Håvard Lilleheie hugsar ikkje korleis han feira 20-årsdagen sin, men dimmefesten har han mange kaotiske minne frå.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

Håvard Lilleheie (50) er skodespelar, programleiar og komikar, mellom anna kjent frå barne-tv-serien Labyrint, Snøfall, spelefilmen United og humorprogrammet Manshow.

Håvard Lilleheie er med i årets 24 stjerners julekalender. Foto: Julia Marie Naglestad

I advent er han å sjå i rollene Lillegutt og Skrukke i teaterframsyninga Jul i Blåfjell på Christiania Teater. Han er dessutan aktuell i to julekalendrar på NRK: Snøfall og 24 stjerners julekalender.

Men det låg ikkje alltid i korta at Lilleheie skulle jobbe med underhaldning.

Gøy med gutane

I 1993, då Lilleheie fylte 20 år, var han i militæret i Kirkenes.

– På den tida var det ei borgarplikt. Ein gav staten 12 månader av det unge livet sitt for å eventuelt kunne forsvare fedrelandet på den ytste dag. Det var noko ein berre gjorde. Eg hadde ikkje større tankar rundt det enn at det var eit slags pliktløp, fortel Lilleheie til Framtida.no på telefon.

Likevel fortel han at det tidvis var kjekt å vere i militæret.

– Det kunne vere litt gøy med gutane. På den tida var militæret meir mannsdominert enn det er i dag. Eg møtte raringar frå det ganske land, og det som var fint for meg var at eg forstod at det generelle nivået på den unge mannlege befolkninga ikkje var skremmande høgt. Det burde gå an å få til noko når dette var konkurransen, seier han.

– Men det var mykje søte folk, altså!

Kvardagen dreidde seg mykje rundt militærtenesta. Det var opp klokka 6 og vaske og ordne før dagen byrja. Tenesta var dårleg betalt, og den beskjedne løna gjekk gjerne til ein frosenpizza i ny og ne.

Minnest dimmefesten

– Det eg hugsar aller best frå det året, er dimmefesten. Mest fordi det var heilt galskap, fortel Lilleheie.

Han hugsar at han på eitt tidspunkt hang ut vindauget på ein bil og spydde, på veg til byen. Det var mykje å få utløp for etter eit år i militæret, oppe i det stille Nord-Noreg.

– Eg var ein ung mann med testosteron og ein vilje til å gripe augneblinken. Det vart ein kveld med mykje action. Eg kan hugse mykje veldig rart, fortel han.

«Happy-go-lucky»

Foto: Privat

Etter militæret hadde ikkje Lilleheie klart for seg kva han skulle gjere, eller korleis livet skulle vere. Han såg for seg eit «vanleg» liv med jobb og familie. Foreldra var opptekne av at han skulle få ei trygg utdanning, så han tok nokre universitetsfag på «Blindern», men fann ikkje heilt si retning.

– Eg var nok litt happy-go-lucky. Eg ville ha det gøy, og var nok meir oppteken av kva som skjedde rundt neste sving, enn å planlegge noko framtid, fortel han.

Når han tenker tilbake, gir det meining at livet falt seg som det gjorde, at han enda opp på scene og skjerm.

– Eg hadde nok ein fryktlausheit som hjelpte i starten. Ei evne til å seie «fuck it, vi berre køyrer på». Det er kanskje det, meir enn eit spesielt talent, som har hjelpt meg. Eg har tort og evna å gripe sjansar, seier han.

Møtte EU-motstandar i heisen

Lilleheie var 20 i 1993, då EU-debatten var i ferd med å blåse opp, før avstemminga om norsk medlemskap året etter. 50 år gamle Lilleheie er dermed ein av dei yngste i Noreg som har stemt over saka, påpeiker han.

– Eg prøvde å skaffe meg oversikt over fordelane og ulempene, å vere del av ein gjeng kontra sjølvråderett. Eg hugsar godt at Anne Enger Lahnstein og Gro Harlem Brundtland var høvdingane på kvar si side. Eg følgde debatten, og ein gong då eg møtte Lahnstein i heisen etter at eg var dimittert, kjende eg på at eg vart starstruck, fortel han.

Han hugsar også at det var ei vakker, naiv optimisme i verda etter at Berlin-muren hadde falt.

– Det var ei kjensle av at no er vi alle ein gjeng. Noko som i det lange løp viste seg å ikkje stemme heilt, seier han.

Björk og Schindlers Liste

Av dei store filmane i 1993 hugsar Lilleheie godt Falling Down, What’s Eating Gilbert Grape, og ikkje minst Schindler’s liste.

Han høyrde på Siamese Dream av The Smashing Pumpkins og debutalbumet til Björk.

Evne til skamløyse

– Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville nok tenkt at det var ein heilt vanleg, blid, fin 20-åring, med oppturar og nedturar, men ein bra vilje til å gripe dagen og augneblinken. Eg ville tenkt at han var litt morosam, og at han evna å kødde litt. At han hadde ei slags evne til skamløyse.

– Kva råd ville du gitt han?

– Kanskje å ta fleire sjansar. Eg følte nok at livet mitt gjekk litt langsamt på den tida. Eg kunne gått hardare for det eg ville, tidlegare. Men ein er så forma av alt som er rundt deg, og det er samstundes ein del av meg og min ballast, seier han.

Før eller seinare byrja han uansett med studentrevy. Dei neste stega vart standup, noregsturné, og då han var 26 landa han sin første ordentlege tv-jobb.

– Eg trur nok at eg tidleg kjende ei dragning mot å verte ein underhaldar. Men å sjå for meg sjølv i det, føltest nok litt fjernt i byrjinga, seier han.

– Då eg først byrja å gjere ting på scena, møtte eg folk som var atterhaldne med å satse, fordi dei ville ikkje risikere å «plutseleg ende opp i kassa på Rema». Den frykta for at viss det ikkje funkar, så har du ingenting, den hadde eg nok ikkje. Det er så klart eit element av risiko. Men den verste risikoen du tar, er å ikkje ta nokon risiko, seier Lilleheie.


En ung Zahid Ali med ski og kvit skidress, en voksen Zahid Ali med kvit skjorte.

Til høgre er bokaktuelle Zahid Ali (46) fotografert. Til venstre er meinig Zahid Ali (20). Foto: Per Heimly/Gyldendal, Privat