Noreg gir 500 millionar kroner til Amazonasfondet

Noreg gir eit bidrag på 500 millionar kroner til Amazonasfondet. Bidraget er det første sidan 2018.

NPK-NTB
Publisert

– Ein reduksjon på 50 prosent i avskoginga i Amazonas i 2023 er endå eit resultat av president Lulas evne til målretta handling. Dette er viktig for Brasil og for verda, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.

Det var klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) som kunngjorde Noregs bidrag under ei 15-årsmarkering av Amazonasfondet på Cop28 i Dubai.

Støre påpeikar at Amazonasfondet er viktigare enn nokon gong for å stoppe avskoging og bidra til berekraftig utvikling i den største regnskogen i verda som ligg i Sør-Amerika.

Utbetalinga har vorte mogleg som følgje av budsjettforliket med SV, der det vart sett av 1 milliard ekstra til regnskogbevaring.

Fram til 2018 har Noreg gitt totalt 8,3 milliardar norske kroner til fondet frå det vart oppretta i 2009. Noreg er største bidragsytar til fondet.

Sidan oppstarten av samarbeidet har Brasil redusert utslepp frå avskoginga tilsvarande nesten 80 år med norske territoriale utslepp.