut ein. Mamma, pappa, litlesøster og min dåverande kjærast var definitivt dei viktigaste personane for meg. Farmor også, som bur på Elverum. Budde difor nærare ho enn nokon gong. Det utnytta eg meg mykje av, forklarar 31-åringen.

– Du har så god tid!

Skolmen fortel at ho absolutt ikkje visste kva ho skulle bli i livet, noko ho framleis ikkje veit.

Likevel har ho alltid sett lyst på framtida, og elska å planleggje og dagdrøyme.

– Eg tenkte ikkje så langt om gongen, men hugsar at eg sat mykje på datarommet på biblioteket og søkte på studium og kollektiv i Bergen og Trondheim, trass i at eg ikkje ante kva eg ville studere.

Ei jente som smilar inn i kamera.

Skodespelar og programleiar Emilie Skolmen då ho var 20 år gammal. Foto: Privat

Ho hugsar at ho var på ein god stad for litt over ti år sidan. Både folkehøgskulen på Romerike og medievitskap-studiet på Blindern, som ho starta på etter sommaren, gav ho nye perspektiv, menneske og anna spanande i livet. 

– Eg hugsar eg var i ei slags forandring, men på ein god måte. Så eg trur eg hadde møtt ei glad, nysgjerrig og litt rastlaus Emilie.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Du har så god tid! Ikkje stress, det ordnar seg, avsluttar ho.