Dei norske ungdomsdelegatane skal vere stemma til ein halv million norske barn og unge på klimatoppmøtet i Dubai.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Det er veldig overveldande! Det er ekstremt mykje som skjer, og COP-ane har berre vakse seg større og større for kvart år som går.

Denne veka deltar Matilde Angeltveit (24) på sitt fjerde klimatoppmøte i regi av FN, kjent som COP. Ho er ein del av den norske forhandlingsdelegasjonen for andre gong. Som klimaaktivist synest ho det er kjenslemessig krevjande å delta på klimatoppmøta.

– Eg har jobba med dette i nesten ti år. Eg bryr meg jo veldig, det handlar om framtida. Og så ser ein kor vanskeleg det er å få til semje om nesten noko som helst.

Representerer unge

Saman med Amalie Holmefjord (24) skal ho representere Noregs barn og unge på klimatoppmøtet i Dubai som startar denne veka. Dei to er valde inn i den norske delegasjonen gjennom Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). Angeltveit er nominert av Changemaker, der ho tidlegare var nestleiar, medan Holmefjord er nominert av Noregs Ungdomslag.

– I denne rolla skal eg representere over ein halv million norske barn og unge, og over 100 organisasjonar, forklarar Angeltveit når Framtida.no møter ho i samband med ein klimademonstrasjon veka før klimatoppmøtet.

Som ungdomsdelegatar får dei tilgang til interne strategiar, drøftingar og time for time-oppdateringar på kva som skjer. Jobben deira er å formidle vidare det som skjer i delegasjonen til dei unge som er på klimatoppmøtet og å vere eit talerøyr for unge som ikkje er til stades.

– Vi jobbar konkret opp mot forhandlingane og føreslår tekstar. I fjor sat vi til dømes med delegasjonen og føreslo å få ord og setningar med. 

Ho synest det er bra at dei ikkje er bunde av Noregs posisjonar, men har moglegheit til å påverke dei og snakke meir fritt.

I forkant av klimaforhandlingane har dei hatt møte med ulike organisasjonar i LNU og samla informasjon om kva dei ønskjer at dei skal ta med inn i forhandlingane. Dei arrangerer også såkalla «side events» under klimatoppmøtet som har fokus på ungdom.

Tett på forhandlingane

– Eit tips eg har fått er å ha på gode sko. Det er tydelegvis veldig viktig, ler Amalie Eikeland Holmefjord. 24-åringen snakkar med Framtida.no på telefon medan ho førebur seg til sitt aller første klimatoppmøte.

Eit anna råd ho har fått, er å ikkje bli for overvelda, for klimatoppmøtet er stort, og det er mange folk og mykje som skjer på same tid.

– Du må prioritere litt og velje ut kva du vil fokusere på. Det er venta at over 60 000 vil vere innom årets klimatoppmøte.

Sjølv om ho debuterer på COP-scena, har Holmefjord lang fartstid på klimafeltet. Ho har master i Climate Change Management frå Høgskulen på Vestlandet, har vore aktiv i Spire og Framtiden i våre hender og jobbar som miljørådgjevar i Nordland fylkeskommune. Ho har òg vore praktikant i FNs klimakonvensjon. Då ho var på mellomforhandlingar i Bonn som FN-praktikant møtte ho Matilde Angeltveit og vart nysgjerrig på rolla som ungdomsdelegat til COP.

Matilde Angeltveit og Amalie Eikeland Holmefjord under årets mellomforhandlingar i Bonn. Foto: Amalie Eikeland Holmefjord

Holmefjord synest det er ei «ekstremt god moglegheit» å vere ungdomsdelegat, fordi ein får jobbe tett med delegasjonen og har ein fot innanfor.

– Eg vil vere med på å gjere ein forskjell. Det er eit klisjésvar, men det er derfor.

Ho synest òg det er viktig å vere eit bindeledd mellom delegasjonen og sivilsamfunnet.

– Eg kjem til å vere ganske tett på det som skjer. Eg kan ikkje forhandle på noko som helst vis, men kan vere med å kome med innspel.

Ikkje «youth washing»

– Kvifor er det viktig at unge er representert på COP?

– Det er vi som kjem til å kjenne konsekvensane av klimaendringane sterkast. Eg trur òg at mange unge har eit ønske om å sjå endring og å sjå at det skjer ting. Difor er det viktig at vi får vere med i diskusjonen, at vi har ei stemme, svarar Holmefjord. 

Ho er oppteken av at unge må bli lytta til også i vanskelege og tekniske saker, og ikkje berre vere eit symbol. Det er Angeltveit einig i.

– Regjeringa har vore veldig bevisst på ungdomsmedverknad og snakka mykje godt om at det ikkje skal vere «youth washing».

Med det meiner ho at ein ikkje berre skal vise fram at unge er til stades, og så er det alt.

– Dei har vore bevisste på at vi skal sitje i romma når avgjerdene blir tekne og vere med på drøftingane og kunne kome med innspel undervegs. Eg føler at vi har blitt veldig godt involvert. Men det er sjølvsagt opp til oss også å krevje vår plass, understrekar Angeltveit.

Spesiell situasjon

Som deltakar på klimatoppmøtet har Matilde Angeltveit erfart at det kan vere vanskeleg å få til semje om ting.

– Og spesielt no, i den situasjonen vi er i med både Russland-Ukraina-krigen og Palestina og Israel, så kan eg sjå for meg at det blir andre geopolitiske skiljelinjer som eigentleg ikkje har noko med klima å gjere, men som påverkar alt.

Ho trekker fram straumkrisa i Europa som eit døme på korleis geopolitikk påverkar forhandlingane. Då europeiske land opna opp for kolkraftverk på grunn av straumkrisa, førte det til mindre vilje til kompromiss frå fattigare land.

– Dei ser at rike land ikkje held forpliktingane sine. Det går både på at dei ikkje klarar å kutte utslepp, men òg at dei ikkje gir pengane dei har lova å gi. Ein ser verkeleg dei geopolitiske skiljelinjene tydeleg.

Samstundes opplever ho at dei aller fleste land skjønnar at klimakrisa er noko heilt anna, og at ein må greie å samarbeide uavhengig av andre forskjellar og usemjer.

– Klimatoppmøtet er ein av få stadar der Russland faktisk sit side om side med Ukraina og klarar å snakke om noko anna enn krigen som føregår, og til ei viss grad klarar å jobbe konstruktivt.

Vanskeleg menneskerettssituasjon

I år er det Dubai i Dei sameinte arabiske emirata som er vert for FNs klimatoppmøte.

– Det er litt motstridande at det skal vere der, sidan dei er ein stor oljenasjon. Men det er òg viktig at alle land er med på den omstillinga som må skje. Difor er det viktig at dei landa er med her, seier Amalie Holmefjord.

Ho peikar vidare på at det er ein vanskeleg menneskerettssituasjon i landet. I ei pressemelding i samband med klimatoppmøtet, skriv Amnesty International Norge at klimaforhandlingane vil føregå i eit land der styresmaktene gjer seg skuldig i alvorlege og systematiske menneskerettsbrot, slik som undertrykking av ytringsfridomen, forfølging av menneskerettsforkjemparar og utnytting av migrantarbeidarar.

Matilde Angeltveit trur vi får ein liknande kontekst til klimatoppmøtet som då det var i Sharm el-Sheikh i Egypt i fjor.

– Det er ikkje eit veldig fritt og demokratisk land. Du har ikkje eit sivilsamfunn på same måte, og det kjem ikkje til å bli aksjonar og demonstrasjonar og sånn. Det er veldig synd, for det er ein veldig viktig del av klimatoppmøta, seier ho, og håpar at det ikkje er den nye normalen.

Menneskerettssituasjonen gjer òg at dei må vere bevisste på kven som får lov til å vere der og kven som ikkje får lov til å vere der, og kven som tør å seie kva.

– Vi er veldig privilegerte, men vi også skal vere litt forsiktige. Som kvinne kan det kanskje også vere ei utfordring, seier ho om forholda i landa.

I Egypt i fjor opplevde ho at det kjentest utrygt å dra heim frå forhandlingane aleine, noko som kan påverke forhandlingane ved at nokre må ta fleire forholdsreglar enn andre. Men inne på FN-området har ho opplevd at det har vore veldig trygt.

Angeltveit trur Dubai tar klimatoppmøtet seriøst og har lyst til å markere seg på den internasjonale arenaen, men meiner at det også er mykje usagt.

– Eg har snakka med vennar som er redde for å dra på COP eller ikkje tør å dra på COP i år fordi dei til dømes er flyktningar i eit land, og Dubai har veldig mange returavtalar med land som er kjipe. Eg har ein venn frå Sudan som er klimaaktivist som no bur i Tyskland. Viss han hadde dratt på COP, så kunne han bli send tilbake til Sudan.

Ho kjenner transpersonar og andre skeive som synest det er vanskeleg å dra fordi dei ikkje veit kva dei møter. I reiseinformasjonen frå Utanriksdepartementet står det at seksuelle relasjonar mellom personar av same kjønn er forbode i Dei sameinte arabiske emirata og at offentlege LHBT+-personar risikerer å bli arrestert og sikta for andre former for lovbrot, som «usømmeleg åtferd».

– Det vanskeleg å seie konkret kva ein kan gjere, men eg håpar at dette fører til meir mediemerksemd rundt dei tinga og at det kanskje kan ha ein positiv effekt.

Håpar Noreg tar leiartrøya

Når representantar verda over no møtest for å prøve å løyse klimakrisa i Dubai, vonar Angeltveit at Noreg vil ta på seg leiartrøya.

– Eg veit at Noreg har ei heilt unik rolle, for vi er eit demokratisk land som er eit godt førebilete på mange ting internasjonalt. Vi er ein oljenasjon som er veldig avhengig av fossilindustrien i dag, men eg trur vi har alle føresetnadane for å gå i front og vise at denne omstillinga er mogleg og bidra til konstruktivt internasjonalt miljø.