Statsbudsjettet
Sametinget får 20 millionar meir
Sametinget, Samisk høgskole og folkehelseundersøkinga Saminor 3 får auka løyvingar etter budsjettsemja.
SV og regjeringa vart samde om budsjett for neste år, og då vanka det auka tilskot til samiske, skogfinske og kvenske formål, skriv Vårt Land.
– Det er berre å takke SV for at dei har stått på og forhandla fram eit løft til Sametinget og andre samiske formål i budsjettforhandlingane. Dette er gledeleg, seier sametingsråd Runar Myrnes Balto, som representerer Norske Samers Riksforbund (NSR).
Sametinget får 20 millionar kroner meir. Det skal brukast på å dekkje inn ein del av etterslepet hos dei samiske institusjonane, seier Balto.
Saminor er no fullfinansiert etter å ha fått 17 ekstra millionar kroner i budsjettsemja. Samisk høgskole får 7 millionar kroner ekstra.